NRK-sjefen: – Eg er eit truande menneske

– Og her er den berømte hemmelege trappa!

Kontoret til kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen er som henta rett ut av ein spenningsfilm frå etterkrigstida. Den rundboga døra i hjørnet av rommet gir tilgang til styrerommet i etasjen under, og tilbyr samtidig ein rask og alternativ veg ut for den som måtte hamne i krysselden.

Den øvste sjefen for NRK har likevel ikkje hatt behov for å beinfly, sjølv om det er mykje som hamnar på hennar bord. Kanskje er det godt at bordet er så stort. Fürst Haugen brukar ikkje kontorpult, men har eit omfangsrikt og stilsikkert møtebord som underlag for sakene ho må hanskast med i krinken. Heile det stilfulle rommet er freda av Riksantikvaren.

– Alt er så vakkert! Eg ville sjå om det gjekk an å få rommet tilbake til slik det såg ut originalt. For å attskape balansen, måtte kontorpulten ut, smiler kringkastingssjefen.

– Men eg sit jo i møter heile dagen uansett.

Vibeke Fürst Haugen er kringkastingssjef i NRK.

Har prøvd å slutte

Sidan Fürst Haugen fekk toppjobben i 2022, har ho ikkje styrt sin eigen daglege kalender. På forkontoret har ho eit heilt team av folk som passar på kva ho skal gjere og til kva tid.

– Det er vanvitig mykje som følgjer med rolla som kringkastingssjef, seier ho, men utan snev av klage i stemma.

Denne dama må nemleg elske å jobbe i NRK. I statskanalen på Marienlyst har ho vore sidan ho fekk ein mellombels jobb som resepsjonist i 1994. Sidan har ho gått gradane heilt til topps. Ho verkar nesten overraska når vi ved rask hovudrekning påpeiker at det er 31 år sidan ho begynte her.

– Det er heilt vilt, seier ho.

– Eg har prøvd å slutte fleire gonger. Men eg har aldri funne noko som er like gøy!

Vibeke Fürst Haugen er kringkastingssjef i NRK.

– Ei viktig oppgåve

No om dagen tenker kringkastingssjefen berre meir og meir på kor viktig det er med redaktørstyrte medier.

– Det kjennest meiningsfullt å få vere med på dette i ei tid kor så mykje står på spel. Vi har definitivt ei viktig oppgåve, seier ho.

Fürst Haugen treng ikkje mange sekunda på å snakke seg varm om arbeidsplassen sin, med alle sine 100 yrkesgrupper og 3000 menneske, spreidd over femti ulike stader i landet. Den store medieinstitusjonen er som kjent på flyttefot, og skal i løpet av 2029 få nytt hovudkontor på Ensjø i hovudstaden. Tida på Marienlyst er altså snart forbi. Folka som jobbar i NRK har derimot ikkje ein utbreidd tendens til å flytte vidare så fort.

– Det er fire generasjonar hos oss. Frå eittåringane i NRK Super til 72-åringane som ikkje vil slutte, smiler kringkastingssjefen.

– Eg fortalte barna mine at eg skulle snakke med sjefen for NRK i dag. Dei hadde veldig lyst til å bli med, begeistra av tanken på å kunne møte sjefen over Supernytt!

– Då må du komme tilbake hit med dei ein dag, kan du ikkje det? Dette er jo eit ope hus, så vi opnar gjerne for barna så dei kan komme inn, seier Fürst Haugen.

Visse nytestamentlege bibelsitat kling i bakhovudet, om ein fyr frå Nasaret som også ville sleppe barna inn, men vi skal la det bli med tanken. Kringkastingssjefen er ikkje Jesus. Derimot har ho jobba fleire år i NRK-systemet nettopp med å skape innhald for barn. For statskanalen er både små og store brukarar viktige.

Vibeke Fürst Haugen er kringkastingssjef i NRK.

