Jobben som sjukehusprest har endra synet ho har på dødshjelp

– Eg trur det har endra meg å komme så tett på menneske med alvorleg sjukdom, som er truga av død eller store smerter. Eg syns det er vanskeleg å snakke veldig kategorisk for eller mot dødshjelp, seier Aud Irene Svartvasmo, sjukehusprest på Diakonhjemmet, til Vårt Land.

Sjukehusprestar er ofte tett på alvorleg sjuke folk i yrket sitt. Nokre av desse folka ønskjer å døy, men enn så lenge har dei ikkje moglegeheita til dødshjelp i Norge.

Ifølgje ei NRK-undersøking er om lag halvparten av den norske befolkninga no positiv til at ei form for dødshjelp skal legaliserast. Spørsmålet har også for alvor dukka opp i dei politiske partia. Framstegspartiet har sidan 2013 vore det einaste partiet på stortinget som er for dødshjelp, men nyleg bestemte Venstre at partiet skulle utrede om det bør vere lovleg å tilby assistert sjølvmord.

Fleire parti er venta å gjere det same.

– Mykje kan utforskast utan å bli normativ

I jobben som sjukehusprest møter Svartvasmo med jamne mellomrom folk som ønskjer å døy. Det kan vere folk som har eit ønske om å avslutte livet ved å reise til land som tilbyr dødshjelp, eller andre som uttrykker sinne og frustrasjon over at det ikkje er lovleg i Norge.

– Dei kjenner seg veldig avmektige ved å berre måtte la det gå sin gang, fortel ho.

Les og kommentar frå Aud Irene Svartvasmo her: Ved å avskaffe døden vil vi miste noe av vår menneskelighet.

Aud Svartvasmo, på Diakonhjemmet i Oslo. Til sak om aktiv dødshjelp.

I samtalar med pasientar går Svartvasmo ikkje inn på ein normativ måte, men prøver heller å gå inn for å utforske kva pasientane tenkjer, og kvifor.

– Kanskje eg også prøver å trekkje fram kva dei i så fall kjem til å miste ved å gjere det. Til dømes at ein blir teken vekk frå sine næraste i det øyeblikket. Det er mange ting det går an å utforske utan å bli normativ, seier Svartvasmo.

– Kva seier du til folk som lid og det einaste dei ønskjer er å døy?

– Det er litt avhengig av kvar dei er i løpet. I eit relativt tidleg stadium kan ein utforske meir, men mot slutten er eg meir forsiktig. Dersom det er ein pasient som har eit forhold til Gud, kan eg for eksempel seie «dette går det an å seie til Gud», «me kan be saman», eller «om du vil kan eg tenne eit ljos».

– Har godt av å vente på døden

Svartvasmo opplever at det er lite å hente på å gå inn i ein diskusjon om dødshjelp med pasienten. Ho fortel at det ofte handlar om å roe ei kjensle av frykt.

– I samtalar med menneske i den fasen av livet, er eg overraska over kor mange som seier at dei ikkje er redd for å døy, men redd for det som kjem før døden.

– Meiner du at ein som prest kan vere for dødshjelp?

– Eg meiner nok at det går an å argumentere for at det av og til er riktig. Men då er me kanskje meir i dei tilfella der det er i grenseland, der det er snakk om ei siste dose på dødsleiet. Men eg synest det er kjempevanskelig. På ein måte er eg glad for at me ikkje har det her, for då treng ikkje folk å forhalde seg til det, seier ho.

Aud Svartvasmo, på Diakonhjemmet i Oslo. Til sak om aktiv dødshjelp.

I dei aller fleste tilfelle held ho fast på at det gjeng an å smertelindre tilstrekkeleg, og retten til å seie nei til behandling, behandlingsavgrensning, gir pasientane eit handlingsrom likevel, peiker ho på. Svartvasmo trur også me som menneskeheit har godt av å måtte vente på døden.

– Eg trur kanskje me mister noko som menneske, og som samfunn, om også døden skal effektiviserast. Det er så viktig del av livet vårt at me også gir døden tid, den tida det tar, seier ho.

Ligg føringar i å vere prest

– Det er klart at det ligg nokre føringar i det å vere teolog og prest, som på ein måte tilseier at eg skulle vere kategorisk mot det. Samtidig har eg vore borti tilfelle der det er veldig lett å forstå og møte dei tankane, utan å kjenne at det er ein gal tanke, seier Svartvasmo.

Ho trur det er viktig at ho som sjukehusprest har openheit når ho møter pasientar som tek opp denne problemstillinga.

– Pasientane skal kjenne at det er rom for å snakke om dette også med ein sjukehusprest, utan å bli møtt med «det er det eigentleg ikkje vits å snakke om, for det er ikkje lov». Det er viktig for meg, seier ho.

– Ein kan forstå det

– Ein kan forstå at menneske med langvarig kronisk sykdom, med store smerter, ønskjer å døy. Det har jeg ikkje problem med å sjå, og me møter jo problemstillinga hos pasientar, seier Øystein Buer, sjukehusprest ved Oslo universitetssykehus.

Øystein Buer

Men personleg støttar han ikkje at dødshjelp er måten å løyse problema på.

