Religion

Over hundre år sidan ein pave vart gravlagt utanfor Vatikanet

PAVE FRANS: Kva skjer når paven er død? Dei århundre lange tradisjonane inkluderer mellom anna eidar om hemmeleghald, ein ring som vert øydelagd og kvit røyk frå pipa i Det sixtinske kapellet.

Måndag 2. påskedag kom nyheita om at pave Frans er død. Den argentinske paven hadde den siste tida slite med svekkja helsa, og døydde av hjerneslag og etterfølgjande hjerneslag, ifølgje Vatikanet. Han vart 88 år gammal.

Pave Frans var overhovud for Den katolske kyrkja sidan 2013, og var svært populær både i og utanfor kyrkja. Katolikkar verda over er i sorg. I Italia er det erklært fem dagars landesorg.

Men med pavens død følgjer også ein nøye planlagt rutine på korleis pavar skal heidrast og gravleggjast – og korleis ein ny pave til slutt blir vald.

Lite er overlate til tilfelle dei neste dagane og vekene i Vatikanet.

1: Bøn og førebuing

Noko av det fyrste som skjer etter at ein pave har blitt stadfesta død av ein lege, er at kammerherren til paven stadfester dødsfallet på formelt vis, ifølgje katolsk.no. Når nyheita når omverda, startar katolikkar rundt om i verda å be for sjela til den avdøde paven.

Perioden ein så går inn i vert kalla sede vakante, som betyr «mens stolen er ledig». I mellomalderen var denne tida assosiert med komplott, invasjonar og borgarkrigar, og det var derfor viktig at overgangen frå ein pave til ein annan vart så kort som mogleg, ifølgje Katolsk.no. I dag går det rolegare føre seg, og i denne perioden er det kardinalane og kardinalkollegiet sin dekan som leiar Den katolske kyrkja.

A woman holds rosary beads while praying during a Mass at the Sanctuary of Our Lady of Guadalupe Cathedral, as the Catholic Church mourns the death of Pope Francis on Monday, April 21, 2025, in Tijuana, Mexico. (AP Photo/Carlos A. Moreno)

Tradisjonelt blir alle kardinalane i kyrkja, dei høgste medlemmane av den pavelege sentralforvaltninga, invitert til Roma etter at paven er død. Her deltek dei på daglege møter kalla generalkongregasjonar, der dei mellom anna skal planleggje gravferda.

This image distributed by Vatican Media on Monday, April 21, 2025, shows Cardinal Camerlengo Kevin Joseph Farrell sealing Pope Francis's private apartment inside the 'Domus Sanctae Marthae' hotel at the Vatican. (Vatican Media via AP, HO)

Kardinalane har ansvar for ei rekkje oppgåver i dagane før og etter gravferdsseremonien. Til dømes å øydeleggje «fiskerringen», embetsringen til paven, brukt til forsegling av dokument. Dette vert gjort for å hindre forfalskingar, men markerer også slutten på autoriteten til den avdøde paven. Ein ny ring vert laga når ein ny pave er på plass. Kammerherren forseglar også dørene inn til den avdøde paven sitt kontor og soverom.

I løpet av den første tida vert den avdøde paven vaska, balsamert og kledd i liturgiske klede. Den første natta held sveitsergarden og nokre fortrudde likvake i Det sixtinske kapellet, og dagen etter vert pavens døde lekam flytta til Peterskirken. Her skal han liggje i tre dagar på lit-de-parade, eller syning, for folk.

2: Gravferd og sørgjetid

Sjølve gravferdsseremonien skjer på Petersplassen i Vatikanet mellom den fjerde og den sjette dagen etter at paven er død, og vert leia av dekanen i kardinalkollegiet. Det er no klart at pave Frans vil bli gravlagd laurdag 26. april klokka 10, ifølgje Vatikanet.