Første kvinnelege sjef

NRK skal som kjent spegle samfunnet vi lever i. Kringkastingssjefen fortel om kor mykje dei arbeider for å sikre mangfald på ulike plan. Det står framleis att ein del å bli betre på, men statskanalen verkar i grunnen å vere langt framme i skoa.

At Vibeke Fürst Haugen sjølv er den første kvinnelege kringkastingssjefen i NRKs historie, har ho eigentleg ikkje tenkt så mykje på. Ifølgje henne har nemleg kjønnsbalansen i rikskringkastinga vore svært god i lang tid. Men slik er det altså – som kvinneleg kringkastingssjef er ho kort og godt «fürst».

– Når eg ser bort på veggen der, ser eg jo at det er veldig mange menn, seier ho om portretta av tidlegare kringkastingssjefar som heng på den eine kortveggen.

– Mange har sagt at dei synest det er inspirerande at ei kvinne kan ha denne jobben. Då tenker også eg at det er viktig.

---

Fakta:

  • Vibeke Fürst Haugen
  • 56 år
  • Kringkastingssjef
  • Kjem frå Bærum, bur på Tåsen i Oslo
  • Gift med Espen. Har ein gut på 14 og ei jente på 13 år
  • Har over påske hatt jobben som kringkastingssjef i tre år

---

Vil vere modig, nysgjerrig og raus

For Fürst Haugen har det uansett alltid handla om å lære nye ting og få nye utfordringar – ho har ikkje målbevisst søkt seg mot toppen.

– Det handlar om roller. Og no er rolla mi å sjå kor langt, fort og smart eg kan springe for at neste mann eller kvinne får eit endå betre NRK å overta, seier ho.

– Eg ønsker å vere modig, nysgjerrig og raus. Det prøver eg å ha med meg i kvardagen.

Dei ulike stormane som har vore rundt henne i løpet av dei tre åra hennar som toppleiar i NRK – med stikkord som Bamsegutt, Sophie Elise og Melodi Grand Prix – kommenterer ho på denne måten:

– Det er ingenting som er så lærerikt som å gjere feil. Det brukar å gjere ganske vondt, men det er mykje læring i det. Det er mange som synest at dei nemnte sakene har vore kjempekrevjande. Men vi må også snu situasjonen til å bli noko som styrkar oss.

Vibeke Fürst Haugen er kringkastingssjef i NRK.

Daglege morgonturar med hunden

Rolla som kringkastingssjef grip langt inn i kvardagslivet hennar. Som sjef for NRK må ho i praksis vere tilgjengeleg 24-7. Ho får likevel ferie innimellom, då med ein konstituert sjef som fungerer i hennar fråvære. Og sjølv om det er mykje jobb å vere toppleiar, er heller ikkje kvardagen totalt blotta for fritid.

– Eg har fri innimellom, eg òg. Eg har jo to barn, ein gut på 14 og ei jente på 13, seier Fürst Haugen.

– Og så har eg hund og mann!

Som privatperson er Vibeke Fürst Haugen ganske privat, men litt klarer vi å eske ut – i tillegg til at ho har like lett for å få parkeringsbøter som Vårt Lands utsendte. Også for henne går det mykje i kampar, cupar og dopapirsal – velkjente faktorar for mange foreldre med barn i idrettslaget. Kvar morgon har ho likevel ei lomme av tid for seg sjølv, som ho brukar til å gå tur med hunden Tidlig Genesis. Hunden har fått det oppsiktsvekkande namnet sitt av mannen Espen, fortel kringkastingssjefen, etter den tidlege, eksperimentelle fasen til favorittbandet hans. Tidlig Genesis – eller berre Tidlig til kvardags – er ein såkalla cockapoo, ei søtnosete blanding av cocker spaniel og puddel.

– Han skulle eigentleg vere krøllete og røytefri, men det er han ikkje. Tvert om er han strihåra og røyter som berre det. Men han er heilt nydeleg. Alle dagar startar med at eg er ute med han, seier Fürst Haugen mjukt.

