I 2023 trekte den svenske pinsepastoren Daniel Alm seg som nasjonal leiar for Pingst, den svenske Pinserørsla, etter å ha innrømma å ha hatt ein relasjon til to kvinner som «gjekk for langt». Kvinnene hadde varsla om maktmisbruk og seksuell trakassering i jobbrelaterte situasjonar med Alm.
I kjølvatnet av dette vart Alm i fjor sagt opp frå stillinga si i Västerås Pinst, der han hadde vore pastor sidan 2006. I ei utsegn som vart lest opp for kyrkjelyden då, vart det sagt at handlingane til Alm «ikkje er i samsvar med det me kan forvente av ein pastor og åndeleg leiar», ifølge svenske Dagen.
Alm på si side meinte at kyrkjelyden mangla rettsleg grunnlag for oppseiinga, og i juni 2024 valde han å saksøkje den tidlegare arbeidsgjevaren med krav om å få tilbake stillinga som pastor.
Rettsaka, som starta fredag 14. mars, skal avgjere om oppseiinga var lovleg eller ikkje.
Meiner pastoren har ansvaret
«Tillitskrisa har oppsått på grunn av langtgåande intimatkivitetar over fem års tid, som leiar for kyrkjelyden».
Det sa talsperson for pinsekyrkjelyden i Västerås, Anders Ericsson, i retten. Han sa at intime kjensler kan oppstå på ein arbeidsplass, men at intime handlingar er ein annan ting. Ericsson meiner at Alm, som sjef, har eit tungt ansvar her.
Alm nekta framleis for alle skuldingane mot han, og heldt fast ved at oppseiinga var feil. Men sa også at han ønskjer å ta sitt ansvar for det som har skjedd i relasjonen til dei to kvinnene, ifølgje svenske Dagen. Vidare sa Alm at det har handla om utroskap utanfor ekteskap, som han erkjenner at var feil, men at det ikkje har skjedd noko mot nokon si vilje.
Ifølgje pinsepastoren er det også eit poeng at styret i kyrkjelyden kom med utspel tidleg i saka, som førte til stor mediemerksemd, og Alm meiner derfor at styret har ein stor del av ansvaret i den nemnde tillitskrisa. Alm hevdar også at han vart «pressa til å gå av» frå stillinga som nasjonal leiar i Pingst FFS, skriv avisa.
Meiner Alm var pådrivaren
I retten forklarte også dei to kvinnene, som varsla mot Alm, seg. Den første kvinna fortalde om intime hendingar mellom Alm og ho i felles arbeidssituasjonar, og at ho skal ha kjent seg pressa av pastoren. Alm skal også, ifølgje kvinna, ha sagt at ho var «Gud si gåve til han», skriv den svenske avisa.
Den andre kvinna fortalde at ho og Alm hadde vore fysiske saman ved fleire tilfelle. Dette skal mellom anna ha skjedd på kristne konferansar, reiser og hotellrom, og også i ein periode då kvinna gjekk gjennom alvorlege traumer. Kvinna forklarte at ho prøvde å sette ein stoppar for det som skjedde fleire gonger, men at Alm ønskja at relasjonen skulle halde fram.
Om kyrkjelyden sine grunnar til oppseiinga av Alm held i retten, gjestår å sjå.