Den over 800 år gamle gotiske katedralen i Staffordshire var eit yndig mål for pilegrimar i mellomalderen. No fungerer kyrkja som eit vaksinesenter. Her har hundrevis av i hovudsak eldre menneske over 80 år, stått i kø for å få injisert den nye koronavaksinen frå Oxford/Astra Zeneca.
Innsida av katedralen blir skildra som eit feltsjukehus. Fasilitetar har blitt sette opp inne i kyrkja med eigne venteområde. Det manglar ikkje på assistanse; dekanen i Lichfield seier at tilsette i kyrkja veldig gjerne skal ha ønskte å hjelpe til med massevaksineringa.
Parlamentsmedlem Michael Fabricant skildra det som det mest glamorøse vaksinesenteret i landet.
«I mellomalderen kom dei for kuren. Enno kjem dei i dag», skreiv han på Twitter.
This just has to be the most glamorous vaccine centre in Britain!
— Michael Fabricant 🇬🇧 (@Mike_Fabricant) January 15, 2021
They came in the Middle Ages for the cure.
They still come today. pic.twitter.com/zdENSmNORW

Får vaksinen til orgelmusikk
Liknande gjekk føre seg i katedralen i Salisbury. Også her var tilsette i kyrkja hjelpsame, kor blant anna organistane i katedralen sørga for avslappande orgelmusikk medan folk fekk sprøytevaksinen. Organisten David Halls fortel til The Times at han hadde valt ut musikkstykke av Johann Sebastian Bach til høvet.
— Vi prøvde å sørge for noko fredeleg og roande. Det har vore ei glede å ta del. Vi fekk til og med applaus, fortel organisten.
Dekanen i Salisbury, Nicholas Papadopulos er stolt for å kunne vere med i det livreddande vaksineprogrammet.
— Eg tviler på at så mange får vaksinen i omgjevnadar som er så flotte som dette, seier han til BBC.
Rekordhøge dødstal
I Storbritannia er 4.062.501 menneske no vaksinerte, ifølgje helseminister Matt Hancock. Landet har vaksinert, i forhold til folketalet, meir enn dobbelt så mange som andre europeiske land.
Likevel er landet framleis i ein alvorleg situasjon på grunn av pandemien. Daglig har det dei siste vekene dødd over 1000 britar. Den nye muterte virusvarianten er blitt skulda for å vere til dels ansvarleg for den massive smitteauken i slutten av desember.
No er landet i si tredje nasjonale nedstenging. Talet på nye smitta har falle til halvparten av det høgaste som blei målt i romjula. Likevel må folk førebu seg på å måtte isolere seg ei stund til, ifølge den medisinske direktøren ved Public Health England.
— Sjølv om der er tidlege teikn på at offera våre fungerer, så må vi halde fram med ha strenge tiltak, seier medisinsk direktør Yvonne Doyle til BBC.