Irak
Ein mann med bind for auga blir leia opp trappene. Hendene er bundne bak ryggen på han. På bakken utanfor huset står mange og ser opp, ventar på det som skal skje.
Då mannen har kome fram til toppen av bygget, blir han tvungen til å stå ute på kanten. Ein kan sjå at han strittar imot, at beina skjelv. Så blir han skubba utfor. Han døyr idet han treff bakken. Avretta fordi han er skulda for å vere homofil.
Dette skal ha skjedd i al-Furat-provinsen i Irak. Gruppa Den islamske stat (IS) skal ha avretta minst 25 menn dei meiner var homofile, dei aller fleste på den same måten som skildra ovanfor, ifølgje Syrian Observatory for Human Rights (SOHR). To av dei skal ha vore under 18 år. Dei som ikkje døydde av fallet, vart steina til døde av folkemengda og krigarar som venta nede på bakken.
LES OGSÅ: – Ingen kamp mellom mitt muslimske og mitt lesbiske eg
Ugandiske homofile vart tvungne til å gå under jorda, etter at homofili vart kriminalisert i landet i 2014.
Uganda
Elskaren til Bashaija, ein klassekamerat, fortalde om forholdet deira på ein fest, då han var full. Det skjedde på same tid som regjeringa i Uganda ville innføre ei love som forbaud homofili, for eit par år sidan. Bashaijas far var soldat, mora var evangelisk pastor. Sonen vart forvist frå kyrkja og faren sende militærpolitiet for å banke han opp. Han fekk ikkje vere nær sine sysken, fordi han kunne «smitte» dei. Han reiste til hovudstaden Kampala.
Der vart han lurt til å kome heim til ein mann som heldt han som gissel i åtte timar. Han vart brent med kokande vatn, sparka og slått. Og han vart tvinga til å ha sex med eit anna gissel.
«Heile tida spurde dei: Kven gjorde deg homofil? Kvifor er du homofil? Kven betalte deg for å vere det?», fortel Bashaija til The Guardians journalist.
Dei tok pengane han hadde på seg. Han lova å skaffe dei meir. Han fekk hjelp av ein ven til å kome seg til lege og seinare for å melde gjerningsmennene til politiet. Dei skal ikkje ha fått noko straff. I etterkant var Bashaija redd for å gå ut på gata, redd for at dei skulle ta han igjen.
Dmitry Tsilikin var ein russisk journalist.
Russland
31. mars i år fann politiet i St. Petersburg den russiske journalisten Dmitry Tsilikin død. Ifølgje politiet vart Tsilikin drepen av ein mann som var invitert til leilegheita hans, og som knivstakk journalisten fleire gongar. Gjerningsmannen var ein 21 år gammal Hitler-beundrar som vart arrestert veka etter.
Tsilikin skal ikkje ha sagt offentleg at han var homofil, sjølv om venene hans meinte han var det. Gjerningsmannen skal ha møtt Tsilikin på nettet og hadde planar om å presse han for pengar. Drapet skal ha skjedd etter ein krangel.
Organisasjonen Human Rights Watch (HRW) har tidlegare dokumentert at mange homofile som avtalar møter over nettet, blir lurt av gjengar som bankar dei opp og torturerer dei. Dei filmar det og legg videoen ut på nett. Tanya Cooper, som jobbar for HRW i Russland, seier at ingen av dei mange angrepa på homofile ho veit om dei siste åra har blitt etterforska som hatkriminalitet av russisk politi.
LES OGSÅ: Kjende frykta på kroppen
Bangladeshiske muslimar ber kista til Xulhaz Mannan under gravferda i Dhaka, 26. april i år. Ansar-al Islam, som er Al-Qaidas avdeling på kontinentet, har tatt ansvar for drapet på aktivisten og hans ven.
Bangladesh
I april i år kom ein person på døra til Xulhaz Mannan i Dhaka, hovudstaden i Bangladesh, og presenterte seg som postbud. Mannan slapp han inn. Deretter kom ein gjeng inn døra, og saman med «postbudet» hakka dei Mannan og venen hans til døde med macheter. To andre vart også skada i angrepet.
Mannan starta magasinet Roopbaan, som var det einaste som var retta mot homofile, biseksuelle og transpersonar i Bangladesh. Han sto også bak ei årleg «regnbueparade» i Dhaka. I år vart denne avlyst. Homofile relasjonar er ikkje lovleg i Bangladesh, og mange har blitt tvinga i eksil.
To unge menn som deltek i årets pride-parade i Lima, Peru, går forbi ei evangelisk kyrkje. Skiltet utanfor kyrkja lyder: Jesus utfører mirakel.
Peru / Tyrkia
I februar i år samla aktivistar seg på ein open plass i Perus hovudstad Lima, for å ta del i ein fredeleg protest dei kalla «kyss mot homofobi». Opprørspoliti reagerte med slag, spark og vasskanonar.
Noko av det same skjedde i Tyrkia i august i fjor, då tyrkisk politi reagerte med vald mot ein planlagt LHBT-parade. Liknande parader er også blitt angripne i Ukraina, Slovakia og fleire andre land, ifølgje Amnesty International.
Tunisia
Under ein husfest i desember 2015 vart seks menn i Tunisia arrestert og skulda for «sodomi» – altså, seksuell omgang med dyr. For å bevise dette, vart alle seks tvinga til å gå gjennom ei analundersøking. Dei risikerer tre års fengsel. Dei er no ute mot kausjon, men får stadig trugslar og er redde, ifølgje Amnesty International.
To menn kyssar kvarandre under den årlege pride-paraden i den greske hovudstaden Aten i fjor. På skiltet står det: Vi snakkar om kjærleik, men får berre hat tilbake.
Hellas
Ein sommarkveld sat Costas og kjærasten hans på ein benk i Aten. Dei vart plutseleg angripne av ein gjeng som braut Costas' bein. Over eit år etterpå er gjerningsmennene framleis på frifot. I Hellas var det homofile utsett for hatkriminalitet 137 gongar i 2015, ifølgje Amnesty. Året før var talet betydeleg lågare – «berre» 34.