Lillesøndag

Jesus er mellom vener

PALMESØNDAG: Teksta sitrar av spenning framfor det som skal skje.

Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde. Der heldt dei eit festmåltid for han. Marta var tenar, og Lasarus var ein av dei som låg til bords med han. Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og tørka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen. Då sa Judas Iskariot, ein av læresveinane, han som sidan sveik Jesus: «Kvifor vart ikkje denne salven seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?» Dette sa han ikkje fordi han hadde omsorg for dei fattige, men fordi han var ein tjuv. Det var han som hadde ansvaret for pengekassa, og han tok av det som vart lagt der. Men Jesus sa: «Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min. Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid.»

Den store mengda av jødar som var samla, fekk no vita at Jesus var i Betania. Og dei kom dit, ikkje berre for Jesu skuld, men òg for å sjå Lasarus, som han hadde vekt opp frå dei døde. Då la overprestane planar om å drepa Lasarus òg, for mange av jødane drog dit for hans skuld og kom til tru på Jesus. Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa: Hosianna! / Velsigna er han som kjem / i Herrens namn, / Israels konge!

Joh 12,1–13

Tekstblikk: Jesus er mellom vener

Hans Johan Sagrusten, teolog, prest, bibelomsetjar og forfattar

Sagrusten

Det er seks dagar før påske. Teksta sitrar av spenning framfor det som skal skje.

Måltidet som dei held til ære for Jesus, blir fylt av tre teikn som peikar fram mot døden hans: Salven som Maria ærar han med, blir tolka som gravferdssalve. Overprestane legg planar om å drepa Jesus. Og Judas har alt byrja å tala om pengar.

Jesus er mellom vener denne dagen – dei same venene som vi kjenner frå andre tekster: syskena Marta, Maria og Lasarus. Vi såg det nære forholdet mellom dei då Jesus vekte opp Lasarus: Systrene kalla broren for «han som du er så glad i» (Joh 11,3). Det same sa jødane: «Sjå kor glad han var i han» (11,36). Sjølv kalla Jesus Lasarus for ein ven (11,11).

Som i forteljinga om Marta og Maria (Luk 10,38–42) er det Marta som gjer teneste, som verbet diakónei kan omsetjast (12,2). Også Maria har den same rolla som før: Ho er heilt oppslukt av Jesus og tek plass ved føtene hans (12,3).

Og som då Jesus vekte opp Lasarus, er Lasarus sjølv passiv – om enn på ein annan måte: No ligg han ikkje i grava, men til bords. Det er systrene som er dei aktive.

Evangelia har tre forteljingar om kvinner som salvar Jesus. Matteus og Markus fortel om ei kvinne som salvar hovudet hans hjå Simon den spedalske (Matt 26,6–13; Mark 14,3–9), Lukas fortel òg om ei kvinne som salvar Jesus heime hjå Simon, men der er Simon farisear, og det er føtene til Jesus som blir salva (Luk 7,36–50). I forteljinga hjå Johannes skjer salvinga i Betania, og det er Maria som salvar føtene til Jesus (Joh 12,1–8).

Bibellesarar har spurt seg: Er dette tre ulike hendingar, eller er det tre variantar av den same historia? Vi veit ikkje svaret på dette. Kanskje antydar dei tre forteljingane at Jesus vart gjenstand for fleire slike kjærleiksfulle handlingar i løpet av livet?

Til sist endar teksta på same måten som i dei andre evangelia: med ropet Hosianna, velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Ropet er så likt formulert i evangelia at det må ha festa seg tidleg: Slik var det dei hugsa denne fyrste palmesundagen.

Prekenblikk: Jesus ber om omsorg

Åste Dokka, teolog og kommentator i Vårt Land

Åste Dokka har nylig gitt ut boken "Leve vanskeligere".

De fattige har dere alltid hos dere, sier Jesus. Og også: Men jeg er her bare nå. Det er dere må være sammen med meg, for tida renner ut.

Er det sagt i sorg? Frykt foran døden? Uttrykker Jesus det menneskelige behovet for å bli sett og tatt vare på? Det er en sårbar ting å be sine venner så åpent om omsorg. Dermed er det også et uttrykk for dyp tillit, for et ømt vennskap mellom mennesker. Jeg røres av Jesu ensomhet, og av den trøsten han får av Marias hender. Vennskap er så viktig.

Jesusordet har mer på lager: Judas var ikke egentlig opptatt av de fattige, forsikrer Johannes oss om. Men det kan det jo godt hende han var, og at den gode evangelist her prøver å dempe det radikale og uforståelige i ordene til Jesus, han som ellers er så opptatt av fattige.

Uavhengig av hva Judas egentlig ville, er Jesu svar et av hans mest interessante utsagn hos Johannes, ja i hele Det nye testamente. For finnes det virkelig øyeblikk der etikk ikke er relevant?

På en måte har jeg lyst til å svare nei. Etikken er alltid viktig. Men ser vi på hvordan en stat bruker pengene sine, eller hvordan vi selv gjør det, går ikke alt til sosial utjevning. Det finnes også andre ting å bruke krefter og penger på. Det er gode ting, ting som hører livet til. Og jeg tror at dersom vi alltid har blikket festet mot nød, akutt fare og urettferdighet, så mister vi noen helt sentrale ting av syne. I dette tilfellet: sorg, nærhet, omsorg og kropper som berører hverandre.

Jesus viser oss noe som mang et fromt menneske kan ha godt av å vite: Det kan være riktig å be om noe for seg selv, selv om det finnes andre med behov.

---

Bibelbetraktninger

  • Hver onsdag får du bibelbetraktninger for helga. De er skrevet ut fra søndagens tekster, hentet fra tekstrekkene som blant annet Den norske kirke bruker. Iblant er den gammeltestamentlige teksten i fokus.
  • Tekstblikket gir fagkunnskap om bibelteksten, og er skrevet av en bibelviter. Prekenblikket angir noen punkter til inspirasjon for forkynnelse over teksten.
  • Våre skribenter er: Ellen Aasland Reinertsen, Hans Johan Sagrusten, Hilde Brekke Møller, Marianne Bjelland Kartzow, Håkon Sunde Pedersen, Ole Jakob Filtvedt, Karl Olav Sandnes, Ingunn Aadland, Ingrid Brækken Melve, Lena Caroline Stordalen og Åste Dokka.

---

Åste Dokka

Åste Dokka

Åste Dokka er kommentator i Vårt Land. Hun er ordinert prest i Den norske kirke, forfatter og har en ph.d. i teologi. Hun kom til Vårt Land i 2017 og skriver om teologi, kirke, eksistens og kultur.

Mer fra: Lillesøndag