Elias Solsvik (20), bror min, slappar av i senga si på internatrommet sitt.
Saman med unge kristne frå heile landet har han gått på Bibelskolen Fjellhaug, ein bibelskule drive av Misjonsambandet.
Som dei fleste av venane hans, og fleire familiemedlem, gjer gjekk han på bibelskule som eit friår mellom vidaregåande og utdanning for å verte tryggare i trua.
Før dette året, gjekk han på Framnes Kristne Vidaregåande skule, ein internatskule i Norheimsund, og året etter har han gått på Helgeland Folkehøgskule.

«For meg var kristenbobla heile verda, mens for verda var det ingenting», fortel han.
På bibelskulen gjekk det opp for han at kristennoreg var mindre enn han hadde trudd og han fortel at han følte at alle hadde ein link til alle i miljøet.
Han skildrar kristenbobla som trygg og god og fortel at folk tenkjer likt, snakkar likt og at til og med humoren er ganske lik i denne bobla.
«Ein vert ikkje så veldig utfordra når ein er i kristenbobla og ein kan få eit slags kutursjokk når ein ser korleis majoriteten av samfunnet tenkjer når møter det sekulære samfunnet», fortel han.
---
Min båt er så liten
Matilde Solsvik er ein 23 år gamal norsk fotojournalist og dokumentarfotograf frå Øygarden, utanfor Bergen. Matilde Solsvik er utdanna ved Bilder Nordic School of Photography i Oslo og har jobba i Vårt Land, men er no nynorskpraktikant i NRK i Førde.
I mars 2023 vann Matilde Solsvik to prisar under Årets Bilde-utdelinga. Ho vann prisen som Årets Nykommar for prosjektet Min båt er så liten og første plass i Åpen Klasse for prosjektet Bobla, kvar ho utforska sitt forhold til sine eigne besteforeldre og møtet mellom den yngre og den eldre generasjonen. I prosjekta hennar utforskar ho tema som religion, kultur og identitet.
---
Las meir om fotoprosjektet Min båt er så liten her.
Kvar veke vil Vårt Land denne hausten og på nyåret publisere nye bileter frå Min båt er så liten. Biletene kjem kvar fredag, på vl.no og på Instagram. Du kan sjå dei same biletene i papiravisa på laurdager. Sjå dei andre bileta vi har publisert, her:
«Ein smak av noko eg aldri ville vore foruten»
