Ei lett skodde har lagt seg rundt Framnes Kristne vidaregåande skule. Blåtimen er på veg og vindauga frå internata skin som små gule lys på avstand.
På eit stålbrett ligg nokre få fiskekaker og siste resten av makaronien. Middagen er akkurat ferdig og gangane er fylt med lyden av ungdom. Nokre gutar ertar kvarandre litt og nokre jenter himlar med auga, før jentene går for seg og gutane for seg.
– Heihei, velkommen!
Olene Refve Mong står smilande i døropninga til peisestova. Framfor ho står eit bord med fleire titals telefonar, og bak står ein lang kø med jenter. Dei sjekkar telefonane, sender ein snap hit og dit før dei legg den frå seg og går inn i stova.
No skal fokuset vere på å «ta av maska», be saman og rette blikket oppover, når dei samlar seg i sine faste grupper i Søstrene.

Søstrer i Kristus
– Lat oss starte med at alle ber kvar for oss som vi pleier, seier Refve Mong til tenåringsjentene.
Rundt i rommet står over 100 jenter med folda hender, mange med lukka auge og ber.
I eit anna rom er gutar samla og gjer det same, dei kallar seg Krigarane.
– Eg kjente tidleg at det nok var ein del elevar som gjekk ut av skulen utan å vere skikkeleg rotfesta i trua.
Refve Mong og mannen starta Krigarane og Søstrene for snart to år sidan, eit år etter dei kom til Framnes utan å heilt vite kvifor dei hadde enda opp der. No trur ho at Gud plasserte dei der for å starte dette.

– Mange hadde ikkje erfart å vedkjenne synd og bli fri, og leve med Jesus som Herre i livet sitt.
Ho har sjølv erfaring frå huskyrkje og meiner at å komme saman i mindre grupper og dele livet er ein god praksis. Ho fortel at ho ikkje meiner at det var drive dårleg på Framnes før. Mange kom på møta, men ho sakna noko meir livsnært.
– Dei siste ti åra har det jo nesten ikkje blitt talt om synd, og mange går rundt og ber på ting utan å vete at det er synd dei ber på.
Så høyrde ho om eit opplegg som heiter Krigarane, som den tidlegare studiekameraten Andreas Kjøndal hadde starta for sine elevar på internatskulen KVS Lyngdal.

– Eg hadde høyrt at det var ei gutegreie Andreas gjorde for å komme inn på livet deira.
No har konseptet Krigarane og Søstrene vakse og spreidd seg til internatskular, bibelskular og folkehøgskular rundt i landet. På fem år har Krigarane spreidd seg til 24 stader og Søstrene til rett under 20.
Det ser litt annleis ut frå skule til skule, men felles er at det er eit forpliktande, frivillig fellesskap der dei kjem saman for å få undervisning, opne opp om livet og be saman.
Skal krige for kvarandre
– Gud vert meir ekte, når eg ser at så mange møter opp kvar tysdag og vil snakke om han.
Lea Andersland (18) går i tredje klasse på Framnes og er «storesøster», som vil seie at ho er leiar for ei av søstergruppene.

– Søstrene har betydd mykje for meg. For det første har eg fått litt andre typar relasjonar. Det er ikkje sånn at ein treng å vere med dei kvar dag, men det er fint å vete at vi har kvarandre i ryggen.
– Vi skal backe kvarandre, stå saman og krige for kvarandre.
Kvar samling startar med undervisning om eit aktuelt tema i 20 minutt. Denne hausten har dei mellom anna lært om bøn, nåde, kjærast og grenser, synd og syndsvedkjenning. Målet er å «ta av maska» og å leve ærlege liv, difor er den største delen av samlinga sett av til samtale og bøn i gruppene.
Å vere ærleg
På Framnes går undervisninga mot ei avslutning. Jentene snur stolane mot kvarandre for å dele sine tankar og det dei har opplevd i livet og truslivet sidan sist. Denne delen har vore viktig for Lea.
– Eg får eit større syn på korleis Gud er når eg ser korleis han verkar i andre sine liv også.
Saman med dei andre søstrene deler dei både det gode og det vanskelege som skjer i livet.
– De er gutar for seg og jenter for seg, kvifor er det så viktig?
– Eg trur ikkje jentene hadde vore så ærlege, om ein hadde vore miksa.
Lea meiner det er fordi gutar slit med same ting og jenter med same ting.
– Eg hadde kanskje lurt på om ein gut ville forstå meg, eller om dei ville tenkje noko dumt.
Ein open generasjon
– Eg prøvar å undervise det eg skulle ønske at eg lærte då eg var ung.
Andreas Kjøndal er lærar på KVS Lyngdal. I 2019 starta han mannsgruppa Krigarane.

