Religion

Har tilsett ny kyrkjetopp i Trondheim

DEN NORSKE KYRKJA: No er ny domprost tilsett i Nidaros, etter at Ragnhild Jepsen slutta i stillinga for å bli biskop.

Ragnhild Jepsen blei vigsla til biskop i Bjørgvin 16. april, og dermed blei hennar tidlegare stilling som domprost i Nidaros ledig.

I dag har bispedømerådet i Nidaros bestemt kven som skal ta over stafettpinnen etter Jepsen.

Prost i Hønefoss kirke Kristin Moen Saxegaard. Hun bruker mye tid sammen med familien som bor i kirkeasyl.

Kristin Moen Saxegaard (55) er ny domprost i Nidaros. Ho kjem frå stillinga som prost i Ringerike.

– Det er veldig triveleg å være ynskt. Eg fekk vita om instillinga som kom i førre veke, så eg var litt førebudd, men det er noko anna no når det er bestemt, seier Saxegaard til Vårt Land.

– I pressemeldinga frå bispedømet kallar dei stillinga du no skal inn i for «ei av dei mest profilerte leiarstillingane i Den norske kyrkja». Kva tenkjer du om å skulle inn i ei slik stilling?

– Det er store ord, og det er ei leiarstilling på ein annan måte enn det å vera prost i Ringerike. Både fordi det er ei domproststilling, ogfordi det er i Nidaros. Det er noko spesielt med det, men det er ei utfordring eg er klar for, seier Saxegaard.

Ho byrjar i den nye stillinga 1.oktober.

Får preses som nærmaste leiar

Ein prost er leiar for prestetenesta i eit avgrensa, geografisk område, i dette tilfellet sentrale bydelar i Trondheim. Nidaros domprosti har nasjonalheilagdomen Nidarosdomen som hovudsete.

Kvart bispedøme i Den norske kyrkja har ei domkyrkje, og prostiet der denne ligg blir leia av ein domprost. Denne personen er vikar når det trengst for biskopen i bispedømet, og har difor ei særstilling i høve til prostane elles.

Saxegaard får preses Olav Fykse Tveit som nærmaste overordna. Preses er nemleg biskop i Nidaros bispedøme, med Nidaros domprosti som sitt særlege tilsynsområde.

Den siste tida etter at Jepsen blei biskop i Bjørgvin har Andreas Hilmo Grandy-Teig vore konstituert domprost i Nidaros.

Må rekne med direkte tv-sendingar

I stillingsutlysinga var dei ei lang smørbrødliste med eigenskapar ein såg etter i ny domprost.

Dei ynskte ein strukturert person med evne til å inspirere og oppmuntre medarbeidarar og med gode strategiske evner.

I tillegg blei det lagt vekt på at Nidarosdomen har ei særstilling i det norske samfunnet som nasjonalheilagdom og pilegrimsmål, og at domprosten derfor har sentral oppgåver knytt til nasjonale hendingar og ved offentlege besøk og mottakingar.

Her påpeikar ein at ein må rekne med direkte tv-sendingar, og at ein derfor har sett etter «ein leiar med språk-teft, gode formidlingsevner i det offentlege rom og god teologisk og liturgisk kompetanse».

Desse ville ha jobben

Det var fleire som ynskte seg jobben som domprost, og i tillegg til Saxegaar stod desse på søkjarlista:

  • Thomassen, Dagfinn (62), Prost i Orkdal.
  • Holte, Margit Lovise (50), Sokneprest i Ulstein.
  • Meisal, Silje Kristin (40), Assisterande prost i prost i Strinda, Heimdal og Byåsen.

I ei pressemelding skriv bispedømerådet i Nidaros at alle dei fire kandidatane var godt kvalifiserte til stillinga, og at dei har valt å ikkje rangere dei utover å tilby stillinga til ein av dei.

Skal flytje

Kristin Moen Saxegaard

Saxegaard har hus og familie på Ringerike, men skal no leite etter bustad i Trondheim, fortel ho til Vårt Land.

Huset blir ikkje selt med det fyrste, og ho kjem til å reise litt fram og tilbake mellom dei to stadane på fritida.

– Det blir viktig å finne ein god balanse, seier prosten, som ser fram til nye utfordringar.

Nye prostar blir som regel innsett til teneste i ei gudsteneste der biskopen er til stades.

Det er foreløpig ikkje sett ein dato for innsetjingsgudsteneste for Saxegaard, opplyser kommunikasjonsrådgjevar i Nidaros bispedøme, Tone Gullaksen.



Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Mer fra: Religion