I eit kyrkjeleg opprop for rettferdig fred i i Palestina og Israel krev over 400 personar at kyrkja må ta tydlegare standpunkt om Palestina og Israel si krigføring og okkupasjon av palestinske område.
Det er Sabeel Kairos Norge, eit nettverk som støttar palestinske kristne og organisasjonane Sabeel og Kairos i Palestina og Israel, som står bak oppropet.
– Det er eit ope opprop, dei som vil kan signere. Men me er ein organisasjon som er tett knytt opp til kyrkjelege organisasjonar, og det har derfor vore mange prestar og tilsette i DNK som har signert, seier Andreas Saaghus, styremedlem i Sabeel Kairos Norge til Vårt Land.
110 prestar har signert
Av dei over 400 underskriftene på oppropet finn me 110 noverande og tidlegare prestar. I tillegg har dei tidlegare biskopane Kari Veiteberg, Solveig Fiske og Atle Sommerfeldt signert, samt kyrkjelege profilar som Berit Hagen Agøy og Sturla Stålsett.
Oppropet krev mellom anna at kyrkja og kyrkjelege aktørar skal ta standpunkt ved å gjennomgå investeringar og «aktivt støtte boikott, deinvesteringer og sanksjoner (BDS) mot Israel – i tråd med oppfordringene fra palestinske kristne og sivilsamfunnet».
– Det er eit minstekrav. I tillegg meiner me at kyrkja saman med fagrørsla må seie nei til at sparepengane våre i Oljefondet er investert i okkupasjon, seier Håvard Skjerdal, leiar i Sabeel Kairos Norge, til Vårt Land.
Nei, eg er ikkje einig i at me har vore passive
— Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kirke
Meiner DNK «går stillare i dørene»
– DNK har tatt ein tydelegare posisjon om Palestina enn kyrkjer i mange andre land. Samtidig veit me at våre palestinske partnarar er ekstremt skuffa over vestlege land, også kyrkjene, som under eit live-streama pågåande folkemord, ikkje har gjort meir, seier Skjerdal.
Han opplever at DNK går stillare i dørene no enn tidlegare.
– Me opplever at det er eit sterkt internt press om at kyrkja skal moderere sin posisjon. Men då er det ekstremt viktig no at me tar til orde for det motsette, seier Skjerdal.
Vårt Land har tidlegare skrive om korleis DNK ved Oslo-biskop Kari Veiteberg har deltatt på pro-palestinske markeringar, men ikkje på solidaritetsmarkering for antisemittisme. Representantar for DNK har også uttalt seg om krigen på måtar som har skapt reaksjonar hos enkelte.
– Stillheit er også ei handling
– Kva seier de til dei som er kritiske til at kyrkja skal drive med det de skildrar som «Palestina-politikk»?
– I møte med eit folkemord og det nivået av undertrykking me er vitne til no, då er stillheita også ei handling. Det er situasjonen som krev ein respons, uansett korleis ein vel å svare, aktivt eller passivt, er det eit svar. Me meiner kyrkja bør svare med ein aktiv solidaritetsrespons. Det kan vere at ordet politikk vart brukt, men dette er til sjuande og sist ikkje politikk, det handlar om juss, folkeretten og ikkje minst om kristen og humanistisk etikk og moral, seier dei.
Ikkje einig i at kyrkja har vore passiv
I samband med Sabeel Kairos sitt årsmøte 3. april var det i forkant eit seminar, der preses i Bispemøtet og biskop i Nidaros, Olav Fykse Tveit var invitert. Tema for samtalen var den kritiske situasjonen det palestinske folket på Gaza og Vestbredden er i.
– I oppropet står det at ein har sett ei «urovekkende passivitet fra vestlege kristne miljø – inkludert Den norske kirke». Er du einig at DNK har vore passive og ikkje har teke eit tydeleg nok standpunkt?

– Nei, eg er ikkje einig i at me har vore passive, men eg skjønar at det under desse forholda er meir me kunne gjort, seier Fykse Tveit.
Som kyrkje og del av det økumeniske fellesskapet må ein halde fram med å stå bak plikta til å følgje folkeretten og at internasjonal lov og rett skal vere norma, seier han.
– Då er det også viktig å uttrykkje kritikk når desse vert brotne. Dette har me i kyrkja vore oppteken av å få fram i mange samanhengar. Eg synest også at mange i det norske kyrkjelivet gjer ein del både i ord og handling, kanskje meir enn i ein del andre kyrkjer i Europa, seier Fykse Tveit.
«Kyrkja kan bli betre på solidaritet»
– Kva med krava om boikott og å sørgje for å ikkje investere i israelsk okkupasjon? Kjem kyrkja til å møte desse?
– Eg har sagt i mange år at me ikkje kan tene oss rike på at andre blir undertrykt. Det har me teke opp med Oljefondet før også. Når det gjeld kyrkja sine investeringar meiner eg at me har gått gjennom porteføljen for å sikre at dette ikkje er tilfelle. I alle fall bør alle kyrkjelege aktørar gjere det, seier han.
Men Fykse Tveit meiner likevel kyrkja kan bli betre både på solidaritet og på å «utfordre når kristen tru og våre verdiar blir brukt eller misbrukt» når det er snakk om Israel og Palestina.
– Den enorme lidinga palestinarar er utsett for kan bli legitimert, i alle fall indirekte, av nokre med henvisningar til vår religion. Det må me utfordre. Me som kristne trur Gud bryr seg om alle menneske, både israelarar og palestinarar, men det betyr ikkje at Israel kan gjere kva dei vil, seier han.
Skulle besøkje palestinske kyrkjer
– Skjerdal og Saaghus i Sabeel Kairos Norge seier dei opplever at kyrkja har trekt seg tilbake frå solidaritetsmarkeringar for Palestina. Kva er i så fall grunnen til det?
– Det blir vanskeleg å svare på om eg ikkje får eit konkret eksempel. Eg synest det er ei sterk bevisstheit hos meg og dei andre biskopane om at me må vise denne solidariteten med palestinarane, særleg med våre palestinske kristne venner og søsken.
Han seier det er ting dei har ynskt å gjere som dei ikkje har kunne gjort, til dømes var det planen for nokre av leiarane i DNK å besøkje kyrkjene i Palestina no. Men vertskapet meiner det ikkje er trygt nok å reise.
– Når dette berre får fortsette, og stadig fleire vert drepne, lurer ein på kva ein skal gjere. Det er ikkje nok å seie dei same orda gong på gong. Då må ein prøve å finne andre grep – samle inn pengar for eksempel. Me har mellom anna hatt ei ekstraordinær innsamling til vår lutherske søsterkyrkje i Jordan og Det heilage landet. Kirkens nødhjelp og andre driv eit svært viktig arbeid i Gaza, og treng støtte, fortel han.
– Me må vere tydlege
Fykse Tveit seier ansvaret deira ikkje berre handlar om kva som skjer i Midtausten.
– Det som skjer der nede påverkar også oss her heime, og særleg norske jødar og norske muslimar som har familie og vener i Palestina. Dei gir uttrykk for at dei kjenner seg også ramma av den polariseringa krigen fører til. Vi må difor vere tydelege både om uretten som skjer i Gaza no, og at jødar her i Noreg ikkje har ansvar for det, seier han.