Religion

Palestinsk prest er lei av kristen Israel-støtte: – Gjer ikkje det Gud rasistisk?

PREST I OSLO: Prest Munther Isaac vil ikkje at ein snakkar om forsoning – enno. Hans einaste håp no er at folket hans overlever.

– På Vestbreidda er me skremt. Alt endra seg etter 7. oktober, og det verkar som om ting framleis blir verre. Land fortset å bli konfiskert, vegar avgrensa og Israel kontrollerer dei to vegane som knyter oss til nord og sør. Dei har kontrollen over liva våre, seier Munther Isaac.

Han seier dei hatar å «klage» over situasjonen på Vestbreidda når dei veit kva som skjer på Gaza.

Munther Isaac

Isaac er prest i den lutherske kyrkja i Beit Sahour og i Betlehem på Vestbreidda. Han er på noregsbesøk for å møte kyrkjeleiarar og norske kyrkjelydar som er partnarar med kyrkjer i Palestina. Akkurat no sit han i ei solfylt stove i ein bydel aust i Oslo.

– Eg kom hit for å gi ei oppdatering om verkelegheita i Palestina, og for å mobilisere kyrkja til meir handling og støtte til kyrkjene våre, men også til palestinarane sine liv, seier Isaac til Vårt Land.

Kristne familiar reiser

Etter åtaket på Israel 7. oktober 2023, og Israel sin påfølgjande krig på Gazastripa, har situasjonen for palestinarar gradvis forverra seg også på den okkuperte Vestbreidda. Minst 40.000 palestinarar er drivne på flukt og minst 70 er drepne i israelske åtak her sidan årsskiftet.

Presten fortel at Vestbreidda i aukande grad har vorte «uleveleg» på grunn av sjekkpunkt, forseinkingar, restriksjonar og trakassering frå israelske soldatar og busetjarar.

– Dette byrja før krigen starta i 2023. Det byrja med den israelske regjeringa som trur på og støttar ekspansjonen frå busetjarar.

Palestinarane på Vestbreidda lever i konstant fortviling og frykt. Han fortel at hundrevis av kristne familiar har reist frå Betlehem-område sidan 7. oktober.

– Dei har gitt opp å ha eit verdig liv i Palestina. Dei er lei av okkupasjon og alt det medfører, seier han, og legg til at Vestbreidda også slit med dårleg økonomi og høg arbeidsløyse.

Ifølgje Isaac dreg dei kristne som flyktar frå Vestbreidda «overalt» – USA, Canada, Sverige og Hellas, for å nemne nokre.

Ingen dialog

Det er vanskeleg for palestinarar og israelarar på Vestbreidda å omgåast kvarandre – og slik har det alltid vore, seier han. Det er så å seie ingen dialog mellom partane, sjølv om det finst forsøk på dette blant både palestinske og israelske aktivistar.

– Religiøs dialog mellom muslimar, kristne og jødar i det heilage landet er ikkje så vanleg, men meir vanleg mellom kristne og muslimar, fordi begge er arabarar og palestinarar, seier presten.

Sjølv trur han ikkje på dialog med israelarane før okkupasjonen, krigen og apartheiden er over.

– For meg er det avgjerande. Elles vil det berre føre til at israelarane har det bra med seg sjølv: «Me sit med palestinarane, men me utfordrar ikkje forholda dei lever under».

Trur ikkje på forsoning no

Isaac er både teolog og forfattar, og fortel at han nyleg har skrive ei bok. Tidlegare har presten gitt ut ei bok der han fortel om korleis livet ser ut for ein kristen palestinar på den okkuperte Vestbreidda. Det var før 7. oktober 2023.

– Det er meir utfordrande å finne håp i dag. Det er meir snakk om overleving og motstandskraft. I den første boka snakka eg om at det var eit mål å dele landet. Eg sa at visjonen min ikkje var å få slutt på okkupasjonen, men å ha israelske venner ein dag, eller at barna mine skulle ha israelske venner. Men akkurat no er mitt einaste håp at me overlever. Mitt einaste håp er at det også om fem år skal finnast kristne i Palestina, seier han.