Ho står til kvardags opp før klokka seks og kjem seg raskt ut med Tidlig. På denne turen må ho ha fullkommen ro rundt seg – ingen podcast på øyret, ikkje eingong ei lita radiosending. Slik får ho samla seg til dagens dont, som startar med matpakkar og gymbagar før arbeidsdagen i NRK tek til.

Meldte seg ut av kyrkja

Kveldane er på den andre sida ikkje så lange som for ein del andre.

– Eg er eit ihuga A-menneske, så eg må jo også legge meg tidleg om kvelden. Klokka ti er eg allereie kjempetrøytt, så eg prøvar å legge meg halv elleve. Då sovnar eg fort, fortel kringkastingssjefen.

– Klarer du å unngå å la tankane kverne om jobben?

– Nei, det klarer eg ikkje! Men erfaringa mi som leiar på ulike nivå er at det er mindre emosjonelt krevjande dess høgare oppe du er som leiar. Eg har vore mykje meir søvnlaus som mellomleiar.

– Bortsett frå morgonturen; kva gjer du når du skal kople ordentleg av?

– Det finaste eg veit er å vere ute i naturen. Det er nok i naturen, og helst i stillheit, at eg koplar meg på noko anna enn kvardag, seier 56-åringen.

Laurdagar brukar ho å ta heilt fri, før delar av søndagen går med til å førebu neste veke. I seinare tid er ho likevel ikkje framand for å gå i kyrkja. Då vi tidlegare i år intervjua henne til hundreårsmarkeringa for radiogudstenesta, uttrykte ho at ho «set pris på kyrkjerommet, preika, musikken og fellesskapet».

– Eg meldte meg ut av Den norske kyrkja som ung vaksen på slutten av 1980-talet. Då var eg veldig oppgitt over ei kyrkje eg oppfatta som fordømmande og ekskluderande. Kyrkja hadde ei lite raus haldning, seier Fürst Haugen og held fram:

– Viss ein trur på Gud: Korleis er det rom for å ekskludere, halde folk utanfor og ikkje invitere inn? Det må jo vere heil feil. Derfor meldte eg ut.

Viss ein trur på Gud: Korleis er det rom for å ekskludere, halde folk utanfor og ikkje invitere inn?

—  Vibeke Fürst Haugen

Deltek ofte på gudstenester

I det siste har det likevel skjedd noko nytt. Ho har alltid opplevd at kyrkjerommet er eit godt rom å komme inn i, og på reiser i utlandet har kyrkjene fortald henne noko om landet og kulturen. Men no har ho begynt å gå meir regelmessig til gudstenester i Noreg. Ho har fått lov av den 14-årige sonen å fortelje kvifor.

– Han er ikkje døypt i kyrkja, men ønskte å konfirmere seg kyrkjeleg. Så vi har snakka mykje om dette, og eg har i det siste vore ein del med på gudstenester. Det er veldig interessant, for plutseleg har vi heilt andre samtalar, seier Fürst Haugen.

Ho har vore mest på gudstenester i Sagene kirke og gir gode skotsmål både til kyrkja og til prestane der. Ho synest det har vore lett å kople seg på – sjølv om kyrkjebesøka hennar på eitt vis har komme nokså overraskande på henne.

– Det er mange ting som har gått opp for meg no som eg har vore ein del i kyrkja, ikkje minst korleis ting heng saman. Eg har fått høyre ulike prestar og preiker, som på ulikt vis inviterer til refleksjon. Eg har fått høyre det fantastiske koret som syng i Sagene kirke. Og eg har fått prate med folk på kyrkjekaffi, seier Fürst Haugen.

– Har det skjedd mykje sidan den gongen du meldte deg ut?

– Ja. Og det er vel kanskje det eg synest er aller mest fascinerande. Eg oppfattar ei stor openheit i kyrkja. Det er utruleg mykje som skjer der. Kyrkja er inviterande og svært lite fordømmande, seier kringkastingssjefen.

