Pave Frans døydde mandag morgon klokka 07.35. Han blei 88 år. Vårt Land har bede nobelprisvinnar og katolikk Jon Fosse dela nokre tankar om argentinaren som blei fødd med namnet Jorge Mario Bergoglio.
– I eit stadig meir uroleg Europa har paven vore ein talsperson for mellom anna fred, kamp mot fattigdom og kamp for klima. Kva mistar Europa no?
– Paven har ei røyst alle lyttar til, anten dei er katolikkar eller ikkje, anten dei er samde eller usamde. Det er ei svært klok, fredsam og kjærleg røyst som no har tagna.
– Han opna, så langt det var mogleg, den katolske kyrkja for folk i såkalla «irregulære forhold», til dømes homofile og oppattgifte. Det var nok umogleg for han å lata slike par viast i Kyrkja, der meiningane er så delte, men gjennom å lata prestar velsigna slike par tok han dei så å seia inn i den katolske fellesskapen. Kyrkja er for alle, som han sa det. Eg hugsar elles godt svaret hans då han vart spurd om kva han meinte om prestar med homofil legning: Kven er eg til å døma, sa han. Og i staden for å bu i paveresidensen valde han å bu i Sankta Marta, der prestar og andre som gjestar Vatikanet plar bu.
Paven har ei røyst alle lyttar til, anten dei er katolikkar eller ikkje, anten dei er samde eller usamde. Det er ei svært klok, fredsam og kjærleg røyst som no har tagna.
— Nobelsprisvinnar og forfattar Jon Fosse.
– Stor litterær innsikt
– Kor viktig har pave Frans vore for deg som forfattar?
– Det var ei stor, og ikkje minst rørande stund då eg fekk personleg gratulasjonsbrev frå paven då eg vart tildelt nobelprisen. Og det gjorde godt å ta imot hans velsigningar og å vita at han tok meg med i sine bøner.
– Elles må det jo seiast at brevet han skreiv om litteratur vitnar om stor litterær innsikt, paven underviste jo òg i litteratur før han vart prest.
Fosse sikter til brevet Pave Frans sende ut i fjor sommar. I brevet understreka paven verdien av litteratur, særleg romanar og poesi, i den personlege og åndelege utviklinga til alle kristne. Den gang uttalte Fosse til Vårt Land at han meinte pavebrevet kanskje er det beste forsvaret han har lese for litteratur som litteratur, og for den seriøse diktinga.
I brevet siterer pave Frans både kristne forfattarar som C.S. Lewis og T.S. Elliot, men også ikkje-kristelege forfattarar som Marcel Proust når han argumenterer for rolla til litteratur i tru og menneskeverd.
– Kor viktig har pave Frans vore som forkjempar for litteratur?
– At paven så tydeleg argumenterer for den seriøse litteraturen, for den litteraturen som berre vil vera litteratur og som ikkje vil ha noko mål utanfor seg sjølv, er ikkje minst viktig i ein kultur, som den kristne norske, der ein meiner, eller rettare sagt meinte, at litteraturen skulle vera forkynnande. I det kravet møttest i si tid elles kristenfolk, kulturradikalarar og marxist-leninistar. Den slags mentalitet hemma norsk litteratur i fleire tiår.
---
Pave Frans
- Heitte opphavleg Jorge Mario Bergoglio og vart fødd 17. desember 1936 i Buenos Aires i Argentina.
- Valt til pave 13. mars 2013 under konklavet etter at pave Benedikt XVI gjekk av. Han tiltredde offisielt under ei innsetjingsmesse 19. mars same året i Peterskyrkja.
- Valde namnet Frans til ære for den heilage Frans av Assisi, som var kjend for si audmjukskap, enkelheit og omsut for dei fattige og naturen.
- Den første paven frå Sør-Amerika og den første ikkje-europeiske paven på over 1200 år. Før han vart pave, var han erkebiskop av Buenos Aires.
- Har lagt vekt på sosial rettferd, miljøvern og kampen mot fattigdom. Pave Frans har òg arbeidd for å reformere Vatikanet, mellom anna ved å auke openheita i kyrkja og kjempe mot økonomisk korrupsjon.
- Kjent for sin enkle livsstil. Paven har valt å bu i eit gjestehus i Vatikanet i staden for dei tradisjonelle paveleilegheitene. Han har ofte vorte sett i småbilar som Fiat i staden for luksusbilar når han er ute og reiser.
- Har hatt ei rekkje helseutfordringar gjennom åra, mellom anna lungeproblem etter ein infeksjon i ungdommen. Paven har òg vore gjennom brokk- og tarmoperasjonar, og han nyttar rullestol på grunn av smerter i kneet.
- Vart innlagd på Gemelli-sjukehuset i Roma 14. februar 2025 for behandling av bronkitt. Under opphaldet fekk han konstatert dobbeltsidig lungebetennelse.
- Døydde mandag 21.april klokka 07.35.
- Kjelde: NTB
---