– Eg trur vi har ein tsunami framfor oss. Ein tsunami av menneske som blir sittande fast i porno, seier Vineyard-pastor Torbjörn Freij.
Han snakkar på eit nettmøte mellom representantar frå ei lang rekke kristne organisasjonar i Sverige, som den svenske avisa Dagen var til stades på.
– Utbreidd problem
I møtet deltek blant anna folk frå Evangeliska frikyrkan, Equmeniakyrkan, Svenska alliansmissionen og den svenske pinserørsla. Initiativtakaren bak er Johanna Lindhult frå Frälsningsarmén. Ho er del av verksemda Starta om, som jobbar med å hjelpe dei som er blitt avhengige av porno til å komme seg ut av det.
– Mange menneske kontaktar oss og vil ha hjelp. Våre samtalegrupper er nesten alltid fulle, seier ho til svenske Dagen. Det er denne erfaringa som er bakgrunnen for at ho har teke initiativ til å starte det nye nettverket.
Ifølgje Lindhult ser 96 prosent av alle 16-årige gutar, og 56 prosent av alle jenter i same alder på porno av og til.
– Det er truleg også eit problem i kyrkja, seier ho.
Samanheng med sexkjøp
Lindhult koplar bruk av porno til sexkjøp, og viser til at mange av dei kvinnene som Frälsningsarmén tek imot gjennom sine tilbod er offer for menneskehandel.
– Gjennom å sjå på porno på nettet, så vener ein seg til det å konsumere eit anna menneske for eiga nyting. Til slutt blir et ikkje urimeleg å kjøpe eit anna menneske, seier ho.
– Pornoindustrien bryt ned menneske – på begge sider.
Det økumeniske samarbeidet mot porno er heilt nystarta, men framover våren planlegg dei å gjennomføre eit digitalt seminar for forsamlingsleiarar og ungdomsleiarar.
[ – Porno er en form for dop. Det er urovekkende at det ikke blir tatt mer på alvor ]
Utfordring til norske politikarar
Vårt Land omtalte i fjor ein rapport frå Redd Barna som viste at mykje av pornoen dei møter på nettet er aggressiv, valdeleg og nedlatande mot kvinner. Då utfordra foredragshaldar Bergitte Viste i Tro & Media politikarane til å ta grep.
– Porno blir sjeldan teke opp i skulen som del av seksualundervisninga. Vi må få det inn som ein del av utdanninga av lærarar, helsepersonell, helsesjukepleiarar, sexologar og folk jobbar i barnehagar, sa ho til Vårt Land.