Religion

Trur kyrkja kan spele stor rolle i førebygging av ungdomskriminalitet

TELTMØTE: Fleire Vårt Land møter på teltmøte på Mortensrud har opplevd at Gud og trua hjelpte dei ut av kriminaliteten.

Bak eit kjøpesenter ved T-banestasjonen på Mortensrud i Oslo står eit digert kvitt sirkustelt. I teltet har nesten 200 menneske samla seg for å høyre om korleis ein kan førebyggje kriminalitet og rus i bydelen.

– Me ønskjer at alle menneske i bydelen vår skal få oppleve lys, håp og fridom. Me trur me har noko godt å bringe og at Jesus er det lyset me alle treng, seier Trond Løberg, sokneprest i Klementsrud og Mortensrud kyrkjelyd til Vårt Land.

Arrangementet er eit samarbeid mellom foreininga Det finnes håp og Maritastiftelsen, og Løberg er ein av initiativtakarane. Saman vil dei setje lys på utfordringane mange unge i området står i, samt tilby eit alternativ. På fredagens seminar talte tidlegare svenske Kartellen-medlemmen Betz Assefa, politioverbetjent Hans Magnus Gjerlaug, og Ap-politikarane Ola Mannsåker og Hadia Tajik.

Teltmøte på Ekeberg.

Politioverbetjent Gjerlaug fortel om det førebyggjande arbeidet politiet gjer i området, og om tapa av ungdommar bydelen har hatt dei siste 15 åra.

– Det er nitrist. Det har me ikkje råd til, sa han frå scena.

Me trur me har noko godt å bringe og at Jesus er det lyset me alle treng

—  Trond Løberg, sokneprest i Klementsrud og Mortensrud kyrkjelyd

Bydelen Søndre Nordstrand, som Mortensrud er ein del av, er ein av dei fattigaste bydelane i hovudstaden og slit med høg kriminalitet.

– Me klarar ikkje løyse det me står i om ikkje alle koplar seg på. Det er meininga med livet, å vere der for andre. Men me må utvide forståinga av kven «andre» er. Det fintst håp, og det håpet må me tru på, sa Mannsåker, som er leiar for bydelsutvalet i bydel Søndre Nordstrand (Ap).

Vil spreie håp

Når Vårt Land snakkar med svenske Betz Assefa, har han nyleg snakka for forsamlinga om korleis han gjekk frå kriminalitet til å bli kristen og få livet sitt på rett kjøl. Svensken var tidlegare medlem i rapgruppa Kartellen.

– Eg er her for å spreie håp og fortelje at det finst ein annan veg, seier svensken til avisa.

Teltmøte på Ekeberg.

Sjølv levde han eit tungt kriminelt liv i over 20 år før han vende om for omtrent seks år sidan.

– Eg fekk trua på Jesus og no har eg eit heilt nytt liv, seier han, og fortel at han no hjelper andre som har hamna på kant med samfunnet.

Kyrkja er som eit fyr ved havet, ein ser ho langt ifrå og vil ta seg dit

—  Betz Assefa

– Kva rolle trur du kyrkja kan spele i førebygging av kriminalitet og rus?

– Eg trur kyrkja har kan spele ei stor rolle. Kyrkja er ein nøytral mark, som skal omfamne og elske alle. Eg meiner kyrkja har eit stort ansvar og mandat til å nå ut til folk. Ho er som eit fyr ved havet, ein ser ho langt ifrå og vil ta seg dit, seier Assefa.

– Me må snakke ungdommen opp

Utanfor sirkusteltet står Truls Petter Andersen saman med hunden Rafiqi. Andersen er tidlegare kriminell, men har jobba i Maritastiftelsen i 10 år.

– Når andre snakkar bydelen og ungdommane ned, må me dra dei opp. Eg har vore der sjølv, vore ein av dei ungdommane, fortel han.

Teltmøte på Ekeberg.

Han seier ingen forstod eller såg han då han trengde det, og seier at unge treng nokon som kan «leie dei på riktig veg». Sjølv har han alltid vore truande, men hamna i feil miljø. I 2015 vende han om og byrja å følgje Jesus. Han trur at kyrkja spelar kan spele ei stor rolle i førebygging av kriminalitet, og at det er viktig å vere oppsøkjande.

– Det er jo det her trua byggjer på. Samtidig er det mange som aldri vil setje ein fot i kyrkja, men då er det fint at kyrkja tek eit steg ut.

Han fortel at Maritastiftelsen snart kjem med ei ny satsing på Mortensrud, der ungdom kan komme ein kveld i veka og få eit måltid og snakke saman.

Trur einsemd er hovudutfordringa

Stig Morten Seierstad sat 6,5 år i fengsel og fortida hans bar preg av «mykje rus og grove lovbrot». Men på eitt punkt «fall han på kne» i fengselscella. Han trur hovudutfordringa med ungdomskriminalitet, er «einsemd» og «mangel på fellesskap».

– Kva treng alle menneske? Å bli sett, ikkje avvist, å bli elska og ha nokon som følgjer ein. seier han til Vårt Land.

Ved sida av Seierstad står Shahid Rasool. Han er tidlegare gjengleiar, men jobbar no med å førebyggje at unge hamnar i kriminelle miljø. Han har trua på meir inkludering og engasjement.

– I tillegg må me få med moskeane og idrettslaget. Me må samarbeide på kryss og tvers, seier han.

Sokneprest Trond Løberg

Soknepresten seier seg einig med både Seierstad og Rasool.

– Me treng å bry oss om andre. Me ser dei menneska som står på scena her og fortel om korleis dei har fått endra liva sine, seier Løberg.

Han trur kyrkja kan bidra til å skape eit godt og trygt miljø for ungdommen.

Han fortel at kyrkja har eit tett samarbeid med Frikirken på Mortensrud, og at dei har vore flinke på tiltak med føremål om integrering og språkopplæring.

– Frikirken her på Mortensrud har nok vore flinkare enn oss på det. Det er ei utfordring å nå igjennom til andre- og tredje-generasjons innvandrarar. Me håpar dette arrangementet kan vere eit tiltak som når ut, seier han.


Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Religion