Religion

Nytt skulesamarbeid mellom lutheranarar og pinsevener

SAMARBEID: Kristen VGS Vennesla har i elleve år vore driven av Filadelfia Vennesla. No inngår dei samarbeid med Normisjon Region Agder.

– Vi representerer ulike kyrkjehistoriske tradisjonar og kyrkjelydsformer, men saman skal vi løfte bodskapen om at Bibelen er Guds ord, seier pastor i Filadelfia Vennesla Geir Stomnås.

Kristen VGS Vennesla går inn i sitt tolvte leveår og har eit breitt linetilbod, med studiespesialisering, påbygg og musikk, dans og drama. Frå og med neste år vil det også vere tilbod om medium og kommunikasjon. Skulen har 35 internatplassar.

Vil knyte pinse- og bedehus-Noreg tettare

Skulen har vore driven av Filadelfia Vennesla. Det nye samarbeidet med Normisjon Region Agder hadde oppstart denne månaden, der eigarskapet vil bli fordelt 60/40.

Allereie finst det samarbeid mellom dei lokale kyrkjelydane. Filadelfia seier dei ser store fordelar også med eit skulesamarbeid.

– Normisjon har eit breitt nettverk og rik kompetanse med omsyn til skuledrift og ungdomsarbeid. Ved å knyte tettare saman nettverka mellom pinse- og bedehus-Noreg trur vi dette vil heve kvaliteten.

– Vi opplever også at vi står veldig likt teologisk og med betydinga vi begge ser med gode skular for barn og ungdom, fortel pastor i Filadelfia Vennesla Geir Stomnås.

Vil heve kvaliteten

Pastoren fortel at elevane ikkje vil merke dei store endringane i skulekvardagen. På sikt håpar dei det vil heve kvaliteten på skulen, auke rekrutteringa og trekke til seg nye medarbeidarar. Skulen vil lyse ut ny rektorstilling neste år.

Administrasjonsleiar for Normisjon Region Agder, Gunnar Urstad fortel at også dei er glade for samarbeidet.

– Vi blei invitert inn og såg dette som ei fin moglegheit. Vi er jo ein stor skuleeigar og har alltid sett betydinga av ungdom- og skulearbeid, samtidig som vi veit at vi verdimessig står veldig nær kvarandre. Her ligg mykje til rette for at vi kan gå inn i eit samarbeid som kan bli veldig bra, seier han.

Jo Arne Hansen Marvik

Mer fra: Religion