– Eg hadde gått ei stund og kjend på at eg skulle starte noko for gutane.
Han fortel at han opplevde eit kall frå Gud til å starte eit bønefellesskap der gutane kunne be saman, få undervisning og vere ærlege om livet.
– Folk går rundt og ber på ting, og har mykje press på innsida og syns det er vanskeleg. Og når vi får opna døra litt og litt, så vert det ein heilt anna fridom og kjærleik til kvarandre.
Han vil at krigarane skal vere ein arena der ein tek av maska.
– Eg ser at veldig mange unge er klare for å berre vere ærlege.
I Krigarane håpar han at han kan møte gutane der dei er.
– Eg merkar at dei er svoltne etter å verte betre menn, der prøver vi å vere med å hjelpe med god undervisning, bøn og openheit, fortel læraren.
Fokus på tilgjevinga
– Det er ei grunnleggjande einsemd i livet når du går og skjuler ting, fortel Kjøndal.
– Det er ikkje tvang om å dele noko privat. Ein må ikkje dele detaljar, men ein kan dele tema for kva det gjeld. Etter kvart vil det vere lettare å opne seg opp.

Kjøndal fortel at ved å vedkjenne syndene høgt til Gud og menneske, vert ein sett fri.
– Ein vert fri frå mykje tankekøyr, fri frå skam og ein får djupare venskap og meir kjærleik. Og så er du friare til å gjere det du skal i livet, i staden for å halde klumpen i magen nede.
Han håpar at Krigarane skal vere ein arena der ein kan «ta av maska», vedkjenne syndene sine, tvilen sin, smertene sine og «løgntankane», men han fortel at dette ikkje er det einaste fokuset.
– Krigarane er mykje meir enn syndsvedkjenning, men det er nok der vi skil oss mest ut.
Kjøndal fortel at dei vedkjenner synd fire-fem gongar i året, men legg til at det er størst fokus på tilgjeving og det å vekse som mann og som kristen.
– Det er veldig store og vanskelege ting som vert tatt opp og det er unge leiarar, kan det vere ei utfordring?
– Ja, sjølvsagt. Og det kjem an på korleis ein underviser. Hos oss er det eg som gjer det mest, og eg er jo avgrensa. Alle er jo det, men så opplever eg at Bibelen gir veldig gode svar på dei fleste menneskelege problem, og vi ser frukter av dette.
Etter han starta Krigarane, meiner Kjøndal at han ser ei endring blant elevane, og det trur han også andre merkar.
– Dei ringjer oss frå bibelskular rundt omkring og spør om kva vi har gjort med elevane våre, fordi dei meiner dei er annleis. Og det er jo fantastisk, smiler han.
Krigarar 24/7
Ein av skulane som har starta med konseptet er Bildøy Bibelskule, som er eigd av Indremisjonsforbundet (Imf).
Kvelden har senka seg over bibelskulen og inne i stova sit gutar i gruppene sine på kveldens krigarsamling. Dei ser på skjermane til kvarandre. Ein viser fem timar med skjermtid, ein annan over seks. Dei har fått undervisning om skjermbruk og sit saman og reflekterer rundt spørsmål dei har fått utdelt på eit ark.
– Eg vil sei at krigarane sette gnisten i trua mi, og så har det forandra meg heilt sidan, fortel Steinar Sugustad (18).
Han har gått på to forskjellige internatskular på vidaregåande, og han var med i Krigarane båe stader. Han fortel at han opplevde trua si som svak før han starta i Krigarane, men at konseptet har gjort ho sterk. Når han høyrde at dei hadde Krigarane på Bildøy, var det med å avgjere at han takka ja til skuleplassen.

