Politikk

Er det vi som er problemet med KrF?

Vi spør oppriktig: er det oss som klassiske, verdibaserte KrF-medlemmer som er problemet? Er det på grunn av oss fleire KrF-medlemmer melder seg ut av partiet?

Kristian Helland

Tidlegare leiar av Hordaland KrF

Karl Johan Hallaråker

Tidlegare sentralstyremedlem KrF

Det er med mykje undring vi registrerer at fleire profilerte KrF-medlemmer melder seg ut av partiet, og somme av dei går inn i Partiet Sentrum. Simen Bondevik argumenterer med at «partiet har tatt et kraftig steg til høyre – i kristenkonservativ retning – og ikke lenger kan anses som et sentrumsparti».

Er vi problemet?

Vi spør oppriktig: er det oss som klassiske, verdibaserte KrF-medlemmer som er problemet? Saman med store, kraftfulle KrF-lag på Vestlandet, Sørlandet og andre deler av landet, tek vi KrF sine basisparagrafar på alvor: er det dette som er problemet? Er problemet at vi står prinsipielt fast på det klassiske synet på ekteskap mellom mann og kvinne sin forrang i lovverket og at vi framleis meiner at barnet i mors liv har rett til liv? Er det eit problem at KrF meiner at menneskeverdet omfattar både født og ufødt liv?

Så har både vi som skriv dette og partiet vårt elles lært mykje om toleranse og om å skilja mellom ei grunnleggjande prinsipiell haldning og det praktiske politiske arbeidet med saker der vårt parti er i mindretal.

LES OGSÅ: Dagrun Eriksen går til partiet Sentrum

Kristenkonservativ

Kva er problemet med den «kristenkonservative» retninga som vert brukt som grunngjeving for å forlata KrF? KrF har framleis si største kraft i KrF-lag/fylkeslag på Vestlandet og Sørlandet; er det eit problem? Kva andre parti ville tenkja slik? Heller ikkje vestlendingar tenkjer likt om alt. Vi er stolte vestlendingar, men har aldri vore redde for å lytta til andre i partiet om det var geografi, bakgrunn eller anna som skilde i utgangspunktet.

KrF er og skal vera eit kristendemokratisk sentrumsparti. Med KrF sine røter og historie har vi heldigvis eit mangfald langs fleire aksar. Gjennom lytting, sakleg argumentasjon og respekt for demokratisk konklusjon kjem vi alltid styrka vidare.

LES OGSÅ: KrF-veteran redd partiet havner under sperregrensa

Stor skilnad

KrF kan ikkje vera eit smalt parti som berre skulle sjå til venstre. Når profilerte KrF-medlemmer som før har hatt viktige verv i partiet, nå går inn i det nye Sentrumspartiet, skaper det også undring hos oss. Overgangen frå eit kristendemokratisk parti basert på det kristne menneskesynet, det kristne kjærleiksbodet og eit bibelsk basert prinsipp om forvaltning av skaparverket, til eit parti som har FN sitt bærekraftmål som ideologisk basis, er ganske stor! FN sitt bærekraftsmål er viktig, men som partigrunnlag? Vi har store problem med å forstå logikken i eit slikt «bukkesprang»!

Vi er ikkje i tvil om at Kjell Ingolf Ropstad og KrF sine andre statsrådar - Bollestad, Hareide og Ulstein - har kjempa «med nebb og klør» for å få fleire enn 50 av Moriabarna til Norge. Det er lett å ropa høgt om at vi burde ha tatt imot fleire, ja, det meiner vi også! Men eit lite parti i regjering (og attpå til ei mindretals regjering) kan aldri få alle sine ønskje gjennom i eit regjeringssamarbeid med fleire andre parti. Både KrF og andre parti har erfaring med nederlag, men skulle vi snu ryggen til partiet for det?

Tid for samling

Det er med frimod vi fortsatt er med og kjempar for at KrF skal få meir gjennomslag for sin gode verdibaserte politikk. Det såkalla «vegskillet» som vart diskutert og enda med KrF i nåverande regjering, har ikkje endra på KrF sin basis, ideologi og kristendemokratiske identitet. Difor bør alle som er glad i KrF, vera frimodige og fortsetja, ja, auka sitt engasjement både i og for partiet!

Vi er heilt samd med Einar Steensnæs sin kloke kommentar i Dagbladet «Vi har ingen å miste. Dette er ikke tida for å splitte opp i kristendemokratiet. Det er tid for samling.»

LES MER:

Vraker Grøvan fra KrF-listen – Lossius sikret plassen i dramaet i sør

40 i opprop: – Hvis valget var i morgen, ville vi stemt Sentrum

Kjell Ingolf Ropstad ut mot «50 er ikke nok»-kritikken: Hjelper ikke å stå utenfor og rope

---

Fakta:

---

Mer fra: Politikk