Han er meir eller mindre ferdig med preikene til både julaftan og første juledag.
Det er sundag morgon, og gudstenestefri, når Vidar Mæland Bakke likevel opnar kontoret sitt i Gand kyrkje i Sandnes.
Her fungerer han som sokneprest, etter at han slutta i landets einaste valkyrkjelyd, Bymenigheten.
Det blei nyleg kjent at DELK-prest Benjamin Anda overtar prestestillinga der til våren. Seinare fortel Bakke om kvifor han anbefalte Anda, og trur han er rett mann for ei annleiskyrkje.
Men no er det altså to dagar til Bakkes første jul som sokneprest i lokalkyrkja sentralt i Sandnes.
– Viss ein vil, så kan ein hente så mykje i denne vesle forteljinga, seier han om tekstarbeidet.

– Eg elskar eigentleg julaftan og første juledag, legg han til.
Sjølv har Bakke hatt tradisjon for å sitte i kyrkjebenken i akkurat denne kyrkja første juledag. I Gand er gudstenesta første juledag vel så viktig som dei tre på julaftan, påpeiker han.
Må ‘halde på hestane’
– Eg var nok litt skrekkslagen då eg var nyutdanna, og tenkte «korleis i all verda skal eg klare å finne nye ting i desse tekstane som kjem igjen år etter år?».
År etter år kjem Lukas si forteljing om Jesu fødsel tilbake. Bakke hugsar at han måtte spørje eldre kollegaer i starten av yrkeslivet. Den unge presten lurte på korleis det var mogleg: Å ikkje gå i sirkel, å ikkje bli keisam – og å ikkje bli lei av seg sjølv, i møte med dei same tekstane.
– Og så er det ei deilig oppleving, etter kvart som eg blir eldre, og forkynner meir og meir, at det kjem nye ting i Bibelen.
– Om det er eg som har gløymt ting eg har sagt, eller om det er Den heilage anden som gir nye ting … seier han og humrar.
Snarare har problemet blitt det motsette.

– Det er meir at eg må halde litt på hestane. Her er det så utruleg mykje å gripe fatt i. Det er noko av det gøyaste med å vere prest.
Gud kjem til dei avviste
Lyset er avslått på kyrkjekontoret i Gand gjennom desember. Lysslynger, som kveilar seg over takflata, gir ei stille og ei ro til ei tid som utanfor er heseblesande og materiell.
Tysdag kjem kyrkja til å vere fullstappa, tre gonger. Inn i juleforteljinga går Bakke med Josef sitt blikk. Eit blikk litt på utsida av forteljingas midtpunkt, eit blikk som kanskje ber preg av skam, der han står i stallen der familien enda opp.
Josef hadde jo også fått besøk av ein engel som hadde fortald at noko spesielt skulle skje. Men då han og Maria blei tilvist til høyet og krybba og dyra, trur Bakke han kan ha opplevd seg avvist, av storfamilien og av naboane, kanskje til og med Gud.
– Men så blir det rommet forvandla til ein stad kor himmelen kjem ned, seier han.
Ting skjedde ikkje etter boka. Men det var i det rommet Gud kom.
– Stallen er dette rommet som verda vår er. Det er mykje motløyse og uro, det er mykje som gjer oss redde. Dette er også heilt dagsferskt.
Så til å avslutte julepreika si, har Bakke skrive ein ny song.
Den har han kalla «Josefs jul».
---
Josefs jul
Tekst og melodi: Vidar Mæland Bakke
Dette rommet som byens folk bød oss i natt
var et tegn, trodde jeg, på at vi var forlatt
Dette rommet, symbolet på vår fattigdom,
der selv dyrenes krybbe lå naken og tom
Dette rommet ble bolig for himmel på jord
Krybben ble til en seng, bærer barnet, din bror
Dette rommet jeg skammet meg over, er nå gjort til tempel for Gud,
mer enn jeg kan forstå!
Ære være Gud, du lille
Ansiktet ditt lyser stille
Lyser over oss med nåde
Jesus, la din fred få råde!
Dette rommet er livet vårt, stedet vi bor
Krybben er kirken som bærer barnet, vår bror
Dette rommet, vår jord full av uro og splid
rommer håp om forsoning om lysere tid
---
Er nyateismens tid forbi?
Det har gått ein del år sidan Vidar Mæland Bakke gav ut boka Disippelrytmer. Men, i førebuinga til dette intervjuet, plukka underteikna opp ein omtale som følgde med utgivinga.
Dette var «(...) lavmælte fortellinger til postmoderne mennesker som er lei av overfladiskhet og det uegentlige», sa ho. Kva tenker han sjølv om kristen tru i tida vi lever i?
– I postmodernismen er det veldig mange brotstykke og forteljingar. Alt kjem i spel. Det tenker eg gir eit stort rom for den kristne bodskapen.
– Det er ein lengsel etter det store narrativet, den store forteljinga, ho som kan gi meining. Di historie, som kan virke komplisert, med sorger og skuffelsar, ulukker og tragediar, har ein plass i ei større forteljing.
– Det heng saman. Det har ein start. Det har ein slutt.
Bakke trur også at nyateismens suksess på 2000-talet er litt passé. At Jesus og kristendommen gir noko tydeleg å leve for, trur han appellerer.
– Eg trur ikkje det er tilfeldig at mange snakkar om at unge menneske er i ferd med å finne ei tru – og at det skjer noko i den generasjonen nå. Dei som er under 25 er kanskje mer opne enn nokon gong.
– Og det byrjar vi å sjå litt spor av, seier han, og fortel at dette er noko kollegaer på tvers av forsamlingar og kyrkjetilhøyre snakkar om.
Eg er konservativ på mange måtar. Men eg må ikkje slå folk i hovudet med det eg meiner er rett
— Vidar Mæland Bakke
– Kan gå ille viss vi ikkje held fast på noko
Samtidig ser Bakke utfordringar med å vere prest i ei tid kor så mykje er oppstykka.
– Eg kan bli redd vi glepp – at vi mistar ting som vi har lyst til å halde fast på.
Men det finst òg ei grøft på motsett side, meiner presten. At vi lar oss overtyde nokre narrativ, og går inn i lukka rom med dei.
– Ein går gjerne litt bombastisk inn i ei historieforteljing og blir i ho. Og ein blir redd for alt som luktar av andre retningar.
Bakke erkjenner at han sjølv er ein del av dette.

