Religion

Rekrutterer dei teologiske fakulteta «sine eigne»?

AKADEMIA: Dei to største teologi-institusjonane i Norge har nesten eit århundre med strid bak seg. Den er over no, ifølge studentar og tilsette. Men det er fortsett få MF-arar som jobbar på TF, og motsett.

Som nordmenn har vitsar om svenskar, snakkar studentar ved Det teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo (TF) og MF vitenskapelig høgskole spøkefullt om kvarandre.

(Iallfall TF-arane).

Det er «dei ultraliberale» oppi Blindern-bakken, og «mørkemennene» nede på Majorstua.

– Viss vi ser ei veldig konservativ meining i avisa, kan vi for eksempel seie at personen «sikkert har gått på MF», seier Eilert Aasen spøkefullt.

Eilert Aasen, leder i Teologisk studentutvalg, ved den Teologiske fakultetet i Oslo.

Han lener seg bakover på trestolen i kjellaren på Norges eldste teologiske institusjon. Kapellet på TF er mørkt og steinlagd. Klangen gjallar i veggene.

Aasen er teologistudent, og parerer MF-spøken med at det er lite realitet over desse karikaturane i 2021.

– Også her diskuterer vi barnedåp og om helvete finst. Eg trur samansetninga av liberale og konservative på TF er som i samfunnet elles, og på MF, seier Aasen, studentrådsleiar på TF.

Omstridd teolog(i)

I dag jobbar det éin person på TF med bakgrunn frå MF.

Før vi kan spekulere i om det har samanheng med den konfliktfylte historia, må vi starte med tida like før stridens starta. TF var eigd av staten, og Norges einaste teologiske utdanning.

– TF var konservativt på siste halvdel av 1800-talet. Langt på veg pietistisk også, seier rektor på MF vitenskapelig høgskole, Vidar Haanes, som òg er professor i kyrkjehistorie.

Rektor Vidar Haanes ved MF.

Mot slutten av hundreåret endra derimot noko seg. Éin etter éin tok lærestolane på TF plass av liberale teologar.

Då omstridde Johannes Ording gjorde rekka komplett, vekte det sterke reaksjonar. Professoren Sigurd Odland slutta, og kyrkjestatsråden i regjeringa gjekk av.

MF blei oppretta i protest, og opna dørene i 1908. Fakultetet skulle vere organisasjonanes og forsamlinganes eigen institusjon. Kristenfolket skulle no få utdanne sine eigne prestar.

– Med opprettinga av MF blei kyrkjestriden institusjonalisert. Dei to institusjonane representerte motsetnaden mellom konservativ og liberal, forklarar TF-professor Hallgeir Elstad.

Han har gått det akademiske løpet i kyrkjehistorie parallelt med Vidar Haanes. Éin på TF, den andre på MF.

Teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo.

Det liberale valet

Etter kvart auka oppslutninga om den nye institusjonen. Mindre enn 20 år etter at MF blei oppretta, blei utdanningsstaden større enn TF.

Då lofotværingen Hallgeir Elstad møtte opp utanfor det modernistiske TF ein augustdag i 1984, var det ikkje tilfeldig.

– Eg var ganske bevisst på at det blei TF. I den tida var det sjeldan vilkårleg kva folk valde, seier Elstad, som fortsett held stand på Blindern.

Hallgeir Elstad, professor ved Det teologiske fakultet

Hans lokale sokneprest var utdanna på MF, og råda sambygdingen til det same. Men den tidlege interessa for teologisk litteratur gjorde Elstad viss på at han tilhøyrde ei meir liberal linje.

Den deler han med Kjersti Jåvold Landmark. Ho er teologistudent i 2021 – men har derimot valt MF som sin studiestad.

Liberalt på MF i 2021?

– Eg høyrde at MF hadde ein mangfaldig studentmasse. Sjølv har eg vakse opp i KFUK-KFUM, men ville gjerne møte folk med andre bakgrunnar. Eg tenkte det kanskje var større sjanse for det her, seier Jåvold Landmark.

Sjølv om ho hamna på eit uvanleg lite profesjonskull i teologi, har ho likt godt å studere med folk frå eit breitt lag av Kristen-Norge.

– Det var ikkje sånn at eg nødvendigvis hadde så lyst til å møte mange som er ueinige med meg, seier femteårsstudenten lattermildt.

Kjersti Jåvold Landmark på Kirkemøtet 2020

– Men eg tenker det er viktig å ikkje vere i eit ekkokammer, og møte ulike meiningar og erfaringar, fordi Den norske kyrkja er så mangfaldig, legg Jåvold Landmark til.

