– Inntektene held fram med å auke jamt og trutt stort sett i tråd med dei signala me har gjeve til eigarane våre, seier Alf Gjøsund, redaktør og dagleg leiar TVL til Vårt Land.
Årsrekneskapen til TVL tyder på at den kristne TV-kanalen har byrja å snu skuta økonomisk. Kanalen finn seg sjølv i ein langt betre situasjon enn året før, sjølv om underskotet framleis er stort.
TVL var tidlegare eigd av Vårt Land, men vart i januar 2023 tatt over av Knif AS. Kanalen har gjennom fleire år slite med litte lønnsemd, som også var grunnen til avviklinga frå avisa si side.
– Leverte ikkje
Gjøsund stadfester at det er ei positiv utvikling og seier at selskapet har eit «styrt underskot fram mot balanse».
– Men nokre ting må me alltid ta atterhald om, og me frykta at salsinntektene, hovudsakleg annonsering, kunne bli dårlegare enn budsjettert i 2024, seier han.
Det skuldast både at det var ein generell nedgang i annonsemarknaden, men også at samarbeidspartnaren deira på annonsesal ikkje klarte å selje like mykje som året før, fortel han.
– Me var i ein situasjon der me samarbeida med eit eksternt selskap om dette salet, og dei leverte ikkje det me trudde og håpa.
Aukar med to millionar
Salsinntektene gjekk ned frå året før, men dei samla inntektene til selskapet har auka med nesten to millionar kroner, frå 4.118.842 i 2023 til 6.163.779 i 2024.
– Kva skuldast den auka?
– Det skuldast i hovudsak større gåveinntekter, seier TVL-redaktøren.
Ifølgje Gjøsund kjem gåveinntektene frå «heilt vanlege menneske», som kan gi alt frå 250, 300 og nokre til og med ein tusenlapp i månaden. I tillegg til at summen har auka, har givarane blitt fleire.
– Kva trur du er grunnen til at fleire gir?
– Stadig fleire oppdagar kor viktig dette tilbodet er. Me har heile tida hatt høge sjåartal, men no verkar det som at heile kyrkje-Noreg veit om, reknar med, og forholder seg til TVL, seier han.
Redaktøren seier dei mellom anna merkar det på alle tilbakemeldingane dei får frå folk.
– Som tidlegare redaktør i Vårt Land kan eg seie at me ikkje var i nærleiken av så mange tilbakemeldingar då eg jobba i Vårt Land, som me får når det gjeld TVL, seier han.
Tilsette fleire
Kostnadene til selskapet har holdt seg nokså stabile frå 2023 til 2024, og med auka i inntektene, gjekk driftsresultatet frå 8.319.591 kroner i underskot i 2023 til eit underskot på 6.473.184 kroner i året etter.
Sjølv om driftsinntektene har auka og underskotet i driftsresultatet minska, er årsresultatet omtrent likt som året før. I 2023 gjekk TVL 6.514.831 kroner i minus, medan same tal i 2024 var minus 6.471.915 kroner.
– Kvifor er årsresultatet så å seie det same som året før?
– Det er først og fremst fordi me har styrkja organisasjonen vår. TVL vart drive i starten av svært få personar, i praksis meg i tillegg til noko innleigd kapasitet. No har me 6, 5 årsverk i redaksjonen, så lønnsutgiftene våre har stige kraftig.
– Dermed har me ein meir sunn og berekraftig bedrift. Om me skulle drive med framtida for auge, så måtte me gjere noko med det.
Mål om «balanse» i budsjettet nest år
Sjølv om fleire piler peikar oppover, er underskotet altså framleis stort.
– Korleis skal de sørgje for at underskotet held fram med å minske framover?
– Inntektene våre aukar heile tida. Me har eit budsjett som legg opp til eit litt mindre underskot i år, og som på eitt eller anna tidspunkt neste år er nokon lunde i balanse. Me har i tillegg fått nokre høve til innsparingar, til dømes bytt ut nett-TV løysinga vår, noko me sparar ein million i året på, seier Gjøsund som peiker på at det framleis er krevjande å selje annonsar.
– Men me vil få eit betydeleg betre annonsesal i år enn i fjor. Me har no teke over annonsesalet sjølv, seier han.
I februar i år stemte eigarane for å skyte inn meir kapital i TVL i staden for å avvikle kanalen. I samband med dette presenterte TVL eit budsjett der dei slo an at kanalen ville liggje på eit underskot på mellom 3,5 og 4,4 millionar kroner i 2025, og håpte å ha redusert underskotet til mellom 0,5 og 1,2 millionar året etter.
– Eigarane må ta stilling til korleis dei skal betrakte desse innskotne midla, om det er noko dei ønskjer att på eit tidspunkt, eller om det er noko som dei ønskjer å bidra med inn i TVL sitt prosjekt, avsluttar Gjøsund med å seie.
---
TVL
- Kristen TV-kanal, lansert av Vårt Land i 2022
- Etter lågare inntekter enn forventa, avvikla avisa selskapet i januar 2023. Knif AS overtok eigarskap og drift. Knif er igjen eigd av 64 organisasjonar og kyrkjesamfunn.
- Før stod forkortinga for TV Vårt Land, men etter eigarskiftet står den no for TV Logos.
- Kanalen samarbeider med kristne organisasjonar og kyrkjesamfunn om delar av innhaldet
- Alf Gjøsund er ansvarleg redaktør og dagleg leiar
---