Ho kjenner panikken ta ho. Snautt fire veker har gått sidan ho kom heim frå sjukehuset med bylten som gjorde ho til mor for fyrste gong. No får ho ikkje kontakt med han. Ektemannen er på arbeid.
Det er sjette dagen på rad der sonen ikkje vil eta og verkar slapp. Dei to legebesøka dei siste dagane har berre resultert i ein beskjed om at han sikkert er forkjølt. Men det er noko som ikkje stemmer.
Den nybakte mora hiver seg i bilen og køyrer så fort ho tørr dei 15 kilometrane inn til legevakta i Tromsø.
Det er ein usedvanleg varm sommardag, men sonen verkar kald på fingertuppane. Ho legg eitt pledd over bilstolen og den lettkledde kroppen hans.
Legen som tek imot dei tek pulsen på den vesle guten, før han spring av garde med han. Ho spring etter, men blir stoppa.
Maria Kristina Labba gjer som ho plar når ho står i kriser. Ho ringjer syskenbarnet sitt som skal bli prest.
«Áslat-Ánte er kritisk sjuk. Kan du ikkje vera så snill å be, du som har direkte kontakt med Gud?». Syskenbarnet er på eit bønemøte, seier dei skal be.
Det går ikkje lange stunda før han ringjer tilbake.
«Veit du kva? Du treng ikkje uroe deg. Det kjem til å gå bra.»
Orda treff ho som ein tsunami. Alt stresset i kroppen slepper brått taket.
---
Maria Kristina Labba
- Alder: 45 år.
- Bakgrunn: Doktorgrad i juss, bachelorgrad i samisk.
- Sivil status: Gift, to barn.
- Aktuell med: Ny generalsekretær i Samisk kyrkjeråd.
---
[ Svenske kyrkan ber samane om orsaking for overgrep og diskriminering ]
Enorm letting
Sjølv no, 14 år seinare, ser du at hendinga sit i kroppen. Ho slepper skuldrene, og sig litt saman når ho fortel om den enorme lettinga stemma i andre enden av telefonen gav ho.
– Eg stolte heilt på det han sa.

Syskenbarnet hennar har vore viktig for trusreisa til Labba. Også andre gonger der har vore krise har ho ringt han, men aldri har han gitt ho eit like klart svar som den varme sommardagen då livet stod på hovudet.
– Hadde det ikkje vore for han, hadde eg nok ikkje hatt ei slik tru på bøn si kraft. Det er viktig å ha slike personar rundt seg. Personar som ein har tillit til at talar sant.
– Det han har opplevd i sitt liv, hans openberringar, har gitt meg ein tryggleik på at det finst ein gud.
Difor synest Labba det er viktig at ho sjølv også delar tankar og opplevingar med tru med andre. Kanskje spesielt når ho snakkar med menneske som er undrande eller tvilande.
Nokre timar etter telefonsamtala med syskenbarnet, blei det klart at det gjekk bra med vesle Áslat-Ánte, som ifølgje mora hadde hjartesvikt på grunn av ein medfødt hjartefeil.
Sjokkert ektemann

Me sit i eit rom med omtrent så mykje personlegdom som eit møterom på eit konferansehotell kan ha. Det er Kyrkjemøte i Trondheim, og representantar frå heile landet er samla for å stake ut kurs for Den norske kyrkja (DNK).
Labba har vore generalsekretær for rådet som skal fremje, verne og samordne samisk kyrkjeliv i DNK og vareta urfolksspørsmål; Samisk kyrkjeråd, i omtrent tre månadar.
Reisa til kyrkja sitt hovudsete føyer seg inn i ei lang rekke denne hausten.
– Jag tror min mann er sjokkerad, seier Labba om reaksjonen på reisinga på det ho sjølv omtalar som svorsk.
[ Kyrkjas organisering eskalerer konfliktar, meiner fleire. No står endringar på trappene ]
– At mamma skal leve lenge
Den svenske statsborgaren kom til Samisk kyrkjeråd frå stillinga som fyrsteamanuensis i rettsvitskap ved UiT Norges arktiske universitet.
Ein stereotypisk byråkrat utan humor skildrar ho seg sjølv som. Men glimtet i auget når ho seier det, og talet på gonger ho ler i løpet intervjuet, tydar på fleire nyansar.
Doktorgraden sin skreiv ho om to av sine største interessefelt: juss og reindrift.
– Eg har vakse opp med kvardagssamtaler som i stor grad har handlar om reindrift. Det gjer det framleis når eg snakkar med mamma og pappa i sær, men også andre i familien.
Ein ringetone, på så høgt volum at me begge kvepp i stolane, bryt inn. Trass i at den korte praten skjer på nordsamisk, kjenner ein att ord som liknar på «intervju», «ringast» og «hade».
– At mamma skal leve lenge, det er godt.
Generalsekretæren forklarar: Det at mora ringde akkurat då ho blei snakka om skal bety at ho kjem til å leve lenge.
Ein god tanke.
[ Da menigheten skulle flytte, fant de et historisk objekt med tydelig beskjed til Hitler ]
Grenselaust
Labba snakkar med foreldra nesten kvar dag. Faren er ikkje lenger aktiv reindriftsutøvar, det tek dei fire yngre brørne til Labba seg av, men han held seg oppdatert.
Og sjølv om det er spanande studie og kjærleiken som har lokka og halde ho i Noreg dei siste åra, har ho også mange barndomsminne frå landet.
Kvar sommar var ho med familien for å flytte reinflokken til sommarbeite til det norske høgfjellet.
Slik som så mange generasjonar ho har greidd å spore opp før dei har gjort.

