
– Eg arva dette av broren min si svigermor. Ho sydde, vaska, og sette opp pipekragar. Mannen hennar laga utstyret ho trengte. Jernet er ein modifisert loddebolt. Dette er spesielt utstyr, seier prest Sylvi Baardseth Panjwani til Vårt Land, medan ho viser fram ein rund tregjenstand og ein medhøyrande lang, tynn jernsak med leidning.
Utstyret brukar ho til å stryke pipekragen sin.
Nede i krypten i Gamle Aker kyrkje heng eit stort måleri av Theodor Dop – den første soknepresten i Gamle Aker kyrkjelyd, etter at soknet vart skild ut i 1861. Han ber ein svart prestekjole med ein kvit pipekrage rundt halsen – ein klassisk prest på 1800-talet.
Til venstre for Dop heng fire litt mindre bilete av dei fire siste sokneprestane. Baardseth Panjwani heng fint i midten, og held ein pipekrage i den eine handa, akkurat som ho gjer no.
Moteplagg på 1500-talet
Pipekragen var opphavleg mote for kvinner og menn i den europeiske overklassen på 1500- og 1600-talet, men vart også brukt til samarien (den svarte prestekjolen) av protestantiske prestar i Norge og Danmark. Danske prestar brukar pipekrage framleis.

Men i Norge i 1980 innførte Den norske kyrkja nye reglar for prestedrakter, og pipekragen gjekk ut av bruk her til lands – nesten. Ein gjekk bort frå den svarte samarien, som var ein embetsdrakt, til albaen, som er eit liturgisk plagg. For dei prestane som var ordinert før dei nye reglane kom, kunne velje å behalde den karakteristiske kragen.
I dag er det nokså uvanleg å sjå ein norsk prest med pipekrage – ikkje minst ein kvinneleg prest.
Oppteken av kvalitet
Baardseth Panjwani fortel at ho på 1970-talet var aktiv i arbeid med å fornye gudstenesta, mellom anna i Experimentale, forløparen til Kirkelig Kulturverksted.
– Me heldt til i Bogstadveien kapell. Prest Olav Hillestad, far til Erik Hillestad, var leiar for arbeidet med fornying. Her prøvde me ut nye formar for gudstenester. Det var ei eksperimentell kyrkje når det gjeldt liturgi.

Ho høyrde altså til blant dei som var med å modernisere DNK, og ein skulle kanskje då tru at ho var ein av dei første som ville kaste seg over dei nye prestedraktene då dei kom i 1980.
Men Baardseth Panjwani såg fort ein ting med den nye prestedrakta – ho hadde ikkje den same kvaliteten som den gamle.
Baardseth Panjwani var rundt desse tider også ein teologisk konsulent for dei i Kirkelig Kulturverksted som dreiv med kyrkjetekstilar. Her såg ho også stor skilnad på kvaliteten på den gamle og den nye prestedrakta.
– Tekstilkunstnarane likte ikkje desse masseproduserte kunststoff-albaene. Dei tenkte «skal mitt kunstverk hengast på dette?». Seinare har det komme større variasjon i kvaliteten, men det var ikkje det i byrjinga. Eg tenkte derfor at eg kunne fortsette med den gamle embetsdrakta litt til, fortel ho.
Eit stikk mot kvinneprestmotstandarane
Kollegaene hennar kvitta seg raskt med den gamle drakta, det var på mange måtar enklare med den nye. Men det viste seg at dei som tviheldt på den gamle drakta også var dei mest konservative.
Det var kvinneprestmotstandarane.

– Då tenkte eg «nei, dette skal ikkje vere eit slikt plagg. No har me endeleg fått kvinnelege prestar, og då skal kvinnene få lov til å gå i det som har vore plagget gjennom generasjonar», seier Baardseth Panjwani.
Å behalde den gamle prestedrakta var slik også eit lite stikk mot dei konservative mennene, sjølv om det ikkje var hovudgrunnen bak, fortel presten.
Seinare vurderte ho fleire gonger om det var på tide å gå over til den nye prestedrakta, men slik vart det aldri.
– Då det også var såpass få som fortsette med den gamle drakta, tenkte eg at det kan vere eit særpreg med meg, seier Baardseth Panjwani.
– Utstyret må ikkje kastast
Den kvite pipekragen vert lagt oppå tregjenstanden og Baardseth Panjwani viser korleis ho må stikke jernsaka med leidning ho kallar strykejernet, inn i dei små hola for å få kragen til å bli stiv. Dette må gjerast etter vask, når kragen framleis er våt og full av stivelse, fortel ho.

– Må du stryke kragen for kvar gong du brukar den?
– Å nei, nei, nei. Å bevare meg, seier ho og fortel:
– Det er spørsmål om kor ofte den vert vaska. I og med at eg ikkje har kragen rett på halsen, så er det klart at det tar tid før han blir skitten. Når eg ser at han må vaskast, då er det jo å vaske han på 60 grader i vaskemaskin.
Det spesielle pipekrageutstyret er hovudgrunnen til at ho kan halde fram med å bruke pipekrage. Utan det måtte ho sendt kragen til stryking i Danmark, slik dei andre som ber pipekrage gjer, fortel den pensjonerte presten.
Kva som skjer med strykeutstyret i framtida, er uvisst.
– Det må ikkje kastast i alle fall. Det er såpass spesielt, seier Baardseth Panjwani.