Religion

Ho ønskjer seg eit samfunn som er meir oppteken av likeverd, ikkje likestilling

OPPVEKST: Psykolog og influensar Maria Abrahamsen er lei av at omsorgsarbeid i heimen ikkje blir verdsett i like stor grad som anna arbeid. Ho trur endring må til dersom norske kvinner skal ha lyst å føde fleire born.

– Omsorg og det å vere tilgjengeleg og tilstades, særleg dei første leveåra til eit barn, det kan vere med å førebyggje psykiske lidingar for resten av livet. Om me ikkje klarer å lage eit samfunn der dette er mogleg, må me betale for det seinare.

Det seier psykolog og influensar Maria Abrahamsen over telefon til Vårt Land.

På sosiale medium har ho over hundre tusen følgjarar, og engasjerer seg mellom anna for kvinnehelse, fødselsomsorg og menneskerettar. Då ho på kvinnedagen 8. mars la ut eit innlegg på Instagram der ho skreiv om korleis samfunnet ikkje tar verdien av omsorg på alvor, fekk ho stor respons.

«Før var jeg redd for at det å vå barn ville ødelegge for arbeidslivet mitt. Nå er jeg redd samfunnsstrukturer ødelegger for familien min», lyder teksten over biletet i innlegget.

– Ikkje det beste for barnet

Abrahamsen går for tida gravid med sitt tredje barn og fortel at barna hennar har byrja tidlegare i barnehagen enn ho skulle ønskje.

– Det er fordi eg har måtta. Men frå eit utviklingspsykologisk perspektiv er ikkje det det beste for barnet. Eigentleg bør dei vere i nærleiken av omsorgspersonane sine dei to første leveåra, men det tar me oss som samfunn ikkje råd til, seier ho.

– Dette handlar ganske mykje om kapitalismen, seier psykologen.

Med det meiner Abrahamsen at den jobben som typisk har vore dominert av kvinner, også omsorgsarbeidet i heimen, ikkje har vore enkel å kapitalisere på i forhold til dei typar yrker som menn ofte har valgt.

– For desse jobbane kan ein skalere og skape meirverdi av i form av økonomisk vekst, og som ein kan sjå ganske raskt resultatet av. Typisk omsorgsarbeid er også noko som ville vore ein økonomisk investering om ein klarte ha eit mykje meir langsiktig perspektiv, seier psykologen.

– Du skildrar eit samfunn som ikkje er tilrettelagt for familielivet. Trur du dette er ein av grunnane til at norske kvinner ikkje får fleire born?

– Ja, det trur eg absolutt. Når me snakkar om likestilling, så vil me ofte at kvinner skal fortast mogleg ut i arbeid etter eit svangerskap.

Meiner kontantstøtta er for låg

Førre svangerskapet hennar, delte dei permisjonstida femti-femti mellom seg. Sjølv har ho heimekontor og kunne derfor fortsette å amme etter at permisjonen hennar var over, men det kunne ho ikkje i det første svangerskapet.

– Då måtte eg ta lenger permisjon for å kunne vere lenger heime og amme, fortel ho.

Helsedirektoratet anbefaler at ein ammar i eitt år – og gjerne lenger. Medan Verdas helseorganisasjon rådar ein til å amme barnet i to år.

– Men det er kjempevanskeleg å få det til i ein hektisk arbeidskvardag, seier Abrahamsen.

– Eg har fått utruleg mange meldingar frå folk som må slutte å amme på grunn av arbeidsgjevar som ikkje er raus nok og som meiner at det er mor som utnyttar ammefri og prøvar å utnytte arbeidsplassen. Det er så trist at den skammen skal bli lagt på mor, når dette er noko heile samfunnet er tjent med, at me gir næring til barna våre.

Ho meiner også at dagens kontantstøtte er for låg for dei som ønskjer å vere heime med barnet lenger enn permisjonstida, eller som ikkje har barnehageplass.

– Det held jo ikkje mål i det heile tatt om ein skal overleve i dagens samfunn, seier Abrahamsen.

Trur stadig fleire tenkjer barn er ufornuftig

– Trur du det er fordommar knytt til det å vere heime med barn lenger enn den vanlege permisjonen. Korleis ser samfunnet på kvinner som vel å vere heime med barn versus å vere ut i jobb?

– Det er litt den der «girl boss feminismen». Eg har sjølv fått høyre då eg no vart gravid med mitt tredje barn at «søren, hadde ikkje du skikkeleg ambisjonar, Maria? Skulle ikkje du satse no?». Men eg kan ikkje førestille meg noko meir ambisiøst enn å få eit barn til, det er jo livets største investering. Det er jo ein helsegevinst som eg vil få igjen for når eg er gammal. Eg kjem til å leve lenger på grunn av dette og få betre livskvalitet.

Men ho trur mange ikkje klarer å sjå det på den måten, fordi me som samfunn er «hjernevaska» av ein patriarkalsk tankegang om at eit ambisiøst karriereliv er det beste.

– Eg trur at det har gjort at stadig fleire har tenkjer at det er ufornuftig å velge å få barn og fornuftig å velje karriere, seier ho.

– Biologiske skilnadar blir neglisjert

Psykologen skulle ønske at ein kunne sett på verdien av det kvinna faktisk gjer når ho er heime med barnet.

– Med det meiner eg ikkje at mannen sitt nærver har mindre verdi, men det er nokre biologiske skilnadar som me neglisjerer ved at me ønskjer gjere kvinnene meir maskuline og at mennene skal ta over dei feminine eigenskapane kvinnene har, i staden for å spele kvarandre gode på dei eigenskapane ein har.

Ho seier ho saknar eit samfunn som er meir oppteken av likeverd enn likestilling, og der ein får meir støtte til å yte omsorg dei første åra i barnet sitt liv.

– Kristne flinke til å sjå verdien av begge kjønn

– Trur du det er lettare, eller meir akseptert, for kvinner i til dømes kristne miljø å vere lenger heime med born?

– Då kan eg berre snakke frå eiga erfaring ved å ha vore ein del av kyrkjelyd. Då opplever eg jo at det er litt meir tradisjonelle syn på kvinner og menn, og det er jo på godt og vondt. Men på godt i denne situasjonen, så trur eg at mange kristne miljø er flinke til å sjå verdien hos begge kjønn og å hegne om det biologiske rundt kvinna sitt svangerskap, permisjon og amming – at det kanskje er litt meir likeverd då, seier ho.

Abrahamsen peiker på at det også finst kvinner i kristne miljø som har vore veldig mykje heime og som derfor ikkje har fått opparbeida seg noko pensjon.

– Då har ein ingenting å falle tilbake på om ein til dømes skulle skilt seg. Det er det eg skulle ønske, at me hadde eit samfunn der ein kunne vald å gjere den viktige samfunnsoppgåva i heimen og samtidig ha noko å falle tilbake på om ein skulle trenge det, seier ho.

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Religion