For Sapmi, det nordsamiske namnet på urfolket sitt historiske buområde, kjenner ikkje landegrenser. Delar av Noreg, Sverige, Finland og Russland har i århundre vore naturleg knytt saman av reintrekk og beiteområde.
Juristen finn fram ark og penn for å forklare den interne organiseringa i reindrifta. Korleis det svenske omgrepet sameby tilsvarar det norske reinbeitedistrikt, og korleis desse att er delt inn i siidaer, ei form for familiegrupper eller arbeidsfellesskap.
Barndomsminne frå vårflyttinga
Kunnskapen og engasjementet gjer like mykje inntrykk som strekteikningane. Det er akkurat dette, og lovgjevinga knytt til det, ho har skrive doktorgrad om.
Ho forklarar korleis vår- og haustflytting har vore regulert sidan 1700-talet då grensa mellom noverande Noreg og Sverige blei etablert. Men det er ikkje berre teoretisk kunnskap.
– Vårflyttinga er kanskje høgdepunktet i reindriftsåret. Det var ei «jättespännande» tid.
Ho seier ho berre har gode minne frå tida saman med sysken, onklar, besteforeldre og syskenbarn som reiste med flokken om våren.
Men med nærmare ettertanke snik det seg også inn nokon minne om somrar der det knapt slutta å regne, og der det rann små bekkar gjennom lavvoen.
– Alt var vått og lukta røyk, minnest Labba.
Likevel får barndomsminna ho til å tenkje over kor individualistisk samfunnet me lever i er i dag. Sjølv i reindrifta ser ein den same tendensen.
– Folk har byrja å stresse meir. Me lever i ei sjølvsentrert tid, seier ho på sitt lågmælte vis.

[ Dronning Sonja deler sin tro i ny bok: – Jeg var fascinert av det katolske ]
Reindriftsarven
Også mannen hennar, Tore Anders, er reindriftsutøvar på fulltid. På vinteren er han vekke i lengre periodar, når det er hans tur til å passe på flokken blant utøvarane i sidaen han er ein del av.
Men om Labba håpar at ein av sønene skal ta over stafettpinnen er ho usikker på.
– Det er store utfordringar i reindrifta. Og det er veldig dårleg økonomi. Ein gjer det visst ikkje for pengane, men fordi det er ein livsstil ein blir født inn i.
Ho prøvar å få sagt noko om kor viktig del av livet reindrifta er for mange, men kapitulerer.
– Det er vanskeleg å forklare.
Sjølv har ho via livet sitt studie, og har for lengst innsett at ho aldri personleg kjem til å jobbe med reindrift.
– Likevel har jag jättesvårt at lemna det helt.
---
4 raske
- Gud er: Den som har skapt alt og som er over alt.
- Eg klarar meg ikkje utan: Tru og håp.
- På gravsteinen min skal det stå: Burde ha hatt meir sköyesans.
- Boka alle må lesa: Bibelen, så klart, og det læraren din gjev deg i lekse å lesa.
---
Dramatiske læstadianarmøte
Mesteparten av barndomen hadde ho i den vesle bygda Övre Soppero, som ligg på same breiddegrad som Narvik. Der er berre fem mil til fiskegrensa.
Og på dei læstadianske møta besteforeldra tok ho med på varierte språka frå talarstolen mellom finsk, nordsamisk og svensk.
Møta hugsar ho som ganske dramatiske.
– Det var veldig harde ord frå predikantane.