Etter tradisjonen vil paven verte gravlagt med ein pose med myntar gravert med Vatikanet under hans pavedømme, i tillegg til eit skøyte som samanfattar detaljar om livet og pavedømmet hans. Skøytet vert opplese før kista vert lukka.

Bildet viser at pave Frans ligger i en åpen kiste i det i private kapellet i pavens bolig. Han begraves lørdag. Foto: Vatican Media via AP / NTB

I 2023 sa pave Frans at han ønska å forenkle reglane for gravferdsritual for paver, noko som førte til endringar i den liturgiske boka for pavelege gravferder. Før skulle ein avdød pave leggjast på ein opphøgd katafalk eller paradeseng, mens pave Frans vert lagd i ei ope kiste der truande kan sjå han og ta farvel med han. Dei tidlegare reglane sa også at avdøde pavar skulle bli plassert i tre ulike kister – to av tre og ei av bly – før gravlegginga. Pave Frans kjem til å verte gravlagt i éi kiste.

Faithful attend the funeral mass for late Pope Emeritus Benedict XVI in St. Peter's Square at the Vatican, Thursday, Jan. 5, 2023. Benedict died at 95 on Dec. 31 in the monastery on the Vatican grounds where he had spent nearly all of his decade in retirement. (AP Photo/Ben Curtis)

Dette er ikkje det einaste som er annleis med gravlegginga av pave Frans. Han er også nemleg den første paven på over hundre år som ikkje vert gravlagt i Vatikanet. Han har sjølv sagt at han ønskjer å gravleggjast i basilikaen Santa Maria Maggiore, noko som også kjem fram i det åndelege testamentet hans som er offentleggjort.

Etter den endelege gravferda følgjer ein ni dagar lang sørgjeperiode for paven, kalla novendiales.

3: Val av ny pave

Det er kardinalane som vel ny pave. Dette skjer ein stad mellom femten og tjue dagar etter at paven er død, altså mellom 5. og 10. mai no. Då samlar kardinalane seg til konklave i Det sixtinske kapellet. For å kunne stemme ved eit paveval må ein kardinal vere under 80 år gammal. Dette gjeld 135 av 252 av dei noverande kardinalane.

Cardinals attend a Mass for the election of a new pope celebrated by Cardinal Angelo Sodano inside St. Peter's Basilica, at the Vatican, Tuesday, March 12, 2013. Cardinals enter the Sistine Chapel on Tuesday to elect the next pope amid more upheaval and uncertainty than the Catholic Church has seen in decades: There's no front-runner, no indication how long voting will last and no sense that a single man has what it takes to fix the many problems. (AP Photo/Andrew Medichini)

Desse 135 kardinalane skal gi frå seg stemmene sine i Det sixtinske kapellet. Fram til ein ny pave er vald kan ikkje kardinalane kommunisere med nokon utanfor, og både kardinalane og dei som arbeider rundt må avleggje ein eid om tystnad.

For at ein ny pave skal bli vald må kandidaten få to tredjedelar av stemmene. Den første dagen av valet vert det heldt éi avstemming, og deretter blir det heldt to avstemmingar kvar morgon og kveld heilt til ein kandidat har fått nok stemmer, ifølgje New York Times.

Under valprosessen vert stemmesetlane brent, og det kjem derfor røyk frå pipa over Det sixtinske kapellet to gonger om dagen. Svart røyk signaliserer at ein ikkje har vald ny pave, medan kvit røyk betyr at ein har det.

FILE - White smoke is seen billowing out from the chimney of the Sistine Chapel and announcing that a new pope has been elected on Wednesday, March 13, 2013. (AP Photo/Gregorio Borgia, File)

Ein ny pave er offisielt vald når personen som har fått nok stemmer godtar oppgåva. Han vil så verte spurt om kva namn han ønskjer å bli kalla som pave, og kle seg i kvit prestekjole for å helse på kardinalane og vise seg for folket på ein balkong i Peterskirken. Ein seniorkardinal vil forkynne på latin «Habemus papam», eller «Me har ein pave».

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Religion