– Eg lurer jo på kva som gjer at ein 16-åring tenkjer at det å ta kvelartak på nokon når ein skal liggje med nokon er heilt ok, når dette ikkje er samtykka til. Kor får ein det frå når ein knapt har hatt sex?
Det spørsmålet stiller Ida Vesteraas, som er fagkoordinator og ungdomsdiakon i Den norske kyrkjes samtaletilbod 13–20.
Nyleg kom det fram at 1 av 4 ungdommar rapporterer å ha blitt utsett for seksuell vald, som er ei dobling frå sist ei liknande undersøking blei gjennomført.
Tala i forskingsrapporten samsvarer med det ungdommane snakkar om, og det statistikken til 13–20 viser, ifølgje Vesteraas.
Ho fortel at organisasjonen er overraska over mangelfull kunnskap blant ungdom om grenser og seksuell vald.
– Vi opplever at ungdom tar kontakt med oss etter at vi har snakka med dei, og seier at det dei trudde berre var ei dårleg seksuell erfaring, i realiteten var eit overgrep, seier ho.
Eg lurer jo på kva som gjer at ein 16-åring tenkjer at det å ta kvelartak på nokon når ein skal liggje med nokon er heilt ok, når dette ikkje er samtykka til
— Ida Vesteraas, fagkoordinator og ungdomsdiakon i 13–20
Trur hovudsakleg auken kjem av fleire rapporteringar
Tala kjem frå ein studie av Velferdsforskningsinstuttet Nova. Den baserer seg på UngVold-studien som tidlegare har blitt gjennomført i 2007 og 2015.
Prosjektleiar Lars Roar Frøyland fortel at det er fleire måtar ein kan tolke tala på. Ein moglegheit er at fleire faktisk har blitt utsett for seksuell vald. Ein annan er at ein gjennom eit annleis samfunnsklima og for eksempel «Metoo» har fått eit språk til å snakke opnare om dette.
– Det siste kan jo også henge saman med at ein rett og slett har fått eit anna blikk for kva det er å bli seksuelt krenkja.
Kva som er grunnen til auken kan ikkje forskarane avgjere, men han fortel at dei trur det hovudsakleg handlar om ein auke i rapporteringar, fordi inga vesentleg kulturendring har skjedd, og at andre liknande studiar tyder på det same.
– Vi antar vel eigentleg at det er ein kombinasjon, men at det først og fremst er rapporteringane det handlar om. Men det gjer det jo ikkje noko meir hyggeleg når det gjeld funnet, for det betyr jo i så fall at det alltid har vore sånn.
Unge fortel om grovare overgrep enn før
I tillegg til å vere eit samtaletilbod, har hjelpeorganisasjonen 13–20 undervisning for konfirmantar og skuleelevar, der dei blant anna snakkar om grenser og seksualitet. Ungdomsdiakon Vesteraas trekker fram at dei også er opptatt av å snakke med ungdom om pornografi, då dei har sett ei utvikling dei siste åra.
– Overgrepa vi høyrer om i dag har fleire tilleggslovbrot som skjer i samband med overgrepet. Det kan vere fridomsfråtaking og at det er meir tvangsprega. Ein er kanskje bunden fast, det er mykje meir vald undervegs – ikkje berre seksuell vald, men slag og kvelartak. Og det er ein av grunnane til at vi også synest det er viktig å snakke med ungdom om porno.
Vesteraas og kollegaane hennar blir overraska over mangelfull kunnskap blant unge.
– Det kan vere mange grunnar til at ungdom ikkje skjønner kva dei har vore utsett for. Samtidig blir vi overraska over at det nokon gonger verkar som dei ikkje har fått god nok informasjon, seier ho, og legg til:
– Men det er ikkje slik at alle ungdommar som kjem hit og snakkar om dårlege seksuelle erfaringar har vore utsett for et overgrep.

Spørjande til kulturen i dag
Anne Louise Skoland er dagleg leiar i stiftinga Vake, som er eit kyrkjeleg ressurssenter mot seksuelle overgrep. Primært rettar tilbodet seg mot vaksne, men knytt til arbeid retta mot ungdom, utarbeider dei for eksempel materiell til å lære opp leiarar i lokale kristne miljø.
Mange som kjem til dei for å få hjelp i etterkant av eit overgrep, er vaksne som opplevde krenkinga i ungdomsåra.
– Me er på lik linje med veldig mange andre kanskje litt spørjande til kulturen i dag. Me lurer på om ungdommars grenser blir utfordra av ei ny tid, der me kan få det meste inn i stovene våre, og om det er med å flytte grensene for ungdommane, seier Skoland.
Likevel ser også Vake ein meir positiv trend, som kan samsvare med det forskar Frøyland trekk fram som grunn til auken av rapporteringar.
– Tradisjonelt har jo veldig mange som har vore utsett for overgrep venta veldig lenge før dei seier noko. Og der trur me kanskje at det er ei endring, at ein raskare seier frå, og raskare kjem til erkjenninga at «dette var ikkje greitt», og set namn på det.
[ I flere år skammet Kathrine seg over hemmeligheten om moren ]