Hausten 2018 tok livet til Nicola Kaarina Breivik ei ny vending.
Etter år med uro, angst og depresjon, toppa det heile seg.
Ho vart teken i å gjere noko «utilgjeveleg» og lurte på korleis ho nokon gong skulle komme seg ut av situasjonen.
Men når alt kjentest håplaust ut, fann ho håp på ein uventa stad.
– Det vart byrjinga på eit nytt liv, fortel ho til Vårt Land.
No betyr påskebodskapen og Guds tilgiving alt for henne.
Streng disiplin
Allereie som barn byrja uroa å slå rot i Nicola. Oppveksten var prega av mykje flytting og kjensla av å aldri høyre til nokon stad. Ho vaks opp i ein kristen heim, men det var ein heim med «mykje disiplin og lite kjærleik».
Nicola var mykje åleine, vart mobba på skulen og hadde ingen å snakke med.
Uroa ho kjente på vart berre forsterka gjennom ungdomsåra og inn i vaksenlivet. Men det var først då ho vart mor for første gong at alt «eksploderte», fortel ho.
Ho vart deprimert, den første av mange depresjonar. Nicola prøvde all slags teknikkar og metodar for å prøve å døyve smerta og uroa ho kjente på. Men det var først då ho fekk sterke smertestillande av legen at ho kjente det hjelpte.
I alle fall ei stund.
Etter ei lita stund innsåg eg at eg ikkje kunne halde fram med å leve eit slikt dobbeltliv
— Nicola Kaarina Breivik
– Ein vert fanga
På eitt tidspunkt hadde Nicola ein fastlege som var «veldig liberal» med å skrive ut medisinar, og ho byrja å ta tablettane også når ho eigentleg ikkje trong det. Og mengda ho tok vart større.
– Han skreiv eigentleg ut mykje større mengder medisinar til meg enn det eg tenkjer er forsvarleg. Eg er sjølv sjukepleiar og kjenner jo faren ved å få slike medisinar. Det var på ein måte då misbruket mitt eksploderte, fortel ho.
Når Nicola fortel historia si, er ho klar på at ho ikkje ønskjer å plassere skuld. Ho tenkjer verken at fastlegen eller oppveksten er grunnen til at ho gjorde det ho no skal fortelje, men det er ein del av forklaringa.
I 2018 jobba Nicola som sjukepleiar på ei lindrande eining, der ho hadde tilgang på mykje sterke medisinar.
– Eg hugsar første gongen det skjedde. Det var medisinar som skulle kastast på jobben. Eg hadde det veldig vondt, og tenkte at «eg skadar jo ingen, eg kan ta den tabletten, for den skal kastast uansett». Ein får slike løgntankar og overtyder seg sjølv om at ein fortener det, seier ho.
Ho skjønte at det ho hadde gjort var «veldig, veldig galt» og sa til seg sølv at det aldri skulle skje igjen.
Men det gjorde det.
– Ein vert på eit vis fanga. Eg hadde utvikla eit misbruk og hadde ikkje fått hjelp med dei tinga eg opphavleg sleit med. Så valde eg å løyse det på verst tenkjelege måte, dessverre.
«Dobbeltliv»
Over ein periode stal Nicola medisinar frå jobben. Men ein dag vart ho teken og konfrontert av den dåverande arbeidsgivaren sin. Det fekk store konsekvensar for livet hennar vidare.
– I første runde fekk eg så panikk at eg nekta for at det var meg. Men etter ei lita stund innsåg eg at eg ikkje kunne halde fram med å leve eit slikt dobbeltliv, seier ho.
Ho bestemte seg for å gå til arbeidsgjevaren og leggje alle korta på bordet.
– Det som skjer umiddelbart er at eg blir suspendert frå stillinga mi som sjukepleiar. Eg vart heldigvis ikkje sagt opp, men omplassert til ein annan arbeidsplass i same kommune. Men eg fekk ikkje dele ut medisinar eller bruke tittelen som sjukepleiar, fortel ho.
Saka vart meldt til Helsetilsynet, og etter eitt år fekk Nicola beskjed om at ho mista autorisasjonen som sjukepleiar.
Alt som skjedde utløyste også ei krise i ekteskapet hennar. Nicola måtte fortelje alt, at ho hadde loge og levd eit «dobbeltliv» utan at mannen hennar visste det.
«Mitt livs største krise»
Den første tida etter at bobla sprakk, skildrar Nicola som eit «vakuum». Ho kjente på ei «enorm skam» og skjønte ikkje korleis livet nokon gong kunne bli godt igjen, fortel ho.
– Eg følte at det eg hadde gjort var utilgjeveleg og at eg var ein grusom person. Eg hadde hamna i ein situasjon eg aldri hadde sett for meg å ende opp i. Korleis kunne eg som hadde vakse opp i ein kristen heim og visste at dette var gale ende opp her? Eg stod i mitt livs største krise, og hadde ikkje verktøya som skulle til for å handtere det. På eitt tidspunkt var det så alvorleg at eg planla å ta mitt eige liv, for eg tenkte at det var betre for alle rundt meg om eg berre forsvann, fortel ho.
