Utenriks

Regjeringa vil inkludere større areal for oljeleiting i Norskehavet og Barentshavet

OLJE: Regjeringa foreslår å leggje til 92 blokker i nord til TFO-området og dermed inkludere ytterlegare område i Norskehavet og Barentshavet.

Olje- og energidepartementet har tysdag sendt forslaget på høyring.

– Vi treng stadig nye funn for å vidareutvikle norsk sokkel. I dag har eg derfor sett i gang den årlege konsesjonsrunden der vi tilbyr leiteområde til oljeselskapa, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Dei mest kjende områda på kontinentalsokkelen er omfatta av TFO-rundane – tildelingar i førehandsdefinerte område – og området omfattar i dag størstedelen av Nordsjøen, Norskehavet og ein stor del av Barentshavet sør.

– Det å leggje til rette for nye funn i nord er viktig både for Europa, landet og landsdelen, seier Aasland.

Han understrekar at det i høyringsrunden berre blir bede om innspel på om det har komme ny, vesentleg informasjon som er relevant for avgjerda om kvar det kan vere petroleumsaktivitet i opne, tilgjengelege areal i tida sidan Stortinget behandla dette spørsmålet sommaren 2020.

Departementet vil gjennomføre TFO 2023 i tråd med vanleg tidsplan, som vil seie utlysing med søknadsfrist i tredje kvartal 2023 og tildeling i januar 2024.

Mer fra: Utenriks