Saman med kompisane sit han i ei sofagruppe. Det vekslar mellom latter og alvor i samtalen. Ved sida av han sit Caspian Boström (20). Han fortel at dei har snakka om tematikkar som pornografi og forhold til jenter, tematikkar han meiner mange gutar har same problem med.
Steinar er einig og fortel at det er vanskeleg nok å opne seg for gutane, men at når ein gjer det er det veldig fint.
– Når ein deler tinga med gruppa, så finn ein kanskje ut at mange slit med det same. Då vert det lettare å finne ut av det saman.

I gruppa vert dei einige om at dei skal sjekke mobilbruken til kvarandre neste samling, for å bevisstgjere kvarandre på det dei har snakka om.
– Eg har blitt ein meir ærleg person etter tre år med krigarane.
Steinar fortel at etter tre år som krigar har han blitt forandra.
– Det er fokus på at vi skal vere krigarar 24/7 og ikkje berre ein time, ein dag i veka.

Volumet i rommet senkar seg og fleire av gruppene har starta på det som kallast «runden», der dei skal dele om livet og be for kvarandre.
– Kva er denne krigen?
– Det kan vere mange ting. Det er mange ting vi slit med. For eksempel det vi snakka om i dag; mobilbruk. Det å vere bevisst på kva ein brukar telefonen til og kor mykje ein brukar den, det er ein kamp 24/7, fortel Steinar.
Lettare å vere mann
I ei av dei andre gruppene sit Samuel Fiskerstrand (18) og vippar litt på stolen. Han meiner at Krigarane har gjort det lettare å vere mann.
– Vi får oppdaga ein del nye ting ved oss sjølv som kan vere veldig verdifullt både for trua og for den mentale helsa.
I undervisninga har dei mellom anna snakka om farsforhold og det å vere ein god mann i Kristus. Ein anna viktig del av løpet i Krigarane, er undervisinga om og praksisen av syndsvedkjenning, noko Samuel meiner er viktig.

– Å vedkjenne synda for Gud, gjer at ein blir tilgjeve. Men ved å vedkjenne for medmenneske så vert du lækt.
– Opplever du det sjølv?
– Eg opplever det veldig sterkt akkurat her på Krigarane, mykje sterkare enn eg har opplevd det før.
Han fortel at han har snakka om syndene sine med vener før, men at det var annleis då.
– Ikkje heilt ærleg, alle korta på bordet og maska av slik som her på Krigarane. Og her har eg følt at eg verkeleg har blitt sett fri frå skulda eg ber på.
---
Krigarane og Søstrene
- Eit frivillig fellesskap starta av Andreas Kjøndal i 2019 for gutane på internatskulen KVS Lyngdal
- Spreidde seg til å verte bønegruppa Søstrene for jentene og Krigarane for gutane
- Har samlingar ein time i veka med 20 min undervisning og rundt 40 minutt fokus på å opne opp om livet og å be saman.
- Har spreidd seg til 24 stader rundt i landet. Dei fleste gruppene er på internatskular (VGS), bibelskular og folkehøgskular.
---
Kan verte usunt
For rektoren på Bildøy Bibelskule, Andreas Evensen, har det vore viktig at konseptet går føre seg på ein god måte. Han fortel at det var eit dilemma om dei skulle sleppe dei heilt fri, eller vere med i alle detaljar og unngå at noko som helst usunt skulle skje.
– Korleis kan dette verte usunt?
– Når nokon opnar seg, så kan ein dele litt for mykje, litt som eit vitnemøte som går litt av skoften. Eg trur det kan skje, og at ting kan verte delt vidare, sjølv om gruppa har tausheitsplikt.
I tillegg påpeikar han at det kan verte feil fokus.
– Og så kan det verte slik at ein graver seg ned i driten.
– Kan det bli for mykje fokus på synd?
– Ja, det kan bli det. Sjølv om det ikkje er det som er hensikta.
Rektoren fortel at det kan gå feil veg og bli slik at ein deler for å dele.

