Verden

Macron møter Le Pen i presidentduell: – Ingenting er avgjort

Emmanuel Macron sikra seg ei klar leiing over Marine Le Pen i første runde av presidentvalet i Frankrike. Dermed møtest dei to til finale.

– Debatten vi skal ha dei neste to vekene, blir avgjerande for Frankrike og for Europa.

Det sa president Macron i talen sin til veljarane og støttespelarane søndag kveld.

Macron fekk litt over 27 prosent av stemmene, medan høgrepopulistiske Le Pen fekk litt under 24 prosent av stemmene, ifølgje det franske innanriksdepartementet.

Dermed blir det som venta Macron og Le Pen som møtest i andre runde 24. april.

Dei kjempa om presidenttittelen også i 2017, då Macron gjekk sigrande ut.

Omgåande støtte

Etter at prognosane var klare søndag, stilte fleire av presidentkandidatane som ikkje blir med vidare i valet, seg bak den føretrekte kandidaten sin.

Det tok ikkje lang tid før fire av dei andre ti kandidatane stilte seg bak Macron: Kommunistpartiets Fabien Roussel, sosialistpartiets Anne Hidalgo, Dei grønnes Yannick Jadot og Valérie Pécresse frå det borgarlege partiet Republikanarane.

Ingen av dei fekk over 5 prosent i første valrunde. Men dei ligg til saman an til å ha sanka litt over 13 prosent av stemmene.

Zemmour under 10 prosent

Ein annan kandidat frå ytre høgre, Eric Zemmour, ser ikkje ut til å ha klart å stele så mange stemmer frå Le Pen som han kanskje hadde håpa.

Høgreradikale Zemmour fekk 7 prosent og var søndag kveld den einaste av kandidatane som erklærte si støtte til Le Pen.

– Eg tek ikkje feil av kven motstandarane mine er. Eg oppmodar veljarane mine å stemme på Marine Le Pen, sa Zemmour til veljarane og støttespelarane sine søndag.

Inga oppmoding

Venstrepopulisten Jean-Luc Mélenchon sikra seg tredjeplassen bak Macron og Le Pen, med ei oppslutning på knappe 22 prosent.

Han erklærte ikkje direkte støtte til Macron då han talte på valkvelden, men bad folk om ikkje å stemme på Le Pen.

– Vi veit kven vi aldri vil stemme på. Ikkje ei einaste stemme må gå til Le Pen, sa han til veljarane.

Takka

Macron brukte talen sin til å takke dei kandidatane som ikkje gjekk vidare til andre runde og hylla det franske demokratiet.

Presidenten retta ein spesiell takk til dei kandidatane som har sagt dei vil stille seg bak han neste runde.

– Nokre av dei gjer det for å byggje ein mur mot det ekstreme høgre. Eg veit at dei ikkje nødvendigvis støttar prosjektet vårt, og det respekterer eg, sa han.

Orden

I talen sin kom Marine Le Pen med svulstige valløfte.

– Eg skal få orden på Frankrike innan dei neste fem åra, sa ho til veljarane og støttespelarane sine.

Le Pen oppmoda i talen alle som ikkje hadde stemt på Macron i første runde, til å støtte henne i den andre.

– Det franske folket har talt og gitt meg æra av å kvalifisere meg til andre runde mot den avtroppande presidenten. Eg ønskjer å uttrykkje den djupe takksemda mi, sa ho vidare.

Tolv kandidatar

Franske veljarar kunne stemme på heile tolv kandidatar som kjempa om å bli presidenten i landet. Men valkampen har vore prega av at det ifølgje meiningsmålingane i realiteten har vore ein kamp mellom Macron og Le Pen.

For mange av dei andre kandidatane ser valet ut til å bli ein miserabel affære. Det gjeld mellom anna sosialistpartiets Hidalgo og Pécresse frå Republikanarane. Dei representerer dei to partia som inntil valet i 2017 hadde bytta på regjeringsmakta i fleire tiår.

Pécresse ligg på like under 5 prosents oppslutning. Hidalgo fekk rundt 2 prosent av stemmene – historisk lågt for partiet.

Macron hadde lenge ei behageleg leiing på meiningsmålingane, men i innspurten på valkampen krympa avstanden til Le Pen. Han ser likevel ut til å ha gjort det betre i valet enn det meiningsmålingane skulle tilseie.

Valdeltaking

Det var òg knytt stor spenning til valdeltakinga som gjennom søndagen har vore lågare enn ved førre presidentval i 2017.

Oppteljinga søndag viser ei noko lågare valdeltaking enn ved tidlegare val. Vel 25 prosent av dei stemmeføre avstod frå å stemme.


Mer fra: Verden