– Eg skjønar at det for nokre er uvant, og eg har erfart gjennom mange år at kristen-muslimsk dialog og dialogpraksis vekkjer mange og sterke kjensler.
Det seier Oslo-biskop Sunniva Gylver i ein e-post til Vårt Land.
I fleire år har Den norske kyrkje (DNK) vore med på å invitere til iftar, måltidet muslimane bryt fasten med under Ramadan, i kyrkja eller tilhøyrande bygg.
Vårt Land skreiv nyleg om Therese Egebakken, bispedømerådsmedlem i Stavanger, som reagerte på nettopp dette. Egebakken meinte at iftar ikkje høyrer heime i kyrkja og sat spørsmålsteikn ved at DNK inviterer ein annan religion si høgtid inn i kyrkjerommet.
Blir inspirert av muslimsk fastepraksis
– Kva er grunnen til at ein er med på å invitere delar av ein annan religion si høgtid inn i kyrkja?
– Ein del kyrkjelyder, ikkje minst i mangfaldige Oslo bispedømme, har ein betydelig del muslimar som bur i soknet, og fleire av stadene er det også lokale moskear. Dialogen mellom muslimar og kristne her i Norge har ei lang historie, eg har sjølv vore del av ho omtrent sidan eg starta som prest på Grønland i 2003, fortel Gylver.
Ho meiner ein har eit felles anliggande om å skape gode fellesskap og nærmiljø, førebyggje konflikt og utanforskap, og lære meir om kvarandre si tru.
– Samtidig er det ekstra viktig å byggje fellesskap med religiøse minoritetar som vert utsett for mykje hat og stigmatisering, og muslimar er absolutt blant desse, seier Gyver.

Gylver har sjølv fleire gonger vorte invitert til å bryte fasten i moskeen, og kommande laurdag skal ho delta på eit iftar-arrangement i Oslo.
– Det inspirerer og utfordrar meg å vere tett på muslimsk faste-praksis; så tydeleg og så gjestfri, seier Gylver i e-posten.
Sidan den kristne og den muslimske fasten samanfell i år, meiner Gylver det kan vere ekstra fint å markere det saman.
– Det å bryte fasten i islam er kjenneteikna av stor gjestfridom; det er gjerne sånn at alle som ønskjer, vert invitert til måltidet. Eg synest det er veldig fint at lokale kyrkjelyder viser same gjestfridom og inviterer inn, og gjeng ut frå at reglane for bruk av kyrkjerommet vert overholdt også under desse arrangementa.
– Reglane er klare, men må tolkast med skjønn
Reglane for bruk av kyrkjerommet er klare, seier ho, men meiner likevel at tolkinga ofte vil romme element av skjønn.
– Når dei slår fast at «Kirkerommet kan ikke brukes av ikke-kristne tros- og livssynssamfunn til utøvelse av deres tro eller religion», er det forståeleg at nokre tenkjer at eit iftarmåltid er i eit grenseland. Men som sagt er mi erfaring at dette måltidet fungerer som ei feiring og eit fellesskapsritual prega av gjestfridom. Dette står på ingen måte i motsetning til vår eiga bruk av rommet. Praksisar som direkte motseier innhaldet i våre eigne, vil derimot falle utanfor det reglane opnar for, seier Oslo-biskopen.
Meir ressursar, meir ansvar
Som majoritetskyrkje har DNK eit ekstra ansvar i dialogskaping og brubygging mellom religionar, meiner Gylver.
– Fordi me har meir ressursar enn mange andre aktørar, både når det gjeld personell og bygningar; fordi me er kalt til å elske vår neste og vise gjestfridom; og fordi det norske samfunnet har ei historie der koplinga mellom kulturkristendom, statskyrkje og «norskheit» for mange har vore sterk, seier ho.
---
Iftar
- Iftar er det daglege måltidet muslimar inntek etter solnedgang under fastemånaden deira Ramadan.
- Ordet iftar betyr fastebryting.
- Profeten Muhammad og følgjarane hans skal ha brote fasten med dadlar og vatn eller mjølk, ein praksis mange muslimar framleis held på.
- Viktig sosial samling for muslimane under ramadan, og iftar nytast ofte saman med familie og venner.
- Det er heller ikkje uvanleg å invitere venner, naboar, nye bekjente og ikkje-muslimar til iftar i heimen. Mange moskear og organisasjonar inviterer ofte også til måltidet.
Kjelde: Store Norske Leksikon
---