Munther Isaac

Men sjølv om håpet er der, trur han det er lite sannsyn for at det er att kristne i Gaza etter krigen. Mange er drepne og heimane øydelagde. Dei fleste som er att ønskjer å dra, seier han.

– Eg er meir og meir overtydd no om at me ikkje kan eller burde snakke om forsoning. Først må me snakke om å få slutt på undertrykking og urett, og så kan me snakke om forsoning og å dele landet.

– Kyrkja bør alltid støtte dei undertrykte

I november 2023 skreiv biskopen i Den evangelisk-lutherske kyrkja i Jordan og Det heilage land, Munib Younan, ein kronikk i Vårt Land der han bad folk om å ikkje vere pro-Palestina eller pro-Israel for å minske den allereie aukande polariseringa.

Etter snart 19 månader med krig på Gaza, og aukande vald på Vestbreidda, trur Isaac at ein i nokre tilfelle ikkje kjem utanom å måtte ta stilling.

– Likevel kan ikkje det vere basert på nasjonalitet, etnisitet eller religion. Du kan ikkje vere pro-Israel berre fordi det er Israel, eller pro-Palestina fordi det er Palestina. Ingen av oss er eksepsjonelle, og ingen av oss fortener spesiell behandling. Støtte bør ikkje vere basert på identitet, men på verkelegheit.

Isaac meiner kyrkja «alltid» bør ta parti med «dei som er undertrykte, dei som lir, dei som er marginaliserte og med sanninga».

– Ein behandlar konflikten og krigen som om det er mellom to like einingar. Men fakta frå bakken viser at det ikkje ein gong er ein konflikt. Det er éin stat som pressar eit urfolk, seier han.

Lei av kristen Israel-støtte

Mange kristne i verda, også her heime, støttar Israel. Det reagerer Isaac på.

– Eg trur me palestinarar er slitne fordi det verkar som standard at mange kristne i Vesten støttar Israel. Som om Gud ber oss om å støtte ei side, uansett fakta. Eg har høyrt mange kristne seie at me må velsigne Israel, at Gud ber oss om det. Sjølv om Israel gjer seg skuldig i krigsbrotsverk og folkemord, meiner mange at dei framleis er kalla til å støtte Israel. Verkeleg? Gjer ikkje det Gud rasistisk eller partisk? spør presten.

Isaac si oppmoding til kyrkja er å ta side med dei undertrykte og sanninga, og ikkje ta side basert på dei meiner Gud har sagt.

Munther Isaac

– Kva tenkjer du om at norske kristne framleis aktivt støttar den israelske regjeringa?

– Det er eit spektrum her. I går var eg på ein marsj på Universitetet i Oslo. Det vart kravd akademisk boikott, og det var mange prestar til stade. Eg snakkar med mange biskopar og prestar, så det er støtte. Men det er alltid nøling med å ta neste steg. Dette ser me ikkje berre i kyrkja i Noreg, seier presten.

Han meiner at det verkar som at ingen kyrkjer ønskjer å «gå heile vegen» ved å krevje sanksjonar og fordele ansvar.

– Spørsmålet me stiller oss er «kvifor vil ein at krigsforbrytarar skal bli ansvarleggjort, bortsett frå når krigsforbrytarane angrip palestinarar?»

– Hovudmålet må vere å stoppe krigen

Måndag 5. mai annonserte Israel at dei kjem til å gjennomføre ein fullskala invasjon og ta kontroll over heile Gaza. Mange palestinarar på Vestbreidda har familie og vener i Gaza og er svært bekymra for planane til Israel. Resultatet vil bli katastrofalt, endå meir enn det allereie er, seier Isaac.

– Forhandlingar har ført gislane tilbake. Og for å ha det klart, eg vil ha alle tilbake. Alle som er lauslatne, alle liv som er tekne, både palestinske og israelske, er dyrebare. Denne krigen må stoppe no, det burde vere hovudmålet. Dette er eit humanitært rop meir enn noko anna. La oss leggje politikk vekk, for nivået på lidinga er brutal, seier han.

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Religion