– Vår klare oppleving var at det er mange som brukar pornografi, men me ønska å få noko meir fakta på bordet, skriv Jarle Haugland, dagleg leiar i Tro & Medier i ein SMS til Vårt Land.
Ei undersøking gjennomført av Tro & Medier har sett på haldningane kristne har til pornografi. Undersøkinga heiter «Det jeg ikke vil, det gjør jeg» og har intervjua i overkant av 2.500 kristne om deira pornovanar. Spørjeundersøkinga vart sendt ut til kyrkjelyder, kristne skular og enkeltpersonar i 2024.
Avisa Dagen omtalte saka først.
Med undersøkinga ville dei blant anna sjå på:
- Kva kristne sine haldningar til pornografi er.
- Kor mykje porno kristne oppsøkjer.
- Om det er samanheng mellom kristen truspraksis og haldningar til og bruk av pornografi.
Skilnad mellom kjønna
Undersøkinga definerer dei som brukar porno fleire gongar i månaden, eller oftare, som «aktive pornobrukarar». Dei som brukar porno kvar månad eller sjeldnare vert definert som «sporadiske pornobrukarar», og dei som svarar «aldri» vert kalla «ikkje-pornobrukarar».

På spørsmål om kor ofte deltakarane oppsøkjer pornografisk innhald, svarar 70 prosent av kristne menn og kvinner over 16 år at dei «aldri» brukar porno. Under ein prosent svarar at dei brukar porno «dagleg».
Men om ein ser på pornobruk kun blant kristne menn, eller kun blant kristne kvinner, endrar biletet seg ein del. Då ser ein at 23 prosent av kristne menn er aktive pornobrukarar, medan kun to prosent av kvinnene er det same. Nesten halvparten av mennene (46 prosent) seier dei aldri brukar porno, medan 85 prosent av kvinnene svarar det same. Av dei som brukar porno sporadisk finn me 31 prosent av mennene og 13 prosent av kvinnene.
Generasjonsskilnadar
Kanskje ikkje så overraskande brukar også kristne unge oftare porno enn dei eldre. I aldersgruppa 16-24 år, det som vert kalla generasjon Z, oppgir 75 prosent aktiv eller sporadisk pornobruk, og kun 25 prosent seier dei aldri ser på porno. Også unge kristne kvinner ser meir porno enn dei eldre kvinnene.
Dei som ser minst porno er den eldste generasjonen, baby boomers, der 69 prosent seier dei aldri ser på porno.
Tru og porno

Er det samanheng mellom kristen truspraksis og pornobruk?
Ja, funna i undersøkinga tyder på det. Respondentane sin truspraksis er målt ut frå ulike kategoriar: Bøn, bibellesing, deltaking i kristent fellesskap og viktigheita av Bibelen.
Det er betydeleg fleire (76 prosent) av dei som ber dagleg som oppgir at dei aldri brukar porno, samanlikna med dei som ber sjeldnare. Av dei som ber dagleg er kun sju prosent aktive brukarar av porno, mens over ein fjerdedel av dei som ber kvar veke er det same.
I tillegg tyder undersøkinga på at det det er ein «signifikant» lågare bruk av porno blant dei som les Bibelen ofte, enn dei som sjeldan eller aldri gjer det. Nesten tre av fire som les Bibelen ofte oppgir at dei er «ikkje-pornobrukarar».
Også synet på kor viktig Bibelen er for korleis respondentane lever livet sitt, ser ut til å ha ein klar samanheng med pornobruk. Hos dei som meiner Bibelen er «svært viktig» er sju prosent aktive pornobrukarar og 76 prosent ikkje-pornobrukarar. Dei som ikkje ser på Bibelen som spesielt viktig er 29 prosent aktive pornobrukarar og 34 prosent ser aldri porno.
Kor vidt ein deltek i kyrkjeleg aktivitet eller ei, ser ikkje ut til å påverke bruken av porno nemneverdig.
Mange vil endre eigen pornobruk
Haldningane til porno ser ut til å vere negative blant kristne. Heile 78 prosent av deltakarane svarar «svært negativt» på spørsmål om dette. Men di meir deltakarane seier dei brukar porno, di meir positive er dei også til pornografi. Dei yngre er meir positive enn dei eldre.

Av dei som brukar porno, svarar 82 prosent av at dei ønskjer endring i eigen pornobruk. 83 prosent seier dei ikkje ønskjer å bruke porno i det heile tatt. Det er også flest av dei yngre som seier dei vil endre eigen pornobruk, der 93 prosent av pornobrukarane i generasjon Z svarte dette.
Kva kan funna brukast til?
– Kva er det mest overraskande funnet i undersøkinga?
– Det er kanskje at 93 prosent av pornobrukarane mellom 16 og 24 ønskjer endring. Det er både ei moglegheit og utfordring for kristne leiarar og kyrkjelyder i å ta dette ønsket på alvor og hjelpe dei til endring i liva sine, skriv Haugland, som også peiker på at det har vore interessant å sjå kor viktig Bibelen er for både pornobruk og haldningar.
Haugland seier funna skal brukast til å lære og forstå situasjonen, og sjå om det er behov for tiltak. Han håpar både nasjonale og lokale kyrkjeleiarar les tala i rapporten, og at dei drøfter korleis ein på best mogleg måte kan møte dette.
– HeltFri ser dei mørke sidene av dette landskapet, og me håpar rapporten kan vere ei oppvakning for kristen-Norge. Samtidig håpar me at me kan møte menneske som kjempar med dette med både sanning og kjærleik, slik at me hjelper dei ut i fridom, ikkje lenger inn i skammens mørke.
HeltFri er Tro & Medier si plattform for kompetanse og kunnskapsformidling om skadeverknadene til pornografien.
---
Nokre av funna i undersøkinga
- Sju av ti kristne menn og kvinner over 16 år brukar aldri pornografi.
- Undersøkinga fann ein stor skilnad mellom kjønna. Over halvparten av kristne menn over 16 år brukar porno, der 23 prosent vert definert som aktive brukarar. 2 prosent av kvinnene er aktive brukarar.
- Dei yngre kristne brukar meir porno. Kun 25 prosent av menn i generasjon Z (født rundt 1997-2012) brukar aldri porno. 45 prosent av desse er aktive pornobrukarar.
- Dei yngre kristne kvinnene brukar også oftare porno enn dei eldre. 3 av 10 kvinner i generajon Z er aktive eller sporadiske pronobrukarar.
- Det er ein tydeleg samanheng mellom truspraksis og pornobruk. Dei som ofte les i Bibelen og ser på Bibelen som viktig for korleis dei lever liva sine, ser sjeldnare på porno.
- 78 prosent av kristne menn og kvinner har eit svært negativt syn på pornografi. Dei som svarte at dei aldri brukar porno er mest negative.
---