– Me kunne ikkje setje livet på vent. Verda er ei litt anna enn då me sa ja til å bli utsendingar i starten av mars i fjor, så me måtte ta valet om å reise ut heilt på nytt, seier Henrik Nandrup.
Året som har gått har ikkje blitt som planlagt for han og kona Ingebjørg. I august i fjor skulle dei nemleg ta med seg sonen sin Filip til millionbyen Medan i Indonesia som utsendingar for Norsk Luthersk Misjonssamband (Misjonssambandet).
Når dei no forhåpentleg reiser ut i august, eitt år seinare enn planlagt, er det med eitt ekstra familiemedlem med på flyttelasset. Vesle Elise ligg og søv i vogna si på balkongen i leilegheita ekteparet kjøpte for å leige ut medan dei var utanlands, men som no har blitt heimen deira det siste året.

– Sidan Indonesia ikkje blei noko av i fjor måtte me ha eit anna prosjekt, og fekk ein baby i staden, seier Ingebjørg med glimt i auget.
[ Flammer slo opp fra taket på NLM-bedehus ]
Går glipp av fellesskap
Eigentleg skulle alle dei 40 store og 40 små nye misjonssabandsutsendingane samlast for eit fem veker langt førebuingskurs i Nairobi, Kenya, før dei reiste vidare ut til dei nye heimlanda sine.
I fjor var fyrste gong ein planla dette, etter at ein såg at det fjorten dagar lange kurset ein til då hadde hatt i Noreg ikkje var nok førebuing til tenesta.
Men korona kom i vegen, og heller ikkje i år blei det mogeleg å gjennomføre storsamlinga. I staden er det digital kursing i egen heim i ei veke, og digitale fagdagar utover hausten.
---
Norsk Luthersk Misjonssamband
- Misjonsorganisasjon med «Verden for Kristus» som visjon.
- Også kalla NLM, misjonssambandet og sambandet.
- Har arbeid i Noreg i tillegg til i om lag 15 land i Afrika, Sør-Amerika og Asia.
Kjelde: nlm.no
---
– Innhaldsmessig får dei meir opplæring no enn før korona, men det som er veldig synd er at dei går glipp av å bli kjent med kvarandre og sjansen til å bygge fellesskap og identitet, seier Kristoffer Krohn Sævre, som koordinerer rekrutteringa av utsendingar i Misjonssambandet, og dessutan er ansvarleg for førebuingskurset.

[ Sjømannsprestene kan reise igjen ]
Bratt læringskurve
Også ekteparet Nandrup hadde sett fram til opphaldet i den kenyanske storbyen.
– Der skulle me bruke tid saman som familie, og bli kjent med dei andre. Ein mistar det å sitje saman rundt måltida og dele erfaringar, seier Ingebjørg, som likevel fortel at dei i kveld er inviterte på middag hjå eitt av dei andre para som skal flytte til Indonesia.
Om dei kjenner seg godt nok førebudde til å reise ut dreg dei litt på, men landar på at det mest sannsynleg berre blir ei brattare læringskurve når dei fyrst kjem til sitt nye heimland.
– Men me merkar at me har blitt slusa inn i eit veldig proft opplegg. Me får gjennomgang av retningslinjer, god opplæring og lister over alt som må fiksast. Det er veldig deilig, synest Ingebjørg, som trur dei aldri ville kjent seg godt nok førebudd.

Ho trur det er ein fordel at ekteparet kjenner organisasjonen godt frå før. At ho sjølv har vakse opp som misjonærbarn i Mongolia gjer også at ho veit litt meir om kva dei går til.
For vesle Filip på snart tre år er det vanskeleg å sjå for seg sitt nye liv, men at han skal få nytt rom og gå mykje i shorts har han bite seg merke i.
Foreldra gler seg til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver innan barne- og ungdomsarbeid og bistandsprosjekt.
[ De er kunstnere fra Moria-leiren og stiller ut i Oslo. Fremtiden ellers er uviss ]
Korona inga rekrutteringshindring
Sævre i Misjonssambandet seier dei er positivt overraska over at korona ikkje har lagt ein dempar på rekrutteringa av utsendingar, og trur noko av grunnen er at det er ei avgjersle mange brukar år på å ta.
– Me har berre hatt eitt tilfelle der me har rekruttert ein person som så trakk seg som direkte konsekvens av korona. Bort imot alle utlysingar er fylt, og mange tek kontakt med oss, seier personalkonsulenten.

Han fortel at sjølv om dei er godt nøgde med å sende ut 40 nye, vaksne utsendingar, er dei framleis ikkje oppe i talet på utsendingar i 2019, før pandemien. Dei nye misjonærane erstattar i all hovudsak andre utsendingar som skal heim av ulike årsaker, så talet held seg stabilt.
Men til neste år håpar han at ein stor gjeng endeleg kan samlast til fysisk førebuingskurs i Kenya.
[ – Vi kristne er ikke like interesserte i å bruke tid på noe som ikke kan ende i at man gifter seg ]