Men det som gjorde at det freista minst å bli med var lengda på møta.
– Dei kunne vare i fleire dagar. Det er vanskeleg å sitje stille så lenge, dessutan synest eg dei berre sa det same om att og om att, minnest Labba.
Ho var også ein del i Svenska kyrkan. I byrjinga var det bollane og safta på barneopplegget som freista mest.
Og då ei pinsekyrkje etter kvart også etablerte seg i bygda var det burgerrestauranten dei starta i det same lokalet som hadde størst dragkraft.
Også hadde ho og venene veldig lyst å bade i «døypefonten» deira som var berekna på vaksne.
– Den såg ut som eit basseng, seier Labba og småflirer.
Har aldri tvilt
Men trua har alltid liggje i ho og vore ein naturleg del av livet.
– Eg har aldri tvilt på om Gud finst. Eg har ikkje behov for å tvile. Det er kanskje naivt, men for meg har det berre vore slik.
Ho tek ein av sine mange kunstpausar. Held fram:
– Men eg har kanskje ikkje alltid vore så open om trua mi, kanskje fordi eg har kunne så lite om det, og eg har ikkje trudd at eg har kunne svart for meg eller forsvart meg viss eg hamna i ein posisjon der det var nødvendig.
Men då ho flytta til Stockholm for ein jobb vekte syskenbarnet som var teologistudent eit ynskje etter meir kunnskap.
[ Slik ødelegger turgåere naturen ]
Det var vanskeleg å finne ein plass og bu, og ho flytta inn hjå han i nokre månadar.
– Me sat på kveldane og diskuterte tru og teologi.
Han var veldig engasjert i ei kyrkje med mykje fokus på å hjelpe utsette grupper som prostituerte og asylsøkjarar. Dei viste ein stor hjartevarme.
Ho blei med på gudstenester, og til slutt blei spørsmåla retta mot nesten-presten så mange at han foreslo at ho kunne byrje på eit Alpha-kurs, ei innføring i kristen tru.
Der møtte ho «ei salig blanding av folk», og kurset gjorde ho berre meir svolten på kunnskap.
I seinare tid har ho engasjert seg både i kyrkjedemokratiet og lokalt i kyrkjelyden heime i Noreg.
Majoritetsreligionen
– Har du hatt kvalar eller tankar knytt til å vera ein del av ei kyrkje som opp gjennom historien har tatt del i fornorskinga av samar?
– Ja, det har eg, og eg har til tider vore splitta. Eg kjenner ei stor sorg over kva samar har blitt utsett for gjennom tidene av staten og kyrkja sin politikk, og eg har ei veldig stor forståing for at mange samar framleis er sinna på kyrkja på grunn av dette.
– Samstundes er eg glad for at me har kristendom i Noreg i dag. Og eg vil helst tenke at ein kom med trua fordi ein var overtydd om at det var til det beste for alle menneske å høyre om.
Eg er samisk. Og eg har eit svensk pass, og eg har søkt om eit norsk pass.
— Maria Kristina Labba
Labba ynskjer sjølv å lære meir om historia, og trur det er eit viktig steg også for kyrkja.
Ho er spent på kva sannings- og forsoningskommisjonen som Stortinget har sett ned for å granske uretten gjort mot samar, kvener og norskfinnar kjem fram til.
– Når ein veit meir om kva som er gjort og korleis det har påverka folk, så kan ein ta neste steg.
[ Kommunalt utvalg fastholder: Konservative kristne kan ikke få kulturstøtte ]
Ein lengt etter det samiske
I dag meiner Labba ho ser ein stor vilje i Den norske kyrkja til å forstå og støtte den samiske dimensjonen i kyrkjelivet.
Ho er oppteken av at det ikkje berre er i tradisjonelle samiske område ein treng tilrettelegging for samisk i kyrkjelivet.
Ho kan levande sjå for seg nokon som har flytta frå heim og familie for å studere eller jobbe, og som kjenner på ein inderleg lengt etter å høyre morsmålet sitt i kyrkja.
– Ein føler kanskje ikkje ein kan koma med sine krav og ynskje når majoriteten er norsk. Eg trur ein kan vera redd for å vera til bry, eller for at det vil forstyrre eller øydeleggje for andre.
Samstundes trur ho det finst prestar som synest det er vanskeleg å ta tak i det samiske og er redde for å gjera feil. Då endar ein fort opp med å ikkje gjera nokon ting.
– Ein kan til dømes ta inn samiske tekstar eller salmar i gudstenesta. Men eg kan forstå uroa for at ein ikkje kan det godt nok, eller at ein er redd for å gjera feil. Men samstundes tenkjer eg at «man ska inte vara så redd».
For sjølv om ho meistrar både svensk og norsk godt, er det noko med morsmålet som aldri kan erstattast av andre språk.
– Kjenner du deg både samisk, svensk og norsk?
– Eg er samisk. Og eg har eit svensk pass, og eg har søkt om eit norsk pass.
Å gje trua vidare
Heime i Tromsdalen er sønene saman med faren sin. Dei har rukke å bli 9 og 14 år. Kvar kveld ber foreldra med dei.
– Eg er ikkje så flink til å be sjølv, men eg prøvar i alle fall, seier generalsekretæren.
Ho leitar etter eit bibelvers som seier noko om krafta i bøn, men kjem på at ho har gløymt bibelen sin heime.
I fellesskap finn me fram til Jakobs brev, kapittel 5:
«Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i forsamlinga, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn. Og bøna som er boren fram i tru, skal berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp».
Labba likar tanken på at ho kan lære sønene å be, og at ho kan gje vidare eit håp og ei tru som har vore meiningsfull og som har hjelpt henne. Både i kvardagar og kriser.
[ Norges største byutviklingsområde har ikke plass til Gud: – Vil koste kommunen dyrt ]