Nord-Korea trugar verdsfreden med oppskytingar av rakettar som kanskje kan bere atomvåpen.
Russland driv krig i nabolandet Ukraina.
Samarbeidet i Nato blir sett på prøve av Trump-administrasjonen.
Europa vil stengje flyktning- og migranttrafikken over Middelhavet.
I Norge er det val på måndag. I tre veker har knivinga mellom Erna og Jonas, mellom oppturar og nedturar på meiningsmålingane, prega valkampen.
Frå utkikkstårnet på Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) hadde direktør Ulf Sverdrup gjerne sett at utanrikspolitiske tema hadde kome høgare på dagsorden i årets stortingtingsvalkamp, enn kva som er tilfelle.
«Det er viktig at partienes utenrikspolitikk tydeliggjøres før valget. Men det er minst like viktig at velgerne får klarhet i utenrikspolitikken til de ulike regjeringsalternativene», skriv han på Nupi.no.
Lite land
Asle Toje, utanrikspolitisk kommentator og forskar, dreg på det:
– Eg trur ikkje ordskifte mellom Høgres utanriksminister Børge Brende og han som kan bli Arbeidarpartiets utanriksminister, Espen Barth Eide, ville vore til stor oppklaring. For eigentleg er dei samde om svært mykje. Og ingen av dei ønskjer å rokke ved Norges sjølvbilete.
Medan skattepolitikken er polarisert mellom Høgres skattelette og Aps skatteauke, er synet på Norges plass i verda svært synkron:
– Alle parti meiner Norge spelar ei viktig rolle i verda. I røynda er programma til partia prega av stor mangel på realisme, seier Toje.
Han minner om at «Norge er eit lite land i verda», og at makthavarane i korkje Pyongyang eller Washington bryr seg særleg mykje om norsk utanrikspolitikk.
– Veljarane seier dei etterspør utanrikspolitikk i valkampen. Men dei store partia veit betre. Dei ønskjer ikkje å avgrense eige spelerom ved å vere tydelege i utanrikspolitiske spørsmål, seier Toje.
Frp fryktar IS
Akkurat som ved valet i 2013, har NUPI fått utført ei måling før årets val. Årets tal avdekkjer at:
15 prosent av veljarane fortel at dei er mest opptekne av internasjonal politikk.
For 2 av 3 påverkar utanrikspolitikken partivalet, og for 1 av 4 spelar utanrikspolitikk ei viktig rolle.
Unge er meir opptekne av internasjonal politikk enn eldre.
Frps og Sps veljarar er minst opptelne av internasjonal politikk, mens interessa er størst i Raudt, MDG og Venstre.
Utanrikspolitikk er særleg viktig for veljarar med høg utdanning.
Det er særleg veljarar med låg inntekt som meiner trusselen mot Norge er høg.
Kvinner ønskjer å prioritere klima- og miljøspørsmål, bistand, fred- og forsoning og FN høgare enn menn.
Mange av Frps veljarar meiner at terrororganisasjonar som IS representerer ein høg trussel mot Norge, medan SV, Venstre og MDG meiner det motsette.
LES OGSÅ: Slik ruster partiene seg til ny livssynskamp
Endra truverd
Når NUPI samanliknar 2013-svara med årets svar, ser instituttet at generelt vurderer veljarar på høgresida dei andre partia som lite truverdige, og omvendt. «Dette har endret seg siden en tilsvarende undersøkelse i 2013, da Arbeiderpartiet og Høyre hadde ganske stor troverdighet i utenrikspolitikken også blant sine politiske motstandere», skriv NUPI.
I år er det særleg ytterpunkta på høgre-venstre-skalaen som vurderer kvarandre som lite truverdige. Frps veljarar meiner at Ap, SV, Raudt samt Venstre er svært lite truverdige, medan SVs veljarar meiner at Frp, Høgre og KrF er svært lite truverdige.