– Eg er konservativ på mange måtar. Men eg må ikkje slå folk i hovudet med det eg meiner er rett. Eg må øve meg på korleis eg snakkar om dei store tinga, som eg er veldig trygg på, og som eg meiner er viktig for oss.
Han meiner at Den norske kyrkja må øve seg på to ting: både nåden og sanninga. Å tørre å seie at det finst noko som er sant, men at nåden kjem først – og opnar rommet.
Derfor anbefalte han Anda
Vidar Mæland Bakke har gjennom sine ti år som prest i valkyrkja Bymenigheten markert seg i enkelte spørsmål. Blant anna var han med på å starte Frimodig kirke, eit nettverk med eit klassisk kristendomssyn.
Bakke har ofte definert seg sjølv som ein del av lågkyrkjelegheita, og meiner at ei valkyrkje som Bymenigheten må få vere annleis. Slik breier ho ut Den norske kyrkja, og forklarar noko av den unike tradisjonen han fekk gå inn i:
– I Bymenigheten hadde dei ofte ei forventning om at ei preike nesten kunne vere som ein bibeltime. Eg gjekk inn i den tradisjonen som fanst for å utfolde eit tema og halde på ei stund, seier han.
No er det Benjamin Bjørnsen Anda som i mars tar over annleis-kyrkjelyden. Det var Bakke sjølv som anbefalte arvtakaren.
Gand-presten ønsker ikkje å snakke lettvint om opplevingane enkelte kan ha hatt i møte med Anda sin reservasjon mot kvinnelege prestar i Møre bispedømme, kor han jobba fram til han meldte overgang til kyrkjesamfunnet DELK.
Bakke trur det er blitt gjort gode vurderingar i forkant av tilsetjinga og comebacket til Den norske kyrkja (DNK).
– Han er veldig relasjonell. Når ein får moglegheit til å bli kjent med Benjamin, er han ein mann mange får djup respekt for, og som folk vil høyre på. Eg opplever han som ein dyktig prest. Det har eg tenkt vil vere ein gåve for Bymenigheten.
Bakke trekk òg fram Andas forkynningsevne, og trur han vil få utfalde seg som lærar.
– Vi møter kvarandre i eit ønske om at det skal vere rom for klassisk teologi i DNK. Samtidig er Anda òg veldig opptatt av misjon og evangelisering. Det er stikkord som har vore veldig viktige for Bymenigheten.