Kirkeliv

No opnar kyrkjene igjen

OPNING: Etter 80 søndagar med ulike koronareglar i kyrkjer og bedehus, kunne kyrkjelydane i dag endeleg feire gudsteneste saman – heilt utan restriksjonar.

– I dag er det 18. søndag i treeiningstida, og første søndag i opningstida!

Det var feststemning i Fagerborg kyrkje då sokneprest Bendik Baasland opna gudstenesta med desse orda. Sidan 12. mars i fjor har kyrkjene vore gjennom mange strenge restriksjonar, og i lengre periodar har det ikkje vore mogleg å gjennomføre gudstenester i det heile.

I dag var det endeleg fullt i benkeradene. To bunadskledde dåpsfølgjer og musikalsk innslag frå Det norske damekor som helste kyrkjelyden med Gloria av Vivaldi, skapte ei stor kjensle av høgtid i Fagerborg denne søndagen.

Fagerborg kirke, gjenåpning 26. september. Line Andreassen, daglig leder

Strenge restriksjonar

– Det kjennest nydeleg! Endeleg er vi tilbake slik det skal vere, seier dagleg leiar Line Andreassen i Fagerborg kyrkjelyd før gudstenesta startar.

Ho starta i jobben i fjor sommar, midt under pandemien. Ho seier tida med nedstenging har vore veldig spesiell.

Kyrkjene i Oslo og kommunane rundt var blant dei som var hardast ramma under nedstenginga. Frå november i fjor hadde Oslo eigne, lokale restriksjonar på grunn av høgt smittetrykk på det sentrale Austlandet.

Fagerborg kirke, gjenåpning 26. september. Bendik Baasland.

Kreativ

Medan mange kyrkjer kunne gjennomføre gudstenester, med redusert tal på gjestar, gjennom det meste av pandemien, var kyrkjene i Oslo heilt stengt for alt utanom gravferder frå november i fjor til midtvegs ut i mai i år.

– Det var krevjande, men eg opplevde at kyrkja var veldig framoverlent og kreativ i denne perioden. Vi har ønska å vere kyrkje og kyrkjelyd også i denne tida, kor mykje har vore digitalt. Vi gjennomførte blant anna 1. søndag i advent to julaftangudstenester utandørs, seier Andreassen.

Ho er særleg glad for at det no er mogleg å kunne invitere til gudstenestefellesskap med store kor i kyrkja igjen. Kyrkjelyden på Fagerborg er kjend for å vere heim til eit rikt musikkliv, og er blant anna fast heim til Bislett Guttekor og det nyetablerte Fagerborgkoret.

Fagerborg kirke, gjenåpning 26. september. Bendik Baasland.

Koronaliturgi

Søndagens gudsteneste opna utan dei vanlege instruksjonane om korleis ein gjennomfører nattverd under koronaen, som mange kyrkjegjengarar er blitt så kjende med.

– Det følast godt å sleppe alt dette andre, seier sokneprest Baasland.

Dei faste formaningane om smittetiltak før inngangsordet er nærast blitt som ein del av liturgien dei siste månadane, seier han. No gleder han seg til å kunne tale til fulle kyrkjebenkar igjen.

– Det følast godt! Eg har sakna den fulle kyrkja, seier han.

Øystein Gjerme

Slepp meteren

Også pinseforsamlinga Salt i Bergen feira gjenopninga denne søndagen, med storsamling i barnekyrkja og presentasjon av eit nytt tentrokull, som er pinsekyrkjene sitt svar på konfirmantar.

– Det er fint å endeleg kunne helse på kvarandre med ein klem eller eit handtrykk, seier hovudpastor Øystein Gjerme.

Det er godt å igjen kunne invitere til eit fellesskap kor vi ikkje treng å halde meteren og avgrensa talet på plassar. Det vil gjere det enklare for nye folk å komme til kyrkja og bli ein del av fellesskapen, seier han.

Gåsehud

I St. Olavs katolske domkyrkje i Trondheim var det også feststemning då dei for første gong kunne feire messe utan nokon av dei strenge restriksjonane.

Informasjonsmedarbeidar i Trondheim stift Ivan Vu fortel at det gjennom pandemien har vore berre koret som har kunne synge med på dei ulike messeledda. I dag kunne kyrkjelyden endeleg bli med og synge Kyrie og Gloria for full hals.

Katolikkane i Trondheim gler seg over å kunne feire messe utan restriksjonar.

– Det å høyre heile kyrkjelyden synge med på alle messeledda… Eg fekk gåsehud!

Han fortel at særleg påska var tøff for mange katolikkar. Sjølv var han så heldig at han fekk vere til stades under messefeiringa i år, fordi det var han som hadde ansvar for filming og streaming til resten av kyrkjelyden som følgde med heime.

– Det var trist å sjå at det var så få til stades på påskemessa. No gelder vi oss veldig til neste år og til at vår nye biskop Erik Varden skal halde messe for ei fullsett kyrkje, seier Vu.


Fagerborg kirke, gjenåpning 26. september.




Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Mer fra: Kirkeliv