Vi kjem inn på Jesus, som inkluderte alle – også dei utstøytte i samfunnet. Inkludering skulle altså vere ein naturleg impuls for kristne. Samtidig har det skjedd mykje sidan 1980-talet når det gjeld openheit, også i Den norske kyrkja.

– Eg har ikkje har følgt så godt med i timen. Det har eg ikkje, innrømmer Fürst Haugen.

Vibeke Fürst Haugen er kringkastingssjef i NRK.

Søker stillheita

Om ho no tenker å melde seg inn att i Den norske kyrkja, er likevel usikkert. Ho kjenner i utgangspunktet ikkje på eit behov for å vere innskriven ein bestemt stad – slik ho generelt ikkje har behov for å bli definert eller kategorisert.

– Eg vil seie at eg er eit truande menneske. Men eg har ikkje eit spesielt ønske om å sette namn på det, seier ho.

Det same gjeld Gud. Kringkastingssjefen trur på noko som er større enn oss. Men ho veit ikkje heilt kva ho skal kalle det, og det kjennest greitt. Nærværet kan ho likevel kjenne på, ikkje minst i stilla ute i naturen.

– Då kjenner eg ein resonans, ei tilknyting og ei meining som eg kan kople meg på. Den kjensla er uavhengig av kyrkjebesøka mine, meiner ho.

– Ro, resonans, tilknyting, meining. Dette er jo gode ting?

– Absolutt. Frå eg var ung har eg også hatt ulike meditasjonspraksisar, som ein måte å søke stillheita på. Eg opplever at det er ein fin måte å vere forankra på. Gjennom meditasjonen kan eg oppnå ei kjensle av å vere til stades.

– Til stades i ditt eige liv eller i noko større?

– Så interessante spørsmål du stiller. Eg trur eg best kan forklare det som ei form for tilhøyrsle. Og eg synest ho er til stor hjelp og nytte i kvardagen min.

– Bøn og meditasjon er ikkje så langt frå kvarandre?

– Nei, det har eg tenkt på. Eg ber jo ikkje, men eg veit kva bøna i kyrkja er. Eg kan forstå at det er likskapar.

Det er mange ting som har gått opp for meg no som eg har vore ein del i kyrkja

—  Vibeke Fürst Haugen

Gjekk 850 kilometer pilegrim

Kringkastingssjefen trur vi alle treng noko som kan hjelpe oss når ting er vanskelege, ikkje minst når verda er uroleg og vi er ekstra bekymra på grunn av det.

– Eg har stor forståing for at folk leiter etter stader der dei kan finne meining og trøyst. Det ligg mykje trøyst i trua, seier ho.

I kyrkja på Sagene har ho fleire gonger sett dåpsfølgja som kjem med borna sine for å døype dei i namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage Ande. Ho trur fellesskapet som kyrkja tilbyr, er noko av det viktigaste i trua.

Sjølv om ho vandra bort frå kyrkja som ung vaksen, har Vibeke Fürst Haugen også på fleire vis vore ein del av eit fellesskap som har vandra tilbake – både i overført og bokstavleg forstand. Dei ferske kyrkjebesøka kan seiast å vere ein del av dette. Ho har også gått pilegrimstur til Santiago de Compostela.

– Vi gjekk i fem veker frå Pyreneane. 850 kilometer, med høge fjell og djupe dalar. Motivasjonen var ikkje religiøs, vi ville berre gå ein lang tur. Men etter at praten hadde gått fritt dei to første vekene, blei vi etter kvart veldig stille. Og vi var innom mange kyrkjerom. Då vi fekk vi høve til å tenke, fortel ho, og seier at ho aldri har kjent seg så fri og lett som på denne turen.

Vibeke Fürst Haugen er kringkastingssjef i NRK.

Samanliknar kyrkja og NRK

Kringkastingssjefen synest å merke seg ei rørsle av folk som i større grad enn tidlegare opnar opp for å gå i kyrkja. Også i Noreg. Det meiner ho er interessant.