– Men det er ikkje poenget. Vi vedkjenner fordi vi trur vi vert tilgjevne. Vi prøvar å tenkje at ein deler det ein ynskjer, og går det veldig djupt så bør ein jo snakke med ein lærar.
Men sjølv om han meiner ein bør snakke med ein lærar om det vert vanskeleg, trur han at ein ofte kan undervurdere ungdommane og at dei taklar meir enn det ein ofte tenkjer.
– Det kan verte litt for trygt og då vert det ikkje noko utvikling.
Han fortel at han meiner kristne leiarar kan la seg inspirere av dei yngre og tørre å opne seg opp litt meir.
– I mi tid var ein meir oppteken av å «briefe» med kva ein kunne frå Bibelen enn å dele livet slik som det var. Det har skjedd ei kulturendring, fortel han.
Bibelskulestemning på Framnes
Tilbake på i peisestova på Framnes sit jentene i ringar spreidd utover og ber.
– Håpet er at på Framnes får ein så mykje input at ein kan få ei stabil tru, eller huset bygd på fjell, seier Lea.
Ho håpar at gruppa hennar kan vere med å få folk til å få ei tryggare tru, men også at det vert tryggare sosialt på skulen. Ho fortel at ho merkar forskjell på tida då det ikkje var Søstrene på Framnes og etter det vart starta.

Som storsøster fortel Lea at ho av og til kan føle på press til å vere ein god kristen.
– Du set deg i uventa situasjonar, for alt kan jo bli spurt om.
– Føler du deg klar til å ta i mot det vanskelege som søstrene deler?
– Det er både og. Det spørst heilt kva det er, men eg trur eg føler meg klar om eg har noko eg kan svare. Nokre ting er ekstra tungt der eg ikkje har peiling på kva eg skal sei.
Ho fortel at ho ikkje alltid føler ho gjer ein god jobb, men ho fortel at sjølv om ho har tausheitsplikt, så har dei ei leiargruppe ho kan gå til. Der kan ho komme om det vert ekstra tungt.
Ein forandra skulekvardag
– Då eg kom tilbake til Framnes no som miljøarbeidarar, så kjente eg på ei forandring som har skjedd i miljøet, fortel Eline Hellesøy (20).
– Eg er einig, legg Sigrid Skårnes Håland (19) til.

Saman med Sara Nilsen jobbar dei no på Framnes, to år etter dei sjølv gjekk der og dei har eit overordna ansvar for Søstrene.
– Dei er i ei tid no, på vidaregåande, der det er mange jenter som er usikre på seg sjølv og har sine ting dei slit med; løgntankar, samanlikning og sorg.
Sara er engasjert når ho fortel om Søstrene.
– Og vi som leiarar får lov å snakke Guds ord til dei og dei kan finne sin sanne identitet i han, seier ho.
– Det er fantastisk, legg Sigrid til.

Dei tre jentene fortel at det har vore ein vekst på Framnes og at det no er kult å gå «all inn» for Jesus.
– Ungdommane har ein svolt etter å søkje Gud meir. Dei er alltid gira på å ha møte og lovsong oppe i alt.
Sara opplever at ungdommane vil gi livet sitt for Jesus.
– Eg føler det er meir bibelskulestemning på Framnes enn då eg gjekk der, legg Sigrid til.
A-lag og B-lag
– Denne hausten har det starta 115 jenter på Søstrene og nesten ingen har slutta, fortel Olene Refve Mong med stort engasjement.
Ho legg til at det er rundt 50 jenter som ikkje er med.
– Kan det skape eit slags A-lag og B-lag?
– Det var nok den største frykta blant lærarane som ikkje vart med på Søstrene, svarar ho.
Ho fortel at det sjølvsagt er ei fare for at det kan skje.
– Samstundes kan ikkje det vere eit hinder for dei som verkeleg ynskjer å leve slik. Dette er livet og dette er det eg trur liknar på det fellesskapet Gud har skapt for oss til.

Krigen mot livet
Ei og ei gruppe opnar auga og rettar opp ryggen.
– Kva er denne krigen?
– Det er jo eigentleg livet generelt, fortel Lea.
Stille listar jentene seg mellom dei som framleis ber. Snart er det berre tomme stolar igjen.
– Alle opplever tunge ting og fine ting og så treng ein folk rundt seg som ein kan vere ærlege med og som har lyst å vere med å be for dei og snakke med dei.
– Då kan vi vere med å krige for kvarandre.