– Det er naturleg å tenkje framover og fokusere på at me skal utvikle oss saman som kyrkjelyd. Men det har vore ei vanskeleg tid for mange, og viss menneske har sår er det viktig at eg som pastor kan hjelpe dei med det.

Det seier Kristian Bønes Yndestad om å frå hausten av skulle leie ein kyrkjelyd som har stått i konflikt over lang tid.
Bergens Indremisjon er det formelle namnet på forsamlinga, men på folkemunne blir ho kalla Betlehem, etter namnet på bygget der dei held til. Eigedomen på Nøstet i Bergen sentrum har vore i deira eige sidan 1889, og her ligg forsamlingssal og kontor den dag i dag.
Saka er tidlegare omtalt av avisa Dagen og Sambåndet.
Utfordrande, men vakkert
Dette blir den fyrste pastorjobben for Yndestad. Han sit for tida med innspurten på masteroppgåva si innan Teologi og Misjon på Fjellhaug Internasjonale Høgskole i Oslo, men gler seg til å ta fatt på arbeidslivet.
– Kva er det som appellerer med å bli pastor?
– Det kan vera eit veldig utfordrande yrke, men det er også noko utruleg vakkert med å gå saman med menneske og peike på Jesus i ulike livssituasjonar.
Yndestad har ein klar tanke om kva slags pastor han ynskjer å vera. Han vil vera ein stabil og trygg leiar som er der over tid.
– Også vil eg forkynne Guds ord og evangeliet på ein måte som er til styrke og trøyst.
Det kan vera eit veldig utfordrande yrke, men det er også noko utruleg vakkert med å gå saman med menneske og peike på Jesus i ulike livssituasjonar.
— Kristian Bønes Yndestad
Ung, men ikkje naiv
Det kan koma godt med. Ei personalsak enda i 2019 med at begge dei dåverande forsamlingsleiarane trakk seg, i tillegg til fleire styremedlemmar, ifylgje Dagen. Også i 2016 var det ei konflikt i kyrkjelyden, den gongen i forbindelse med ei rekkje tilsetjingar.
Yndestad har sjølv vore ein del av forsamlinga i Bergen i eitt år, før han og kona flytta til Oslo i 2017.
– Dette var ei lomme mellom konfliktane, så eg blei skjerma frå dei og har dei litt på avstand.
Bergensaren fortel at han har hatt vondt av forsamlinga som har gått så lenge utan pastor og at han har bedt for dei i åra etter han sjølv gjekk der.

– Nokon vil kanskje seie at du ikkje gjer det lett for deg sjølv med å velje dette som fyrste pastorjobb?
– Njaaa.
Yndestad dreg på det.
– Det kan vel vera, men eigentleg trur eg ikkje det. I kvar kyrkjelyd er det utfordrande ting ein må stå i, men så er det også fantastiske ting ein får ta del i. Det er klart at det er ein del utfordringar i Betlehem, men eg er ikkje sikker på at dei er større der enn andre plassar.
Han påpeikar at alle forsamlingar er sett saman av menneske som treng nåde.
– Posisjonen du skal gå inn i har stått tom i 2,5 år. Korleis trur du det har påverka forsamlinga og situasjonen du overtek?
– Eg er ikkje heilt naiv til korleis dette kan bli og kva utfordringar som kan oppstå. Eg er ung og uerfaren, og eg er audmjuk på at eg må vekse inn i rolla saman med forsamlinga. Eg vil bruke tid, oppleve og erfare, for så å ta det derifrå.
[ KFUK-KFUM vurderer om «kristelig» hører hjemme i navnet ]
Styreleiar: – Krevjande
Olav Henrik Haugen er hovudstyreleiar i Bergens Indremisjon. Han er veldig glad for at Yndestad er tilsett som pastor og forsamlingsleiar, og fortel at mange i Betlehem gler seg med han.

– Me har fått utelukkande positive tilbakemeldingar og det er mange som er takksame no, seier Haugen.
Han fortel at ein tidlegare har lyst ut stillinga, utan at det resulterte i tilsetjing.
– Korleis har det vore for forsamlinga å stå utan pastor så lenge?
– Det har vore krevjande. Styre og eldsteråd har måtta tatt over ein del av funksjonane som naturleg ligg hjå ein pastor. Også har me utruleg mange flotte frivillige som verkeleg har stått på for å planleggje gudstenester og samlingar.
[ Ekskludert Jehovas vitner-medlem nådde ikke fram i Høyesterett ]
Haugen trur forsamlinga har vakse på at så mange har måtte ta på seg mykje ansvar. Likevel er han glad for at den tida snart er omme. Han utelukkar ikkje at konfliktane dei har stått i har gjort det vanskelegare å finne ein ny pastor, men seier han også veit om andre forsamlingar som slit med rekruttering.
Gler seg til å flytte heim

Det fyrste året skal Yndestad ha stillinga som pastor i femti prosent. Han skal pendle frå Oslo, sidan kona har eitt år att av studiet sitt der. Men etter det blir det full pastorstilling og fast bupæl i byen mellom dei sju fjell. Endeleg.
– Me er begge frå Bergen og me gler oss veldig til å flytte heim.
På spørsmål om kva han saknar mest frå heimbyen treng han ikkje tenkje lenge.
– Fjell. Det er alt for lite Fjell i Oslo.
Frå trusrørsla til indremisjonen
Men Yndestad er vane med omstilling. Heile oppveksten og fleire år av vaksenlivet høyrde han til trusrørsla og gjekk i Credokirken (tidlegare Levende Ord) i Bergen. Overgangen til å bli det han kallar ein «ganske bevisst lutheranar» skildrar han som ei reise.
– Det var godt å lande i ei luthersk vedkjenning, og kjenne at der eg før følte at eg måtte presse fram ei tru eller overtyding kunne eg no kvile i det Jesus gjorde.
Likevel presiserer bergensaren at han har mange positive opplevingar og relasjonar frå tida i trusrørsla.
– Kjem du til å ta med deg noko derifrå inn i Betlehem?
– No har eg blitt ein veldig indremisjonsgut, seier Yndestad og ler godt.
– Men me er vel alle eit produkt av oppveksten vår, på godt og vondt. Men eg trur ikkje dei treng førebu seg på eit krasj, altså.
[ Erstad har forlatt kona, KrF og konservativ kristendom. Men han tror fortsatt på Gud ]