– Dei lokale, offentlege skulane er under press både på bygningsmasse og talet på elevar. Me ynskjer å gje sonen vår sjansen til å gå i ei mindre klasse med tettare oppfylging, og eit tryggare og meir transparent læringsmiljø, seier Kenneth Stenbråten.
Han og kona, Elin Stenbråten, er foreldra til ein av dei 17 elevane som vil starte på Stord Kristne Skule om ei veke.
Den nystarta skulen håpar å ta imot sine fyrste elevar om ei knapp veke. Dei ventar berre på den endelege driftsløyva, som dei har fått positive signal om at kjem i løpet av veka.
[ Kun 17 elever på ny kristen skole: – Vanskelig å finne venner ]
Det relativt beskjedne elevtalet, 17 born til saman frå 1. - 7.-klasse, har vekt merksemd. Lokale politikarar og pedagogikkproffesorar har uttrykt uro for om ein med så få elevar greier å sørge for eit godt miljø, både sosialt og for læring.
– Det er store utfordringar med å etablera gode læringsmiljø i skular med så få elevar, seier Thomas Nordahl, professor i pedagogikk ved Høgskolen i Innlandet, til NRK, som fyrst omtalte saka.
– Som forelder ville eg vore veldig skeptisk til å senda ungane mine til ein skule med så lite elevgrunnlag, seier ordførar i Bergen, Marte Mjøs Persen (Ap) til NRK.

Ingenting å stille opp med
Men for familien Stenbråten er det altså det skulen har blitt kritisert for, å ha få elevar, som har vore ein positiv faktor i valet om skule for yngstemann i syskenflokken, Jonah. Den offentlege skulen han gjekk på før er alt bygd ut ein gong, men er framleis pressa på kapasitet, seier faren.
Jonah ser fram til å byrje i fjerdeklasse på friskulen, i same klassa som to gode kameratar.
– Sjølv om det ikkje er tilfelle på Stord har eg somme stadar sett at den offentlege skulen har vekse til å bli ei form for «aula-undervisning». Barn som kanskje slit med å lære i eit slikt miljø har ingenting å stille opp med. Då er det bra å ha mindre skular som sikrar valfridom, meiner trebarnsfaren.
Han trur også både lærarar og foreldre tek initiativ og engasjerer seg på ein annan måte på små, private skular.
At det kjennest som det er kortare veg til leiinga på skulen synest han også er positivt.
Planlegg for vekst
Men Jan-Erik Sundby, generalsekretær i Kristne Friskolers Forbund (KFF), er ikkje uroa over det han høyrer om Stord Kristne Friskule.
– Det er bra å starte med 16 elevar. Eg er ganske sikker på at talet vil auke i åra framover, og at skulen har ei godkjenning for 150 elevar viser at dei planlegg for vekst.
Generalsekretæren seier at fleire friskular har ein trong fødsel, men at av erfaring kjem det ofte fleire til viss det fyrste skuleåret går bra.
KFF har mange medlemmar som har starta i det små, og det minste Sundby kan hugse var ein skule med to elevar.
[ Pinsemenighet starter Hans Nielsen Hauges grunnskole ]
Set inn ekstra tiltak
Friskulelova seier at ein mistar godkjenninga dersom ein skule har færre elevar enn 15 tre samanhengande skuleår, noko som opnar for å starte opp med eit mindre elevtal. Departementet kan også i særskilde tilfelle gjera unntak frå minimumskrava.
Rektor ved Stord Kristne Skule, Ole Henry Halleraker, stadfestar at dei ser for seg å vekse i åra som kjem, men at det tek tid å vinne tillit. Han seier dei er klare over at få elevar fører med seg utfordringar.

– Me har ein erfaren stab som veit kor viktig det er med kvalitet i undervisninga og med eit godt, psykososialt miljø.
Han seier dei vil setje inn ekstra tiltak, som at vaksne er meir til stade under leik, og at dei vil fokusere på inkludering og kommunikasjon.
Til å vera eit samfunn som seier ein tek mangfald på alvor synest eg ein er dårleg til å framelske at det er lov å meine ulike ting.
— Kenneth Stenbråten
– Ganske tøvete
Jan Inge Jenssen er styreleiar ved Oasen Bibelsenter, den største eigaren i Oasen-skolene, seks kristne friskular på Sørlandet.
Han har også vore styreleiar for skulane i fleire år, og har vore med frå starten. Han synest ulempene med å starte ein liten skule er overdrivne.
– Elevar møter andre på same alder på fleire arenaer enn skulen, som til dømes gjennom idrett.
Jenssen seier dei ikkje har slite med at elevane kjenner seg isolerte, og at dei har hatt fleire like små skular som den på Stord, men at alle desse har vokse raskt, og i dag har fleire elevar.
Styreleiaren seier det også er mange fordelar med små skular, som meir merksemd og tid med dei vaksne, og eit tettare forhold til lærarane.
– Kva tenkjer du om kritikken om at kristne skular kan føre til eit «oss»-«dei» skilje?
– Det synest eg er ganske tøvete. Elevane blir utrusta til å møte storsamfunnet. Me er ikkje ute etter å skape utanforskap. Eg er overtydd om at dei 17 elevane på Stord blir framifrå samfunnsborgarar.
Vanskeleg å skilje seg ut
Den eldste sonen til ekteparet Stenbråten har gode erfaringar med å gå på kristen vidaregåande skule, og denne hausten startar også den yngre systera på ein slik skule. At familien si kristne tru også spelar inn i valet, legg Stenbråten ikkje skjul på.
– Til å vera eit samfunn som seier ein tek mangfald på alvor synest eg ein er dårleg til å framelske at det er lov å meine ulike ting. Det er ikkje alltid like lett å vera den som skil seg ut frå resten.
Stenbråten seier seg einig i at 17 elevar er i underkant av det ideelle, men har tru på at elevtalet vil auke etter kvart. Men på spørsmål om han vil la sonen halde fram på skulen om elevtalet ikkje aukar dreg han fyrst litt på det.
– Viss han trivst godt og lærer det han skal ser eg ingen grunn til å ta han ut av skulen.
[ Sylvi Listhaug langer ut mot å tillate flere foreldre enn to ]