Paven bad fredag om orsaking for katolske prestar sine sexovergrep. Han bad om orsaking for syndene og lovde å «gjere alt som er råd» for å hindre at prestar igjen skal forgripe seg mot barn.
Pavens ord skilte seg ikkje mykje frå dei kommentarane han har gjeve i tidlegare rundar om overgrepsskandalane i den katolske kyrkja, først og fremst i brevet til dei irske biskopane i mars i år.
LES OGSÅ: Paven beklagar, vil stille overgrepsprestar til ansvar
Ekstra vekt. Men orda fekk denne gongen ei ekstra sterk vekt ved at dei vart uttalte i ei messe på Petersplassen som feira slutten på Vatikanet sitt År for prestane.
Paven vart til dømes sterkt kritisert for at han ikkje nemnde overgrepsskandalen i si preike påskedag.
LES OGSÅ: Eidsvig om overgrep: - Mediekatastrofe av Vatikanet
Den gudstenesta fekk derimot sitt sterke ettermæle fordi ein kardinal brukte messa til å forsvare paven mot «sladder».
LES OGSÅ: Kardinal forsvarte paven mot «sladder»
Avdekking. Den årelange feiringa av presteåret er først og fremst blitt hugsa for avdekkinga av stadig nye presteovergrep mot barn i ei rad land. Vatikanet er også blitt teken eller blitt kritisert for å ha dekka over ei rad av skandalane og gjort lite for å fjerne overgrepsprestar.
LES OGSÅ: Mister troen på paven
Synder. Paven gjorde det klart at i eit slikt feiringsår skulle gleda ha vore i sentrum. I staden er «presteskapet sine synder komne fram i lyset, særleg overgrep mot dei små».
– Vi ber inntrengjande om Guds tilgjeving og tilgjeving frå dei som er ramma, medan vi lovar å gjere alt vi kan for å sikre at overgrep ikkje skjer igjen, sa paven ifølgje ei melding hos nyhendebyrået Associated Press.
Sølibatet. Paven forsvarte i ein tale torsdag kveld sølibatet. I dentalen nemnde han ikkje spesifikt overgrepa, melder Associated Press
Men fredag tok han altså eit oppgjer i den avsluttande messa.
Reinse. Catholic News skriv på si nettside om feiringa av presteåret. Denne nettsida refererer at paven torsdag kveld ikkje uttrykkjeleg nemnde overgrepssakene, noko han altså gjorde i gudstenesta fredag.
Ein av biskopane seier at han trur Gud prøver å reinse kyrkja fordi den trengst meir og meir.