– Eg gjorde eit intervju med ei avis for litt over eit år sidan, der overskrifta vart «Terje har lært hundrevis av unge å syngje gospel».
I solveggen utanfor huset på Nesttun i Bergen sit ein engasjert Terje Kleppe (64).
– Hundrevis? Sa eg til kona mi. Det er tusenvis!
Han ringde rett tilbake og i løpet av nokre sekund hadde avisa fått ein mykje betre overskrift.
– Berre på Kongshaug Musikkgymnas er det 23 år.

Han tel opp alle klassane han har dirigert. Underteikna er ein av elevane som har lært av han.
– Og på 80- og 90-talet reiste eg mykje rundt i Noreg og hadde korseminar. Så fleire tusen er nok ikkje å lyge.
«Du er heldig som får jobbe med han», står det om dirigent Terje Kleppe på arrangementet til Gospel Explotion. I helga feirar dei 10-årsjubileum i Grieghallen, og Kleppe er ein av fleire dirigentar som er med på å fylle salen med gospel.
– Det sa berre BANG!
Kleppe veiver med henda når han pratar om korleis alt starta. Korleis han gjekk frå å ikkje ville vere med i Ten Sing-koret til å no vere ein innflytelsesrik dirigent i Gospel-Noreg.
Ein ung Kleppe hadde vore litt skeptisk til å starte i det lokale Ten Sing-koret på heimstaden Stord. Men siste året på ungdomsskulen vart han med venene.
– Det starta der.
---
Gospel Explotion
- Korkonsept starta av Leif Ingvald Skaug i 2015
- Feirer 10-årsjubileum med Gospelfest i Bergen 4.-6. aprilI
- I 2022 vart det starta faste kor i Bergen, Indre Østfoldd, Trondheim og Oslo med over 400 songarar
---
Ein dag då han var 16 år, gjekk han og ein kompis til den lokale, kristne bokhandelen. Året var 1976 og nokre leiarar i koret hadde vore på konsert med den amerikanske Gospel-legenda Andraé Crouch.
– Og dei var i fyr og flamme!
Dette måtte han og kompisen også sjekke ut.
– Så eg kom meg inn på denne bokhandelen og valde meg ei plate, den som heit Take me back, som kom i 1974, fortel Terje. Han hugsar alle detaljane frå denne augneblinken.
Dama bak kassa var ikkje så nøye på det der med plater, så ho brukte armen til å tørke støvet av plata.

– Eg og kompisen min såg på kvarandre.
Så tok dama plata på.
– Og første akkorden. Det berre eksploderte.
Terje tek ein pause og lener seg tilbake. Han er rørt når han hugsar tilbake på augneblinken.
– Melodiane, arrangementa, synginga, og ikkje minst koringa, saman med enkle tekster med gode kristne sanningar, skildrar han musikken.
– Det sa berre pang inne i meg.
Og det vart starten på ei lang karriere i kormiljøet. Og alltid med ein eller fleire låter av Crouch på repertoiret.
Han deler også at han hadde konsert med Gospellegenda med sitt eige kor, GospelCompagniet, på 90-talet.
Vart sett i kyrkja
I eit nedlagt fengsel på Stord øvde Ten Sing-koret, og dei kalla etterkvart koret opp etter eit kjent amerikansk fengsel som heit Sing Sing. Etter Kleppe hadde vore med i eit år skulle dirigenten gi seg.
– Så hadde nokre av dei vaksne i kyrkja sett noko i meg, fortel han og legg til at han ikkje veit kva dei såg. Han lever seg inn.

– Kanskje me skal spørje Terje?
Kleppe lener seg litt fram og dirigerer litt usikkert og forsiktig og fortel at det var slik det såg ut i starten.
– Eg er jo himla takksam for dei, for det var folk som såg meg og gav meg ein sjanse, seier han, og fortel at det har forandra livet hans.
På same tid fann han ei songbok heime og starta å spele piano til den.
– Så eg er heilt sjølvlært.
Skulle ikkje bli musikar
Trass den store musikkgleda hadde han planar om å verte ingeniør på NTNU. Han hadde full pakke med realfag frå vidaregåande.
– Men så var det ein kateket på Stord, ei av dei som såg meg.
Han tipsa Kleppe om å starte på musikklærarutdanninga i Bergen, fortel han.
– Så eg byrja å tenkje litt på det.
Og så vart det Bergen. Før dette hadde det gått i eitt med kor og musikk, no hadde han planar om å roe litt ned.
---
Terje Kleppe
- 65 år, gift og har to barn
- Dirigent og musikar frå Stord, busett i Bergen.
- Har jobba som lærar ved Kongshaug Musikkgymnas sidan 2002
- Dirigent for GospelCompagniet
- Har gjeve ut tre album
---
Terje ler litt når han fortel.
– I løpet av første veka kom det ein som kjente meg, som var med Gospel Bergen.
Han fortalde Kleppe om trøbbel i koret og at dei kanskje måtte leggje ned.

