Offentlegheita sin tilgang til Frelsesarmeen sitt arkiv har til no vore relativt avgrensa. Frelsesarmeen ønskjer å sikra bevaringa av det mangfaldige arkivet sitt, og gjera det meir tilgjengeleg for både forskarar og allmenta. Misjons- og diakoniarkivet ved Vid skal digitalisera delar av arkivet, og gjera det tilgjengeleg på nett skriv dei i ei pressemelding.
– Dette arkivet inneheld mykje spennande materiale som fortener meir merksemd, seier Silje Dragsund Aase. Ho er arkivleiar ved Misjons- og diakoniarkivet ved Vid Stavanger, og var nyleg i Oslo for å førebu overføringa av Frelsesarmeen sitt arkiv.
Sterke kvinneskikkelsar
I Oslo har Frelsesarmeen to store arkiv med materiale som strekkjer seg heilt tilbake til Frelsesarmeens etablering i Noreg i 1888.

Blant skattane i arkivet trekkjer Dragsund Aase mellom anna fram informasjon om Othilie Tonning, leiaren av Frelsesarmeen sitt sosiale arbeid frå 1898. Det var ho som introduserte Frelsesarmeens julegryte og julegrana på Universitetsplassen i Oslo.
– Ho hadde kortklippa hår, røyka visstnok sigar og gjekk i herreklede, seier ho.
Forskingsleiar i Frelsesarmeen, Marta Maria Espeseth, set spørsmålsteikn ved kva som skjedde med desse sterke kvinneskikkelsane, som vart meir og usynlege i leiarposisjonar i Frelsesarmeen. Når materialet er på plass i Vid Misjons- og diakoniarkiv, vil dette kanskje vera noko ein kan forska på.
Nasjonal bevaringsinstitusjon
Misjons- og diakoniarkivets har sidan 2020 vore nasjonal bevaringsinstitusjon for misjon og diakoni, kristne kyrkjer og organisasjonar. Den siste tida har dei overteke arkiva til Bibelselskapet, Signo og Strømmestiftelsen.

På det som blir kalla Misjonsmarka i Stavanger blir 5000 hyllemeter med skriftleg og anna materiale oppbevart etter forskriftene for all framtid.
– Alle som forvaltar arkiv med kulturhistorisk verdi bør sørgja for at arkiva ikkje blir øydelagde av fukt, mugg, skadedyr, vatn, eller brann. Arkivmagasina våre har klimakontroll og er sikra i samsvar med forskrifta til Riksarkivaren, påpeikar Dragsund Aase.
Misjons- og diakoniarkivet melder at dei framleis har god plass i magasina sine dersom fleire aktørar ønskjer arkiva sine ivareteke.
KPK