Samtidig vil ho ikkje kopla alt opp mot tru og religion, heller. Ein kan vere venleg og god mot andre utan at ein er religiøst anlagt. Sjølv er ho fast givar, og gir ein månadleg sum til Leger Uten Grenser, Kirkens Bymisjon og Kreftforeningen. Gode fellesskap må heller ikkje alltid vere religiøse, understrekar ho.

– Eg trur veldig på samarbeid. Ingen av oss får til mykje på eiga hand. Vi må alltid hjelpe og støtte kvarandre, seier ho.

Kringkastingssjefen ser nokre likskapar mellom NRKs oppdrag og kyrkja sitt oppdrag.

– Vi må utvikle oss i takt med samfunnet vi er ein del av. «Endre for å bevare» – eg trur ikkje det er noko vi snakkar meir om enn dette. For å samle og engasjere må vi vere ein raus og mangfaldig arena. Vi skal vere relevante og attraktive for kvar nye generasjon, seier ho.

Påsketida har for meg alltid vore ein start på noko som kjem, ikkje ein slutt

—  Vibeke Fürst Haugen

Vil halde fram med gudstenester

I påska skal ho rett nok ikkje vere på plass i NRK. Påskeferien har Vibeke Fürst Haugen tenkt å bruke saman med familien.

– Vi skal til fjells og håpar at vi kan finne litt snø, seier ho, men innser at ho truleg må reise høgt opp.

For henne er uansett ikkje påska forbunde med kyrkjegang. Det kan rett nok hende at ho slår på ei radiogudsteneste eller to.

– Dette er jo eit tema som dukkar opp til debatt kvart år: Er det riktig at NRK sender gudstenester? Men dei er ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt. Vi har ingen planar om å slutte med gudstenestene, seier kringkastingssjefen.

Fürst Haugen er både døypt og konfirmert i kyrkja. Som barn lærte ho bibelhistoriene om jul og påske på søndagsskulen, ein kyrkjeleg aktivitet som gjekk føre seg på Røa i Oslo, i nærleiken av besteforeldra.

– Eg hugsar godt klistremerka vi fekk, seier ho.

Sjølv vaks ho opp i nabokommunen Bærum saman med ei søster og ein bror, før familien seinare flytta til Oslo saman med ein fetter av henne som blei foreldrelaus som tiåring. Familien brukte alltid å gå i kyrkja på julaftan då ho var barn, noko ho sjølv også har gjort mange gongar i vaksen alder. Kristendommen var ikkje eit vanleg samtaletema i barndomsheimen, men barna visste godt om den kristne trua til far sin. Mot slutten av livet hans fekk Vibeke samtalt mykje med han om denne.

– Far blei sjuk med Parkinson og var dårleg i mange år. Vi visste godt at han skulle døy, så vi snakka mykje om dette. Han og eg hadde mange fine samtaler om døden og kva han trudde på, fortel Fürst Haugen.

Vibeke Fürst Haugen er kringkastingssjef i NRK.

– Ei ny begynning

I den bibelske påskeforteljinga er det nettopp det som kjem etterpå som vekker interessa hennar – etter at Jesus døyr på krossen.

– Det ligg eit stort håp i det. Ei ny begynning. Påsketida har for meg alltid vore ein start på noko som kjem, ikkje ein slutt.

Ho ser ut vindauget.

– Det heng jo også godt saman med det som skjer der ute. Kvar gong eg ser tidlege krokusar ute på plenen, tenker eg: No skjer det igjen, seier Vibeke Fürst Haugen.

– Det er eit lite mirakel kvart år – som tenner håp og glede.

---

4 raske

  • Gud er: Ei tru på samanheng og orden
  • Eg klarer meg ikkje utan: Nokre stille augneblink i kvardagen
  • Boka alle må lese: Solvej Balles Om utregning av romfang, eit eineståande litterært prosjekt
  • I gravferda mi vil eg ha denne salmen: Deilig er jorden

---