Den norske kirke

Utvalsleiar om prostifellesråd-nei: – Håpar inderleg me slepp nye, lange prosessar

DEN NORSKE KYRKJA: Folket har talt: dei ynskjer ikkje prostifellesråd. Kva betyr det for vegen vidare? Er dette starten på eitt nytt kapittel i den tilsynelatande eviglange sagaen om kyrkjeleg organisering?

Morten Müller-Nilssen leia utvalet som fekk i oppdrag frå Kyrkjerådet å koma med forslag til ei ny, kyrkjeleg organisering, basert på såkalla prostifellesråd.

Det nye kyrkjelege organet skulle erstatte dagens fellesråd og utøve arbeidsgjevarfunksjonar for alle som jobbar i den lokale kyrkja. Men no har folket talt, gjennom ein grundig høyringsrunde: dei ynskjer ikkje det nye rådet velkommen. Kva betyr det for vegen vidare for arbeidet med ei ny, kyrkjeleg organisering?

– Eg håpar inderleg me slepp nye, lange prosessar, seier utvalsleiar Müller-Nilssen.

Trass i eitt nei til organet som har lagt grunnlaget for heile rapporten utvalet hans har utarbeidd, meiner han at ein ikkje rykker tilbake til start.

– Eg meiner Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet ikkje treng å be om fleire utgreiingar. Det er fullt mogleg å ta ei avgjersle basert på dei grundige prosessane som er køyrt til no, seier Müller-Nilssen.

Det er utvalsmedlem og leiar for Presteforeningen, Martin Enstad, einig i:

– Eg trur ikkje dette betyr nye rundar med høyringar og utgreiingar. Eg trur Kyrkjerådet kan halde seg til tidsplanen som alt er sett opp om dei ynskjer det.

Etter planen skal Kyrkjemøtet i 2022 vedta prinsippa for ei ny, kyrkjeleg organisering, før ein fattar eit endeleg detaljvedtak på Kyrkjemøtet i 2023.

Det er fullt mogeleg å ta ei avgjersle basert på dei grundige prosessane som er køyrt til no.

—  Morten Müller-Nilssen

Vil ikkje halde fram som i dag

Oppdraget om å greie ut ein modell basert på prostifellesråd kom som eitt forsøk på ei mellomløysing, etter at ein ikkje greidde å få fleirtal for nokon av dei to modellane for kyrkjeleg organisering som var oppe på Kyrkjemøtet i 2016. I den eine låg arbeidsgjevaransvaret for alle som arbeider lokalt i kyrkja i fellesrådet, og i den andre låg det i bispedømerådet.

– Det er ikkje så mange fleire alternativ å greie ut no. Men sjølv om ein har avvist modellen med prostifellesråd er det mykje i utgreiinga som kan vera nyttig. Og det same gjeld høyringsuttalingane, meiner presteforeiningsleiar Enstad.

Martin Enstad i Presteforeningen

Kyrkjerådsdirektør, Ingrid Vad Nilsen, er einig.

– Ingenting har havarert, men me måtte greie ut det som ikkje var greia ut frå før. No går me nøyare inn i høyringssvara, og me ser at dei mellom anna peikar på felles arbeidsgjevar og ei samanhengande kyrkje. Dette må me sjå nærmare på i fortsetjinga, seier Vad Nilsen.

---

Prosjekt ny kyrkjeleg organisering

  • Kyrkjemøtet har bedt Kyrkjerådet om å leggje fram ein konkret plan for arbeidsgjevarorganisering, og resten av kyrkjeordninga.
  • Målet er ei ny, enkel og funksjonell kyrkjeordning.
  • I oktober 2019 etablerte Kyrkjerådet Prosjekt Kirkelig organisering.
  • Hovudutvalet i prosjektet fekk i oppdrag å greie ut moglege løysingar knytt til eit felles kyrkjeleg organ på prostinivå, der dette rådet kan utøve arbeidsgjevarfunksjonar for alle som jobbar i den lokale kyrkja.
  • Utvalet leverte sin rapport 31. mars 2021, der dei peikar på ulike alternativ og tilrådingar.
  • Rapporten blei sendt på høyring, og kommunar og offentlege høyringsinstansar hadde frist 15. oktober. Kyrkjelege høyringsinstansar som sokneråd og fellesråd hadde frist 1. desember. Samanlagt seier dei nei til ein modell basert på prostifellesråd.

---

– Er det eit alternativ å halde fram med organiseringa slik ho er i dag?

– Høyringa gjev eit godt grunnlag for å finne ei ny og betre organisering og dette vil ein jobbe vidare med. Det er lagt ein plan framover, men der er opp til Kyrkjerådet korleis vegen vidare blir, seier kyrkjerådsdirektøren.

Ho fortel at dei framleis har som målsetjing å vedta prinsippa for ny organisering på haustens Kyrkjemøte.

Nye alternativ

Martin Enstad meiner ein må ta i bruk moment frå alle dei ulike modellane for ny organisering når ein teiknar opp ei ny løysing. I arbeidet i Müller-Nilssen utvalet var Enstad den einaste som stemte for eit forslag der alle er tilsette nasjonalt i rettssubjektet Den norske kyrkja, men der dei fleste arbeidsgjevarfunksjonane for dei lokalt tilsette vil liggje i prostifellesråda.

Fleire bispedømeråd har foreslått ein liknande modell, der hovudforskjellen er at ein byter ut prostifellesrådet med dagens kyrkjelege fellesråd. Hamar gjekk tidleg ut med dette som eit alternativt forslag til prostifellesrådsmodellane.

Ingrid Vad Nilsen, direktør i Kirkerådet.

Det trur Enstad kan bli ei god løysing, der ein får éin felles nasjonal arbeidsgjevar, men ein beheld eit tettare band til kommunane, noko som mange ifylgje Kyrkjerådet har peika på som eit argument mot prostifellesråda i sine høyringssvar.

Andre ynskjer seg nok andre variantar. Kyrkjerådsdirektøren påpeikar også at det har skjedd endringar sidan dei to andre modellane blei stemt over i 2016, og at ein derfor må sjå på korleis ein kan kombinere dei ulike nivå på ein ny måte.

– Trussamfunnsloven har opna nokre rom som ikkje låg der i 2016, og dette må brukas som grunnlag for å sjå på nye mogleikar, seier Vad Nilsen.

---

Kyrkjas arbeidsgjevarar

  • At prestar har ein annan arbeidsgjevar enn dei andre kyrkjetilsette har grunnar tilbake i historia. Tradisjonelt var det bygdefolk sjølv som bygde kyrkja, og staten som sende presten til dei.
  • Dette er bakgrunnen for det som blir omtalt som dei to arbeidsgjevarlinjene i DNK. Sokneråda kan også velje å tilsetje eigne diakonar, prestar og andre, som gjev ein tredje arbeidsgjevar, men dette gjeld eit fåtal.
  • Fram til 2017 var prestane i DNK tilsette i staten. Ved skiljet blei «rettssubjektet» Den norske kyrkja arbeidsgjevar for prestane. Framleis er prestane ein slags gjestearbeidar på ein annan arbeidsplass.
  • Det er fellesrådet som i dag har det juridiske ansvar for diakonar, kateketar, kantorar, kyrkjeverjer, trusopplærarar og så vidare. Ofte er det delegert til kyrkjeverja lokalt.

---



Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Mer fra: Den norske kirke