Religion

Fann brennbar væske i kjellaren – mistenkjer at Fjågesund kyrkje blei forsøkt påtent

POTENSIELL BRANN: Ingen er mistenkte etter nesten-brannen i Fjågesund kyrkje i Telemark i september. Det nye varslingsanlegget i kyrkja kan ha redda ho frå større skader.

12. september gjorde det nye brannvarslingsanlegget i Fjågesund kyrkje jobben.

Kort tid etter at det oppstod røyk i kjellaren, blei brannvesenet, tilsette og naboar varsla på mobilen.

Det kan ha redda kyrkja frå å ikkje bli skadd av flammane, som raskt kunne utvikla seg meir.

– Eg har mine tankar, som er vanskelege å stadfeste, men eg mistenker at då alarmen gjekk i kyrkja, og lyden av sirenene kom, så kan dei moglege gjerningspersonane ha blitt skremt bort, og ikkje fått følgt opp brannforsøket, seier kyrkjeverje Kristen Salmelid i Kviteseid sokn.

Helte væske nedi luka

Politiet har no styrka mistanken om at kyrkja blei forsøkt tent på, skriv Vest-Telemark blad.

Dei oppdaga nemleg brennbar væske nedi krypkjellaren under golvet i Fjågesund kyrkje.

– Utvendig på grunnmuren på gamle kyrkjer finst luftventilar, som hos oss ser ut som ei feiarluke med jerndør, om lag 20 gonger 20 centimeter. Det har vore nok til å få brennbart materiale innunder kyrkja, som politiet har funne tydelege spor av både utvendig og inne.

Fjågesund kyrkje / kirke i Telemark

Fjågesund kyrkjes nye brannanlegg har eit system kor røyra «sniffar» etter røyk. Røyken frå kjellaren blei raskt slått alarm om.

– Vi er veldig glade for at det ikkje kom nokre brannskadar på kyrkja, seier kyrkjeverje Salmelid.

– Den største skaden kom ved at brannvesenet måtte lage hòl i golvet i kyrkja etter kvart, for å kome seg betre ned i krypkjellaren og sløkke heile brannen.

Kyrkjeverja er likevel glad for at brannvesenet gjorde det, og oppryddingsarbeidet er i gang. Kyrkjerommet og orgelet har fått mykje støv frå at ein saga med motorsag i den hundre år gamle leira som isolerer golvet. «Storreingjering» kallar Salmelid det som går føre seg.

Mistenkjer ikkje auka fare

Kviteseid-kyrkjeverja opplever at politiet har tatt saka på alvor. Foreløpig er det ingen mistenkte for ugjerninga. Det er ikkje noko teknisk i kyrkja som skulle tilseie at det hadde utløyst tilløp til brann, fortel Salmelid.

Utover at brannanlegget fungerer godt, og at kyrkja har innbrotsalarm, har ikkje soknet sett i verk fleire tiltak. Politiet vil ikkje seie til Vest-Telemark blad om dei har innført sterkare vakthald eller liknande.

Fjågesund kyrkje / kirke i Telemark etter tilløp til brann

– Er du uroa?

– Det ser det ikkje ut til å vere grunn til. Eg trur dette er eit enkeltståande tilfelle, men ein kan aldri vere heilt sikker. Men vi har ingen teikn til at nokon er ute etter kyrkja, eller er imot kristendommen på ein slik måte at dei ville tent på kyrkja, seier Salmelid.

– Eg opplever at folk føler seg trygge, og er takksame for at kyrkja står der like fin i dag som for 100 år sidan.

Trur på god trend

På spørsmål om KA, som organiserer kyrkjelege verksemder, har tal på korleis Den norske kyrkja (DNK) ligg an med å installere nyare brannanlegg i kyrkjebygg i Norge, er svaret:

– Vi er i ferd med å analysere ferske tal på dette. Vi er ikkje heilt i mål enno, men det vil overraske oss viss vi ikkje ser ei viss utvikling i riktig retning når det gjeld brannsikring av kyrkjer, skriv kommunikasjonsdirektør Trygve Jordheim i ein e-post.

Det har blitt delt ut pengar frå ulike kjelder til dette formålet dei siste åra, fortel han, og legg til at det har vore stor merksemd om temaet branntryggleik, særskilt i samband med brannen i Notre-Dame-katedralen i Paris.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Mer fra: Religion