– Eg tenkjer heller at det å utvikle smertelindring ved uhelbredeleg sjukdom, altså det som vert kalla palliasjon, samt krisehjelp under livskriser, er ei betre løysing for samfunnet, seier Buer.

Buer ønskjer at ein rører seg frå individnivå, til samfunnsnivå når ein snakkar om dødshjelp. Han meiner ein må sjå på løysingar som kan gagne fleire, og at utvikling og forbetring av palliasjonen i helsevesenet er ein del av dette.

– Det er kanskje her eg har lært mest etter at eg byrja som sjukehusprest. Kor viktig palliasjon er, seier han.

– Kan aldri heilt forstå

Det er omsynet til kva pasienten treng som er utgangspunktet når sjukehuspresten vert tilkalla til alvorleg sjuke og døyande pasientar.

– Me ønskjer å komme med respekt, og med innleving og empati i møte med situasjonen pasienten er i. Dersom temaet blir ynskje om å døy, eller i nokre tilfelle dødshjelp, så prøver eg å la pasienten utdjupe tankane, opplevingane og kjenslene sine rundt dette, seier Buer.

I nokre tilfelle vert det slik at ein trer fram med eiga fagleg vurdering av det pasienten deler og ønskjer, dersom pasienten opnar for dette, fortel buer. Han påpeiker at ein likevel aldri vil klare å sette seg heilt inn i situasjonen til pasienten.

– Det blir ei avstand der og det er vel ein del av det eksistensielle grunnlaget me har som menneske i møte med kvarandre og lidinga i livet, seier han.

Ofte kan jobben som sjukehusprest då handle om at pasienten får nokon ved si side i lidinga, som er ein del av den palliative tenkinga, fortel sjukehuspresten.

– Det gjeld også å få tak på og utdjupe dei tinga som gir livet meining for den enkelte, kall det meiningsdanninga. «Kva gjenstår av meiningsdanning og kva håp kan pasienten framleis ha i denne situasjonen?»

Skeptisk til å kunne kreve dødshjelp av andre

– Det er ei eldrebølge på gang, me lever lenger. Flere kjem kanskje i ein situasjon med kronisk sjukdom og mykje smerte. Samtidig får ein ikkje lindra all liding og smerte. Det vert på ein måte eit paradoks, seier han og held fram:

– Du spør jo også om kva som er det mest krevjande etiske spørsmålet. Det er vel eigentleg... «Har me rett til å kreve at andre skal hjelpe oss å ta livet vårt?», spør Buer retorisk.

– Kva med retten til å bestemme over vårt eige liv og når me vil døy?

– Det er vanskelege spørsmål å svare enkelt på. Men altså eg tenkjer at retten min er å leve så verdig eg kan i mitt eige liv. Og kva betyr det? Kva er ein verdig død for meg? Er det verdig å ta livet mitt, eller er det verdig å ta imot hjelp til å avslutte det? Eg har trua mi og tenkjer jo at eg ikkje har rett til å ta livet mitt i møte med døden, seier sjukehuspresten.

Frå motstandard til nyansert motstandard

Jobben som sjukehusprest har endra synet Svartvasmo har på dødshjelp.

– Eg har gått frå å vere kategorisk motstandard til å bli meir nyansert. Dei eg møter er i fortvila situasjonar og eg må prøve å forstå deira situasjon. I den augenblinken eg blir kategorisk, så lukkar eg den døra. Det vil eg ikkje gjere. Eg vil heller ikkje dit at eg seier det aldri finst tilfelle der dette kan vere riktig, seier sjukehuspresten.

Ho meiner at i dei tilfella norske legar har gjort dette, så har det vore tungtvegande grunnar for det. Ja, dei har brote norsk lov, men ho trur dei har gjort det ut frå medynk.

Aud Svartvasmo, på Diakonhjemmet i Oslo. Til sak om aktiv dødshjelp.

Men sjølv om Svartvasmo har blitt meir nyansert, er ho framleis skeptisk til ei lov som set dette i system.

– Eg fryktar at ein skal byrje å «skli» på kven som kan få dødshjelp. Kva med psykiatriske pasientar, skal dei kunne få det? Det er jo eit frykteleg vanskeleg område å bevege seg i, og eg tenkjer det er ganske gode grunnar til at me ikkje har det lovverket i Norge, seier ho.

---

Dødshjelp

  • Dødshjelp er eit samleomgrep for to måtar å hjelpe ein person, som ønskjer det, å døy. Omgrepa aktiv og passiv dødshjelp er utdatert, ifølgje ein kronikk signert av 52 norske legar og helsearbeidarar i Aftenposten.
  • Det finst to typar dødshjelp: Eutanasi og assistert sjølvmord.
  • Eutanasi inneber at helsepersonell aktivt utfører handlinga som fører til at pasienten dør. Til dømes at legen gir pasienten ein dødbringane injeksjon.
  • Assistert sjølvmord er når ein lege bistår pasienten i å ta sitt eige liv, eksempelvis ved å gi pasienten dødbringande medikament som pasienten tek sjølv.
  • Dødshjelp er lovleg, på ulike vilkår, i land som Nederland, Belgia, Tyskland, Sveits, Luxembourg og Portugal, samt nokre delstatar i USA.

Kjelde: Store Norske Leksikon, Aftenposten

---