Flaggar ny identitet

Flagget viser kven vi er. Difor kan landet på den andre sida av kloden få eit i svart-kvitt som flaggar gjenføding, vekst og fred.

Reportasje

Flagg viser styrkje og samhald – og er internasjonale varemerke.

Franskmenn brukar trikoloren til å lime nasjonen saman etter terroråtaka i Paris.

Nordmenn fyller bygder og byar med flagg når det stundar til nasjonalfest – eller skifest.

– På mange måtar er flagget det einaste nordmenn har felles, for det viser at vi er norske, seier vexillogen Jan Henrik Munksgaard. Vexillogi er læra om flagg.

Amerikanske presidentar går med flaggpin på jakkeslaget for å vise verda at dei er akkurat det dei er; stolte amerikanske presidentar.

LES OGSÅ: Heiser de flagget, venter fengsel

Står i stjernene

Langt sør i verda, i øystaten New Zealand, er det mange som slett ikkje er stolte over nasjonens flagg; ein blått som viser kvar landet ligg og kvar dei historiske banda går:

Til høgre ligg Sørkorset, eit stjernebilete som berre er synleg på den sørlege halvkula. Til venstre, på øvre del, ligg Union Jack; det britiske flagget.

– Dagens Union Jack-basert flagg er rett og slett dårleg design, det er eit rot av uoriginale idear.

Oppsummeringa blir forkynt av organisasjonen NZflag, som kjempar iherdig for at New Zealand skal få nytt flagg, som borgarane kan vere stolte av.

Munksgaard, som er historikar og pensjonert museumsdirektør, har følgt flaggstriden i øystaten:

– Mange vil ha vekk Union Jack då det høyrer historia til. Dei vil vise fram det moderne, sjølvstendige New Zealand.

LES OGSÅ: Sverre Bruun var i Eritrea da landet valgte selvstendighet

For likt naboen

Andre vil ha det vekk fordi det er for likt naboen Australias flagg:

– Mange peikar på kva det kostar å få nytt flagg, men 26 millionar dollar i eingongskostnader må balanserast mot dei hundretals millionane som kvart år blir brukt på å reklamere for New Zealand, men som Australia haustar fordelane av, seier David Shearer i ei pressemelding – han leiar ei stor eksportbedrift i hovudstaden Wellington.

Flagga er så like at newzealandske statsministrar har opplevd å bli hylla med australske flagg på utanlandsreiser.

LES OGSÅ: «Er Dahl og Fugelli virkelig våre fremste vismenn?»

10.000 utkast

Dei 26 newzealandske millionane – nesten 150 millionar kroner - skal brukast på to folkeomrøystingar om nytt flagg.

Akkurat no, i desse desemberdagar, sit newzealandarar og grunnar på kven av dei fem alternative dei skal rangere øvst på stemmekortet som kom i posten i november.

Før første runde gjekk regjeringa ut og ba om alternativ til dagens nasjonalflagg. Over 10.000 utkast dumpa inn. Av desse blei 39 kandidatar valt ut og sendt vidare til eit nasjonal flaggpanel, som så valde ut fem som folket no skal velje mellom.

LES OGSÅ: «Er du prest eller kødder du?»

For framtida

– Vi trur at eit nytt flagg skal vere frå New Zealand, og feire oss som ein progressiv, inkluderande nasjon som er festa til vårt miljø, og som tek opp i seg både fortida og framtida.

Analysen blir levert av jussprofessor John Burrows, leiar av det nasjonale flaggpanelet. 11. desember blir det klart kva flagg som vann første folkeomrøysting. Vinnaren skal ut i ein folkeomrøystingsfinale i mars – mot dagens newzealandske flagg.

Det har den konservative statsministeren John Key bestemt.

LES OGSÅ: – Akkurat nå pågår den verste masseutryddelsen siden dinosaurene døde

Gjekk i skogen

New Zealand er ikkje åleine om å flagge ein protest mot den gamle kolonimakta. Øystaten Fiji vil det same. Begge seier at det er gjort før; begge peikar på Canada som allereie i 1965 fira Union Jack – og heiste den raud-kvite lønnebladflagget. Lønnetreet er sjølve nasjonaltreet i den kanadiske nasjonen.

No har New Zealand gjort det same. Dei har gått til skogen for å finne symbol som kan pryde nasjonens nye flagg. Det eine av dei fem flagga i semifinalen er i svart-kvitt og viser ein koru, maori for krølla, samanrulla. Maori er også namnet på urfolket som budde på New Zealand då britane gjekk i land og la øyane under London. Koruen er eit maorisymbol på nytt liv, gjenføding, vekst, styrke og fred.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Sjølve nasjonaltreet

Koruen har maoriane henta i skogen. Spiralmotivet byggjer på forma til nye skot på sølvbregna. Silver fern er sjølve nasjonaltreet på New Zealand, og prydar alt frå landslagsdraktene til dei ferske verdsmeistrane i rugby, All Blacks, til newzealandske soldatar på fredsoppdrag. Difor har tre av dei fem utvalde flagga i folkeomrøystinga ei sølvbregne.

11. desember er det klart kven av dei fem som samla flest stemmer.

– Konservative vil nok bevare dagens flagg, medan liberale, radikale og nasjonale vil ha eit nytt, trur vexillogen Jan Henrik Munksgaard.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Reportasje