Religion

Pastor kalla kyrkjelyden «gjerrig» fordi dei ikkje kjøpte luksusklokke til han

USA: Amerikansk pastor kalla kyrkjelyden sin gjerrige, fattige og blakke under ei preike fordi ingen hadde kjøpt ei luksusklokke til han.

– Er eg ikkje verdt McDonalds-pengane dine?, spurte ein amerikansk pastor kyrkjelyden sin.

Bakgrunnen? Det hadde gått om lag eitt år sidan han hadde fortalt «flokken sin» at han ynskte seg ei luksusklokke av merket Movado, utan at han hadde fått den.

Han hadde til og med sagt ifrå kva butikk den gjekk an å få tak i klokka. Saka er omtalt av The Guardian.

Då var det tydelegvis ikkje att unnskyldningar for at luksusklokka framleis glimra med sitt fråvær på pastor Carlton Funderburkes handledd, ifylgje han sjølv.

For kyrkjelyden fekk ei tordentale i mot seg, der dei blei kalla både gjerrige, fattige og blakke fordi dei ikkje hadde «heidra han» med klokka han ynskte seg.

– Er eg ikkje verdt din Prada?

– Er eg ikkje verdt din Louis Vuitton? Er eg ikkje verdt din Prada? Er eg ikkje verdt din Gucci?, sa pastoren under preika si og ramsa opp ei rekkje luksusmerkje, i tillegg til restaurantnamn.

– De veit at eg bad om ein i fjor. Her er me i august, og eg har den framleis ikkje, seier han i eit klipp som har gått viralt på videodelingstenesta TikTok.

@kansascitydefender

Kansas City Pastor GOES OFF on congregation calling them "poor, broke busted and disgusted" because they didn't give him enough money to buy a new watch he's been wanting. It's pastors like these that give the church a bad name smh an also why a lot of our generation left the church. What y'all think? 🤔

♬ original sound - kcdefender


Funderburke er pastor i kyrkja «Church of the Well» i Kansas City.

Unnskylde

Denne veka unnskylde Funderburke seg i ein video publisert på Facebook. Her seier han at preika hans er «utilgiveleg» og at den «ikkje reflekterer hjartet mitt eller mine kjensler overfor Guds folk».

Vidare seier han at det er ein kontekst som ikkje kjem med i klippet som gjekk viralt, men at han innser at ingen kontekst vil vera tilstrekkjelieg for å kunne forklare smerta han har forårsaka.

Pastoren seier han har sagt unnskyld til dei han står ansvarleg overfor, og at han har teke imot korreksjonar og instruksjonar frå dei.

– Eg har også privat sagt unnskyld til kyrkja vår, som har gitt meg kjærleik og støtte. Eg unnskylder til alle som har blitt såra, sinna eller på nokon måte skada av mine ord.


Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Mer fra: Religion