Iblant har ho stilt seg sjølv spørsmålet «hadde eg funne min plass betre på TF?» I lys av historia til MF, som tidvis hadde sterk kvinneprestmotstand, ser ho ein ekstra verdi i å vere nettopp der.

– Det er stort mangfald også blant professorane, med tanke på tradisjonar og haldningar. Der kor TF har hatt lenger tradisjon for å undervis om kjønn og religion, så kjem dette seg på MF også.

Spørsmål på repeat

Nesten like sterkt som skiljet mellom liberal og konservativ, trur både professor Elstad og professor Haanes at MF sin nærleik til lågkyrkjelegheita, og TF si tilknyting til universitetet, har markert ein forskjell mellom dei to utdanningsstadene.

MF-rektor sidan 2005, Vidar Haanes, har blitt stilt spørsmål om dagens ulikskapar (og konfliktnivå) mellom dei to institusjonane, som ligg fire steinkast frå kvarandre, «ti gonger i året i 16 år».

– Nokre gonger svarer eg storleiken. Me er tre gonger så store som TF. Av og til svarar eg også at me som høgskule i større grad kan styre vår faglege portefølje og satsingar enn TF kan, som høyrer til universitetet, seier Haanes.

Begge institusjonane underviser no i eit stort spenn av religionsfag, og blir stadig meir internasjonale. Dermed har dei blitt likare med åra, ser kyrkjehistorie-kollega Hallgeir Elstad.

Hallgeir Elstad, bispenominert av Sør-Hålogaland bispedømmeråd, mener han og biskop Tor B. Jørgensen kan være ganske forskjellige når det gjelder sosialetisk engasjement og medieprofil.

– Det har skjedd eit stort generasjonsskifte ved TF. Vi favnar breiare gjennom nytilsetjingar. Og det verkar som tida kor folk var opptatt av MF-TF-skiljet er rimeleg forbi. Det møter ein òg i forsamlingar og blant prestar, seier han.

– For ein del konservative krefter i Kristen-Norge, så er jo ikkje MF heller stuereint lenger. Der har for eksempel NLA og Fjellhaug sterkare organisasjonstilknyting, og ein får eit utløp der.

«Sine eigne»

Nesten halvparten av dei teologisk og religionsvitskapleg tilsette på både MF og TF har storparten av utdanninga si frå institusjonen dei sjølv jobbar.

Begge stadene har mange med utdanning frå andre land.

Men: Det finst få på TF med grad frå MF, og få på MF med grad frå TF.

MF vitenskapelig høyskole, tidligere kjent som Menighetsfakultetet.

Hallgeir Elstad kan ramse opp seks akademikarar med MF-bakgrunn som har hatt karrieren si på TF oppgjennom. Berre éin, Terje Stordalen, er der i dag.

På MF er det fire i 2021. Det kan ha med storleik å gjere, trur Vidar Haanes. Men også:

– Det er ein tendens ved norske institusjonar til at ein tilsett «sine eigne» – ei utfordring som gjeld alle. Ein må ta aktive val frå leiinga for å snu det.

Ved sterke søkarlister er kor ein kjem frå uvesentleg, ifølge Haanes. Rektoren er glad for variasjonen institusjonen hans har fått.

– Me har ønskt denne brytninga me har fått. Kollegiet er prega av respekt og mangfald, og mange verdset arbeidsmiljøet på grunn av ulike ståstader og bakgrunn, forklarar han.

Vidar Haanes, MF

«Litt humoristisk» legg MF-rektoren til:

– Det er viktig å hugse at Børre Knudsen gjekk på TF, mens Gunnar Stålsett gjekk på MF. sjølvsagt har ikkje skiljet vore.

Små forhold

Student Eilert Aasen valde ikkje TF for to år sidan fordi han reknar seg sjølv som spesielt liberal.

Han har ein «vanleg kyrkjebakgrunn», men tradisjonen TF ber med seg, og tilnærminga til liturgi, blei utslagsgivande for valet hans.

– Eg sette opp begge på søkarlista, men er kjempenøgd med å gå her. Det er eit lite miljø, som gjer at du kjem på førenamn med forelesarane, som kan spør korleis helga di var.

Eilert Aasen, leder i Teologisk studentutvalg, ved den Teologiske fakultetet i Oslo.

Sjølv om han og medstudentane vitsar om dei konservative MF-arane, veit han at begge plassane er samansette.

– Eg trur forskjellane prega professorane våre tydelegare enn oss – dei som vitna debattane om homofili og kvinnelege prestar den gongen.


Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Mer fra: Religion