Religion

Porsche fjerna Kristus-statue frå reklame: – Dei burde skamme seg

BEKLAGAR: Porsche ber no om unnskylding for å ha fjerna landemerket i reklamevideoen.

Knytt til 60-års jubileumet for Porsches modell 911, har bilmerket nyleg komme ut med ein reklamevideo. Motivet er ein luksuriøs Porsche som køyrer langs fjella, forbi 25.april-brua i Lisboa. Frå denne vinkelen kan ein vanlegvis sjå den ikoniske Cristo Rei-statuen – men ikkje i reklamevideoen. Der er den redigert bort.

På Twitter har det gått varmt i kommentarar som kritiserer Porsche. Ein av brukarane kaller seg Luis Costa Jr.

– Wow og det er ei nydeleg statue å sjå personleg. Eg køyrde på den brua og det er verkeleg fantastisk. Eg markerer Porsche av lista over fremtidige kjøp. Dei burde skamme seg!

Porsche beklagar

I ei uttale til Mail online, ber ein talsperson frå Porsche om unnskylding, skriv den britiske avisa Daily Mail.

– I en tidlegare opplasta versjon av 911 S/T lanseringsfilmen, blei eit landemerke fjerna. Dette var ein feil, og vi beklagar for alle krenkingar forårsaka. Den originale filmen er på nett no.




Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Mer fra: Religion