Men det var tanken på mannen og borna som var med å løfte blikket hennar. Ho måtte komme seg gjennom krisa og leve for deira skuld.
Barnetrua hadde med åra blitt «lunken» og det var ikkje naturleg for ho å søkje hjelp hos Gud, seier ho. Nicola hadde heller ikkje mange å snakke med i nettverket sitt, men enda til slutt opp med å ringe ei venninne og fortelje kva som hadde skjedd. Venninna råda ho til å reise vekk ei stund, fordi det var krevjande å vere heime rundt borna som då ikkje visste noko om situasjonen ho stod i.
«Eit rop om hjelp og tilgiving»
Nicola sende ei melding til ei venninne i Hemsedal. Ho sa ho var i ei krise og spurte om å komme og bu hos ho eit par dagar. Det fekk ho.
– I løpet av desse dagane snakka eg mykje med denne venninna, som har ei veldig sterk tru. Ho sa at Gud kunne lækje meg. Ein dag fekk eg ei slags overnaturleg openberring om at eg måtte vende om og komme tilbake til Gud, fortel ho.

Nicola får det plutseleg for seg at ho må opp på ein fjelltopp i nærleiken for å snakke med Gud. Ho tar på seg joggeskoa og byrjar å springe oppover fjellsida. Det var november, det var glatt, det var is og snø.
– Eg hadde ikkje bedd på fleire år, men mens eg spring oppover stien, byrjar eg å ause ut hjartet mitt og rope til Gud at eg bekjente synda mi. Det er kanskje dei mest desperate bønene eg har bedd i heile livet mitt. Det var eit rop om hjelp og eit rop om tilgiving, fortel ho.
– Vanskeleg å forklare
Då Nicola kom opp på toppen av fjellet, opplevde ho å «bli møtt av ein vegg av Guds nærvær og fred».
– Det er vanskeleg å forklare kva som skjedde på den fjelltoppen. Eg kjente på fred og eg kjente meg elska. Og eg berre visste at Gud var der. Så opplevde eg å høyre Gud si stemme for første gong i livet mitt. Eg opplevde at han sa til meg «eg har ein ny veg for deg, Nicola», fortel ho.
Stemma var ikkje høyrbar, men det var ei tydeleg stemme på innsida, som ho skjønte ikkje kom frå ho sjølv. Etter «møtet» på fjelltoppen var noko endra inni ho. Ho hadde fått eit nytt håp om at det fanst ei framtid.
– Frå den dagen av byrja eg å søkje Gud på ein heilt annan måte. Eg byrja å lese Bibelen igjen, men samtidig hadde eg denne fortvilinga, for dei såra eg hadde var framleis ikkje lækte, seier ho.
Døypte seg
Nokre veker etterpå bestemte ho seg, på anbefaling frå ei venninne, for å reise til Kristiansand for å snakke med ei kristen kvinne som dreiv med indre lækjedom. I samtalane med denne kvinna opplevde Nicola det ho skildrar som eit «mirakel».
– Me gjekk inn i barndomsminne, og eg opplevde at Gud møtte meg i desse minna, og at han lækt hjartet mitt. Det høyrest kanskje veldig diffust og litt merkeleg ut, men på innsida hadde eg ei heilt anna kjensle. Eg hadde fått fred, fortel ho.
Det tok tid for meg å verkeleg forstå at eg ikkje trong å bere skamma sjølv, men i dag er eg fri
— Nicola Kaarina Breivik
Ikkje lenge etter dette fekk Nicola ei sterk overtyding om at ho ønskja å døype seg.
– Eg måtte gravleggje det gamle livet gjennom dåp. Eg opplevde ein enorm fridom knytt til dåpen. Ein fridom frå synd og skam. Men dette med å bli fri frå skam var ein lang prosess altså, for det sat veldig, veldig djupt.
– Tilgivinga frå Gud betyr alt
Seks og eit halvt år etter hausten då alt forandra seg i livet hennar, kjenner Nicola seg «fri». Ho har fått «ei fred og ei glede» som ho ikkje hadde før. Ho har også fått tilbake autorisasjonen som sjukepleiar og jobbar på eit sjukehus på Austlandet.
– Eg har ikkje hatt ein einaste dag med angst, uro eller depresjon sidan. Men det betyr ikkje at livet er roseraudt heile tida, eller at eg ikkje har hatt det vanskeleg i ettertid, fortel ho.
Det har vore viktig for ho å be om tilgiving. Ho fortel at mannen hennar valde å tilgi ho tidleg, noko som har betydd svært mykje for ho. Det som har teke lengst tid er å tilgi seg sjølv, seier Nicola, som tidlegare har fortalt historia si i magasinet Jesuskvinner.
– Kva betyr påskebodskapen og Guds tilgiving for deg?
– Det betyr alt for meg. Det betyr at eg kan erfare fridom frå synd, skyld og skam, fordi Jesus har tatt det på seg og gir sin rettferd til meg i staden. I Johannes 1 står det at dersom me lever i lyset så vil Jesu blod reinse oss frå all synd. Det tok tid for meg å verkeleg forstå at eg ikkje trong å bere skamma sjølv, men i dag er eg heilt fri, seier Nicola.