Religion

Kritisk til råd om å la vere å snakke om kristen identitet: - Me må utfordre fordommar

ARBEIDSLIV: Dorrit Vignes har sjølv opplevd å få fordomsfulle spørsmål på jobbintervju, men trur ikkje å la vere å snakke om kristen identitet er vegen å gå.

Nyleg skreiv Vårt Land om influensaren Fredrik Fornes som anbefaler kristne å ikkje fortelje om trua si på jobbintervju. Bakgrunnen er ein rapport frå to forskarar ved Universitetet i Oslo som mellom anna viser at kristne blir diskriminert i jobbsøkjeprosessen.

Fornes har fleire tusen følgjarar i sosiale medium og engasjerer seg i saker om diskriminering i arbeidslivet. Han meiner ein bør vere forsiktig med kva ein seier om religionen sin i jobbsøkinga.

– Jeg vil være forsiktig med å konkret opplyse om religion på andre måter enn i CV’n. Ikke fordi at du ikke skal være stolt over hvem du er og troen din, men fordi du med det gir dem muligheten til å forhåndsdømme deg ubevisst, sa han til Vårt Land.

Einige eller ueinige?

Det har fått organisasjonspedagog Dorrit Vignes til å reagere.

– Me er heilt einige at det (diskriminering av kristne i jobbsøking, red. anm) er eit problemet og at det er uheldig, men det er løysinga og fokuset me er ueinige om, seier Vignes, som understreker at ho er glad i Fornes sitt prosjekt.

Ho fortel at diskusjonen har gått vidare på eit innlegg ho publiserte på sin LinkedIn-profil, der også Fornes kommenterte. Vignes forstår det som at Fornes meiner ein av løysingane er å styre unna snakk om religion i jobbsøkinga, noko ho meiner legg ansvaret over på den som blir diskriminert.

Det er løysinga og fokuset me er ueinige om

—  Dorrit Vignes, organisasjonspedagog

– Eg er overraska over fokuset og er kritisk til at Fredrik Fornes rår kristne til å skjule den kristne identiteten sin. Diskriminering er fordommar sett i system. For å løyse slike problem må me utfordre fordommar, heller enn å be folk skjule identiteten sin, seier Vignes.

Fornes trur ikkje dei to er så ueinige.

– Eg trur ho har misforstått meg, og litt av grunnen er nok ein litt vel tabloid overskrift på artikkelen. Poenget mitt er at erfaring som er relevant, uansett om den avslører religion eller ei, bør med på CV-en. Å Fjerne at ein har gått på bibelskule, for eksempel, blir for dumt. Men det er ikkje vits å bruke mykje tid på å snakke om religionen sin om det ikkje er relevant for jobben, seier han til Vårt Land.

«Forvalt den kristne CV-en med kløkt»

Vignes har sjølv ein «veldig kristen CV» der mykje av jobberfaring og styreverv er frå kristen sektor. Då blir det vanskeleg å «skjule» religiøs bakgrunn, meiner ho.

– Om ein har ein «kjemisk religionsfri CV» der ingenting av erfaring kjem frå noko som «luktar» kristent, så er det greitt. Men mi leiarerfaring har vekse ut av kristen sektor, blant anna som organisasjonssjef i NMSU (Den norske misjonsselskaps barne- og ungdomsorganisasjon). Eg kritiserer Fornes for at han i praksis ber folk om å skjula kven dei er for å passe inn i ein majoritetsnorm der religion og tru er noko ubehageleg, seier Vignes.

Vignes sit med ei kjensle av at den kristne CV-en hennar har slått uheldig ut i jobbsøking, og er ikkje i tvil om at diskrimineringa av kristne med eit aktivt trusliv i jobbsøkeprosessen er reell. Ho synest det er trist at det er slik, men trur ikkje vegen å gå er å la vere å snakke om eller vise trua si. Ho trur heller ein må forvalte den kristne CV-en sin med kløkt.

– Det kjem litt an på kva type kristen miljø du har vore i, for i nokre miljø er det ei oppfordring og slags formaning om at ein må vise fram trua si. Akkurat det ville eg lagt litt frå meg i ein jobbprosess. Om det ikkje er naturleg for deg å gå med kross til vanleg, treng ein ikkje gjere det på eit jobbintervju heller. Sjølv har eg for eksempel gått på bibelskule, men det omtalar eg ofte i CV-en min som årsstudium. Dette er fordi ein del kanskje ikkje er klar over kva bibelskule er og har derfor fordommar. Eit anna eksempel er at i staden for å skrive at eg har vore organisasjonssjef i NSMU og spesifisere at det er ein kristen misjonsorganisasjon, så skriv eg i parentes (ideell sektor), fortel Vignes.

Opplevd fordomsfulle spørsmål

Vignes trur den forskinga som er gjort stadfestar at det finst fordommar mot kristne i denne samanhengen, og håpar det vert forska meir på.

– Eg trur det dessverre framleis er berøringsangst for religion i samfunnet vårt, seier ho.

Ho har også sjølv opplevd å bli møtt med fordomsfulle spørsmål på jobbintervju på grunn av trua si.

– Eg har blitt spurt om kva type kristen eg er og om eg er den typen som er mot homofile, fortel ho.

Sjølv om å spørje om religion på jobbintervju er ulovleg, og meint for å beskytte jobbsøkjaren, trur Vignes diskrimineringslovverket har ein utilsikta konsekvens.

– Forbodet om å innhente informasjon om religion må ikkje tolkast dit hen at religion ikkje skal snakkast høgt om. Det er nok ein utilsikta konsekvens av dette lovverket at det kan forsterke berøringsangsten for religion.

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Religion