På fredag bestemte Økokrim seg for å ikkje opne ei etterforsking av aksjehandelsaka til Erna Solberg og Sindre Finnes. I ei omfattande framleggjing presenterte Økokrim-sjef Pål Lønseth sitt syn, og sa at Finnes hadde krav på å bli vurdert som uskuldig.
Tidlegare har Finnes fått kritikk for å spekulere i aksjar som satsa på at den norske økonomien skulle gjere det dårleg, same tida som næringslivet sleit i møte med covid-pandemien.
– I eit tillitsperspektiv blir dette problematisk, men ikkje juridisk.
Det seier Anders Torvill Bjorvand. Han er administrerande direktør for selskapet Kommunion som utviklar programvare, og som har ein tydeleg kristen profil.
Han seier det Finnes har gjort er ein av fleire måtar å «vedde mot» økonomien på.
– Det er heilt vanlege, finansielle instrument som balanserar jaget etter at ting går oppover. Den balansen treng me.
Han forklarar med eit døme:
– Når aksjar går ned, går vanlegvis gull opp. Eig du begge delar skaper du ein balanse og dynamikk i portefølja di.
Dette kan overførast til ein større skala, altså er det nyttig for marknaden at det finst slike verktøy, forklarar Bjorvand.

– Høyrest mykje værre ut
Han har tillit til at Økokrim si vurdering av at Finnes ikkje har gjort noko kriminelt stemmer.
– Det ein kan spørje seg om er om det han har gjort er noko som byggjer tillit? Berre det at ein må stille det spørsmålet er eit problem, meiner direktøren.
Han peikar på at statsministeren treng at alle kan kjenne at ho representerer dei.
I ein pandemi der mange slit økonomisk, er kanskje ikkje det luraste med tanke på tillit til statsministere at ektemannen prøvar å tene pengar på at norsk økonomi går trått.
– Men juridisk og teknisk er det liten forskjell på det Finnes har gjort, og om han hadde selt seg ut av eit restaurantselskap for å investere i selskap som produserte hygieneprodukt eller hev- og senkpultar til heimekontor under pandemien. Men det høyrest mykje værre ut at han tener pengar på at ei næringa gjer det dårleg gjennom såkalla shorting av aksjar, seier Bjorvand.
Ola Grytten: – Kan diskuterast og kritserast
Også professor ved Noregs handelshøgskole, Ola Grytten, har tillit til at politiet har gjort jobben sin i undersøkinga av Finnes.
– At Finnes vedda mot norsk økonomi under koronaepidemien kan eg heller ikkje sjå at skulle vera straffbart.
Han meiner dei aller fleste innan finans og økonomi forstod at pandemien kom til å innebera problem for økonomien, Finnes inkludert.
– Men om det var lurt eller bra av ektemannen til statsministerens å opptre på den måten kan både diskuterast og kritiserast. Men det har ein då verkeleg gjort allereie.
– Kanskje er det på si plass å la både Sindre Finnes og Erna Solberg få litt pustepause no, spør Grytten.