Religion

Kjersti Toppe om gudstenester på NRK: – Flott, rett og rimeleg

GUDSTENESTER PÅ NRK: Trus og livsynsministeren påpeikte under Arendalsveka at det er grunnlovsfesta at Den norske kyrkja skal vera den norske folkekyrkja. – I det ljoset er det heilt flott, og rett og rimeleg at NRK kan ha slik sendingar, seier Toppe.

NRK har teke imot både ris og ros etter at det blei klart at NRK skal sende direktesende gudstenester kvar sundag denne hausten. Human-Etisk Forbund kritiserer NRK for «favorisering av eitt livssyn», og meiner rikskringkastaren bør vera livssynsnøytral for å vareta alle innbyggjarar.

Under ein debatt i regi av Den norske kyrkja under Arendalsveka måndag var trus og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp) og internasjonal direktør i Kyrkjerådet i Den norske kyrkja, Berit Hagen Agøy, inviterte til å diskutere spørsmålet: «Noreg – eit livssynsope eller livssynstomt samfunn?».

Arendalsuka arrangerast i år frå 15. til 19. august. Her samlar aktørar frå politikk, samfunns- og næringsliv seg til debattar og ulike arrangement.

Samtala blei leia av kommentator i Vårt Land, Emil André Erstad. Han spurte dei to toppane om kva dei tenkjer om at NRK skal sende gudstenester kvar sundag, noko begge var tydeleg positive til.

– Det står i Grunnlova vår at Den norske kyrkja skal vera den norske folkekyrkja. I det ljoset synest eg at det er heilt flott og rett og rimeleg at NRK kan ha slike sendingar, sa trusministeren.

– Betyr mykje for folk

Ho fortalde at ho i vår var tekstopplesar under ei påskegudsteneste i Salhus kyrkje som blei sendt på NRK.

– Eg blei overraska over kor utruleg mange som såg på påskegudstenestene og eg har fått tilbakemeldingar frå mange ulike menneske i etterkant.

Viss blir slik at ein ikkje kan sende gudstenester på fjernsyn i Noreg fordi det er diskriminering av andre, så blir det lett eit livsynstomt samfunn.

—  Kjersti Toppe, trus- og livsynsminister

Ho nemner også at dei TV-sende påskegudstenestene har blitt nominerte til Tro & Mediers pris «Medierosen».

– Det seier litt om at dette betyr mykje for mange folk, seier Toppe, og fortel at dette er noko ho har tatt med seg vidare.

Agøy i Kyrkjerådet meiner kritikken om at forkynning skal ut av det offentlege handlar om at mange har det ho kallar ei gammaldags førestilling om at forkynning handlar om å manipulere eller påverke på ein utidig måte.

Kirkeskipet på Arendalsuka! Vi spør: Norge – et livssynsåpent eller livssynstomt samfunn? Stortinget ønsker et livssynsåpent samfunn, så hvordan hindre at det blir livssynstomt?
Deltakere:
Statsråd Kjersti Toppe, Senterpartiet
Berit Hagen Agøy, internasjonal direktør i Kirkerådet og styreleder i Norges Kristne Råd
Samtalen ledes av kommentator i Vårt Land, Emil André Erstad.

– Viss me ikkje skal eksponerast for at folk uttrykkjer trua si både i gudstenester, gjennom diakonale handlingar eller på andre måtar så held oppe me eit gammaldags førestilling om at forkynning er fy-fy, sa Agøy.

Muslimsk fredagsbøn på NRK?

På spørsmål frå Erstad om samtaledeltakarane ser for seg at NRK i tida framover også vil opne for at andre livssyn og trusuttrykk får sleppe til, var Agøy tydeleg på at ho ynskjer både muslimsk fredagsbøn og buddhistiske ritual velkomne hjå allmennkringkastaren.

Også Toppe svarar ja på spørsmålet, og seier det er ein del av å vera eit livssynsope samfunn. Samstundes understrekar ho at det også er viktig å respektere retten til å ikkje tru.

– Men viss det blir slik at ein ikkje kan sende gudstenester på fjernsyn i Noreg fordi det er diskriminering av andre, så blir det lett eit livssynstomt samfunn der ein er redd for å diskriminere andre at ein ikkje tørr å leggje til rette for tru og livssyn i storsamfunnet vårt. Og det tenkjer eg blir det verste av alt.


Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Mer fra: Religion