– Så eg vart med og vart der i 12 år. Og det var kanskje då det starta å ta litt av og folk la merke til meg.
Det siste mumlar han litt forsiktig fram.
– Så slutta eg med det, og etter det har det vore GospelCompagniet og Kongshaug musikkgymnas.
Sit ikkje og ber i timevis
Innanfor solveggen, midt mellom eit oppussingsprosjekt, står hjartet av huset; Flygelet.
– Kan du ikkje spele noko Crouch då?
– Jo, du veit eg kan det.
Og sekund etterpå er han inne i musikken.
– We are not ashamed, we are not ashamed, of the gospel of Jesus Christ!
Denne har han spelt før. Mange gongar.
– Du nemner dei kristne sanningane i Crouch sine tekstar og å verte sett i kyrkja. Kor er trua di opp i alt dette?
Det vert stille ei lita stund.
– Fint spørsmål, seier han og lukkar auga.
– Den er der jo heile tida.

Han fortel om korleis han trur Gud er med heile tida, og korleis Gud har skapt oss til å vere menneske her på jord, men også korleis han har skapt oss ulike.
– I forhold til musikken, så er me jo forskjellige. Eg er ein uroleg fyr som har problem med å sitje stille og lese bibelen og be.
Litt sjølvironisk deler han om truslivet sitt.
– Eg er jo sjølvsagt stille av og til, men eg er ikkje så flink til å sitja og be i timevis, smiler han.
– Så då har musikken blitt min måte å både uttrykkje trua og min lovsong til Gud og Jesus, men også motsett, at eg har fått mykje påfyll gjennom musikken.
Vil ha ulike uttrykk i kyrkja
Dirigenten fortel om korleis han synest det er deilig å drive på med den direkte gospelmusikken.
– Crouch la aldri noko i mellom. «Jesus is the answer, for the world today.»
Kleppe fortel om korleis han treff Gud gjennom musikken, men meiner det bør ver meir plass til ulike uttrykk i kyrkjene.
– Det er jo litt min kritikk, særleg til frikyrkjene.
Musikaren meiner den er blitt for einsretta.
– Eg pleier å kalle det Hillsong-musikk, men det er kanskje litt urettferdig, ler han.
Han fortel at han ikkje har noko i mot musikken, og at dei unge må få uttrykkje seg.
– Mitt poeng er berre at det burde vere litt breiare, med forskjellige ting.
– Det skal treffe ulike menneske, og menneske e så forskjellig. Difor er det viktig med ulike uttrykk.
Gamal draum
– Og så har eg høyrt rykte om ein draum?
Kleppe nikkar.
– Den er ganske gammal. Sikkert 15 år.
Tilbake då den vart planta var den ganske sterk, fortel han. Då trudde han at den kanskje kunne la seg gjere.
– Eg ville samle eit gedigent kor og syngje gospel i Grieghallen med kjempefint orkester og solistar.
Han var inspirert av Ingmar Olson som gjorde eit liknande stunt med eit kor på 1000 personar i Stockholm Konserthus.
– Så eg har hatt ein draum om eit svært kor og ein brus av lyd.

I helga skjer det. Då møter 400 songarar fredag og laurdag og øver saman til ein storkonsert søndag.
– Eg skal ha Crouch sjølvsagt, fortel han.
I tillegg til ein Crouchmelody og My Tribute, skal han ha ein av sine eigne låtar; Come Fill Me.
Merkar ein svolt etter gospel
– Eg har snakka med mange som saknar så enormt å synge.
Han opplever at mange går i kyrkjer der dei ikkje klarar å synge heilt med på musikken.
– Eg merkar det når eg tek fram noko Crouch og taket løftar seg, dei elskar å synge.
Han listar opp popupkor, pubkor og flashmob. Kanskje me skulle prøvd å få til noko slikt, seier Kleppe og smiler lurt.
Det er ingen tvil om at Kleppe vil spreie songglede; men først på Gospel Explotion.
– No blir draumen oppfylt.
– Heile pakken er samla. Draumen, Crouch og meg.
Kleppe ser ut i lufta smilande.
– Og Jesus!
– Sitat slutt.